Anne-Kat meiner ho blei forsøkt sensurert: KI-generert bilete av Trump blei for sensitivt

8 hours ago 6


– Det er synd, og eg synest det er rart, seier komikar og foredragshaldar Anne-Kat Hærland.

I slutten av oktober blei ho leigd inn for å halde eit foredrag på Dell Technologies Forum 2025. Kunstig intelligens var blant temaa på arrangementet i år.

Men delar av foredraget til Hærland fall først ikkje i god jord hos selskapet. Dette gjaldt blant anna eit KI-generert bilete av president Donald Trump.

KI-generert bilde av Donald Trump som sitter i en seng med tvangstrøye på.

Biletet er henta frå Reddit, men er eitt av bileta som Hærland bruker i presentasjonen hennar.

Hærland har dei siste åra tatt eit djupdykk i KI-universet og reist landet rundt med framsyninga «Don’t Panic», som også handlar om KI. I tillegg til å vere komikar er ho tilsett i NORA.

– Aldri skjedd før

Om morgonen den dagen Hærland skulle halde foredrag, fekk ho ein e-post frå Dell om at fire av bileta i presentasjonen hennar blei for politiske for det amerikansk-eigde selskapet.

Bileta det gjaldt var KI-genererte og viste blant anna maktpersonar som Donald Trump, Elon Musk, Vladimir Putin og Jonas Gahr Støre iførte speedo. Hærland fortel at bileta blir vist for å få litt latter i byrjinga av foredraget.

– Det er nokon heilt openberre deepfake-bilete av nokon statsleiarar. Det ville dei eg skulle ta vekk utan at dei hadde høyrt noko av det eg skulle seie. Ingen har reagert på dette før eller tatt det som eit angrep på USA, seier Hærland.

En person holder opp et nettbrett med et bilde på skjermen. Personen har på seg en beige cap og en jakke. Bakgrunnen ser ut til å være en bygning med vinduer. Håndleddet til personen er synlig, og det er en kabel koblet til nettbrettet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Anne-Kat Hærland har dei siste åra reist rundt med KI-showet «Don’t Panic».

Foto: Gitte Johannessen / NTB

Manusforfattar og USA-ekspert, Gjermund Stenberg Eriksen, seier at det lenge har vore slik at store selskap i USA, men også i Noreg, ikkje ønsker å provosere politisk. Men han meiner det har eskalert den siste tida.

– Det som er annleis no, er at det er personleg. Du må ikkje henge ut ein politisk leiar. Og det er nitrist for komikarar og for store kapitalistiske selskap, seier Eriksen.

  • En voksen mann sitter i en kontoromgivelse, iført en grå genser. Bakgrunnen viser skap og stoler. Belysningen er dempet, og det er utydelige figurer i bakgrunnen. Mannen ser på kameraet med en alvorlig uttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gjermund Stenberg-Eriksen

    • Manusforfatter og USA-ekspert. 

Kopling til amerikanske talkshow

Gjermund Stenberg Eriksen trekker ei kopling til då «Late Night with Stephen Colbert» blei kansellert av TV-kanalen CBS i sommar. Mange spekulerte i om Donald Trump hadde noko med dette å gjere fordi Colbert er kjent for den skarpe kritikken sin av presidenten.

Ikkje lenge etter blei «Jimmy Kimmel Live!» tatt av lufta på grunn av ein spøk Kimmel kom med i kjølvatnet av drapet på Charlie Kirk.

USA sin president Donald Trump har lenge kritisert Kimmel, og rosa ABC si avgjerd då talkshowet blei tatt av lufta.

Stenberg-Eriksen seier at mem og små videosnuttar om presidenten blir raskt plukka opp av Det kvite hus.

– Så du aner ikkje kven som kan hamne på boikottlista til Donald Trump.

Talkshow-verten Jimmy Kimmel tok opp dei tidlegare kommentarane sine om Charlie Kirk da han var tilbake på skjermen i slutten av september. Showet hans, Jimmy Kimmel Live, blei tatt av skjermen av kanalen ABC etter at kommentarane hans om Charlie Kirk vekte sterke reaksjonar, blant anna frå Trump.

– Bileta var for seksualiserte

Noregssjef i Dell Technologies, Geir Rostad-Strømme, fortel at dei reagerte på bileta fordi dei var for seksualiserte, ikkje fordi dei var for politiske.

– Det er ikkje bra med seksualisert innhald i eit foredrag framfor 700 eksterne kundar og partnarar. Det er ikkje noko vi ønsker å stå for, seier Rostad-Strømme.

– Men i e-posten skreiv de at bileta var for politiske, ikkje for seksualiserte?

– No var det ikkje eg som sende e-posten, men eg har snakka med vedkommande i etterkant og ho fekk rett og slett panikk då ho såg presentasjonen. Personen såg kvart enkelt bilete og tenkte at dette har vi ikkje bestilt.

NRK har sett bileta det er snakk om, men har ikkje fått løyve til å publisere dei fordi dei er ein del av eit show Anne-Kat Hærland held.

En mann står foran en trapp

Noregssjef i Dell Technologies, Geir Rostad-Strømme, meiner bileta til Hærland var for seksualiserte og ikkje noko innhald dei vil assosiere seg med.

Foto: Julia Muggerud / NRK

Noregssjefen i Dell fortel også at selskapet var i fleire møte med Hærland i forkant av foredraget der dei gjekk gjennom kva dei ønskte av ho. Her skal dei ha spesifisert at dei ikkje ville ha noko seksualisert innhald.

Han seier også at presentasjonen til Hærland kom tidleg om morgonen på sjølve konferansedagen, sjølv om Dell hadde spesifisert at dei ønskte han tilsend i god tid før.

Etter fleire diskusjonar fekk komikaren framføre foredraget i si originale form.

Meiner ho blei sensurert likevel

Hærland meiner likevel at ho blei sensurert. For då foredraget blei halde var det ein av videoane som ikkje blei spelt av. Dette var ein video som spelte opp til dei KI-genererte bileta som Dell eigentleg ville fjerne, fortel Hærland.

Rostad-Strømme seier at dette ikkje kjem av noko anna enn ein teknisk feil og viser til at dei ikkje fekk gjennomgå presentasjonen ordentleg sidan han blei sendt så seint. Han synest det er synd at Hærland opplevde det som eit forsøk på sensur.

– At den tekniske feilen tilfeldigvis kom på den videoen, det trur eg er veldig lite sannsynleg, seier Hærland.

No ønsker ho å leggje det heile bak seg.

– Eg kan berre gå heim derifrå, til sjefen min, som er meg sjølv, og gi meg sjølv ein klem. Det kan ikkje dei gjere. Dei er nøydd til å jobbe med ein arbeidsgjevar som, sjølv om du er norsk og på norsk jord, ikkje lar deg tøyse med amerikanske ting. Det er heilt sjokkerande, seier Hærland.

Publisert 17.12.2025, kl. 11.42

Read Entire Article