At lærere tar vidare­utdanning gir ikkje automatisk bedre skoler

22 hours ago 1


Lærarar investerer i kompetanse som aldri før. Samstundes utviklar ikkje skulen seg nødvendigvis i takt med denne innsatsen. Når leiinga ikkje set læringa i system, får vidareutdanning karakter av personleg utvikling snarare enn kollektiv skuleutvikling. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)

KRONIKK: Forskning viser at tydelig ledelse, deling og profesjonsfellesskap er avgjørende for at læreres kompetanse skal komme hele skolen til gode.

Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Vidareutdanning blir ofte framstilt som eit kinderegg i skuleutviklinga: ho gir fagleg påfyll til læraren, styrkjer undervisninga og bidreg til utvikling av heile skulen. Erfaring og forsking viser likevel at denne logikken berre delvis held i praksis.

Vidareutdanning kan gi kollektiv gevinst – men ho gjer det ikkje av seg sjølv. Utan tydeleg leiing blir ho i beste fall eit individuelt løft, i verste fall eit tap av både tid og potensial.

Lærarar lærer, men skulen endrar seg ikkje alltid

I ein studie av yrkesfaglærarar og skuleleiarar i vidaregåande opplæring kjem dette tydeleg fram. Lærarane skildrar vidareutdanninga som relevant, praksisnær og fagleg styrkjande. Dei opplever auka profesjonell tryggleik, utvikling av betre språk for å snakke om undervisning og større medvit om vurdering, rettleiing og elevane sine læringsprosessar. Alt det ein kan håpe på.

Dersom vidareutdanning skal bli ein motor for skuleutvikling, må leiinga ta eit langt meir aktivt ansvar.

Likevel er det langt frå sikkert at denne kompetansen blir ein ressurs for kollegiet. Mange lærarar fortel at ansvaret for å dele og vidareutvikle det dei har lært, i stor grad blir liggjande på dei sjølve. Utan forpliktande arenaer og tydelege forventningar frå leiinga, stoppar utviklingsarbeidet ofte opp i dei næraste fagmiljøa – eller hos den enkelte læraren.

Her ligg eit grunnleggjande problem: Vi har gjort vidareutdanning til eit individuelt prosjekt i ein kollektiv organisasjon.

Når teori og praksis heng saman

Både lærarar og leiarar er samde om éin ting: Vidareutdanning fungerer best når innhaldet er tett kopla til praksis. Kombinasjonen av forskingsbasert teori, praktisk utprøving og refleksjon gir faktisk endring i undervisninga. Dette er i tråd med det forskinga har vist i fleire tiår: Profesjonell læring må vere relevant, aktiv og praksisnær for å ha effekt.

Men relevans er ikkje nok. Overføringsverdi krev meir enn godt innhald. Ho krev hensiktsmessige arenaer for deling og leiing som tek ansvar for å knyte individuell læring til ei felles retning.

Deling skjer ikkje tilfeldig – ho må leiast

Eit gjennomgåande funn i studien er at vidareutdanning styrkjer profesjonsfellesskapet når ho stimulerer til samarbeid. Lærarar peikar på verdien av å møte kollegaer på tvers av fag og avdelingar, både lokalt og i vidareutdanninga. Leiarar ser at lærarar som deltek i vidareutdanning, ofte blir meir aktive i delingsarenaer og bidreg med større fagleg engasjement.

Likevel skjer dette oftast på trass av, ikkje på grunn av, etablerte strukturar. Deling blir overlaten til uformelle initiativ, engasjerte enkeltpersonar og tilfeldige møtepunkt. Manglar slike strukturar, blir vidareutdanning både sårbar og personavhengig. Då går skulen glipp av den kollektive gevinsten.

Gapet mellom intensjonar og praksis

Dei fleste skuleleiarar ønskjer å jobbe strategisk med kompetanseutvikling. Intensjonane er gode. Problemet er kvardagen. Drift, vikarutfordringar og organisatoriske rammer gjer det krevjande å følgje opp vidareutdanning systematisk. Resultatet er eit tydeleg gap mellom det leiarane ønskjer å få til, og det som faktisk skjer.

Dette gapet handlar ikkje om manglande engasjement, men om manglande system. Når vidareutdanning ikkje er integrert i skulen sine strukturar og prioriteringar, blir ho noko som skjer ved sida av – ikkje ein del av – utviklingsarbeidet.

Vidareutdanning krev leiing

Dersom vidareutdanning skal bli ein motor for skuleutvikling, må leiinga ta eit langt meir aktivt ansvar. Det inneber mellom anna å:

Profesjonsfellesskap utviklar seg ikkje av seg sjølve. Dei må leiast fram – med struktur, retning og kultur for deling.

  • kople vidareutdanning til skulen sine satsingsområde

  • etablere faste arenaer for deling og refleksjon

  • avklare forventningar til bruk av ny kompetanse

  • gi vidareutdanna lærarar mandat og legitimitet

  • følgje opp læringsprosessar over tid

Dette er kjerneoppgåver i pedagogisk leiing. Å leie lærarane si læring er ikkje eit tillegg til leiarrolla – det er sjølve rolla.

Frå individ til kollektiv

Vidareutdanning gir først kollektiv gevinst når leiinga gjer henne til ein felles praksis, ikkje berre eit individuelt tilbod. Profesjonsfellesskap utviklar seg ikkje av seg sjølve. Dei må leiast fram – med struktur, retning og kultur for deling.

Spørsmålet vi må stille oss, er derfor ikkje om vidareutdanning er viktig. Det er ho. Spørsmålet er om vi som leiarar er villige til å ta ansvaret som må til for at vidareutdanning faktisk blir ein investering for heile skulen – og ikkje berre for dei få som deltek.

Kronikken har stått på trykk i Skolelederen nr.2/2026 og byggjer på funn frå studien «Samarbeid for utvikling av kollektiv profesjonell læring»

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?

Read Entire Article