Andersen held fast ved at Viggo Kristiansen var på åstaden

1 week ago 14


Jan Helge Andersen forklarar til retten at han gjekk til Baneheia for å løpe seg ein tur 19.mai 2000.

Andersen gjentek ofte til retten at han ikkje husker så mykje frå dagen og ikkje kan gjengi mykje i detalj.

Han hevdar at han møtte Viggo Kristiansen der og dei gjekk seg ein tur i området, forklarar han vidare.

Kristiansen blei frikjent for drapet på Lena Sløgedal Paulsen i 2022. Retten slo då fast at DNA-beviset ikkje støtta teorien om at det var to gjerningsmenn.

Andersen blei i fjor dømt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen. Han anka saka, som no blir behandla i lagmannsretten.

Andersen er allereie dømt for drapet på Stine Sofie Sørstrønen.

Andersen hevdar at han og Viggo Kristensen møtte på dei to jentene i Baneheia den dagen.

Read Entire Article