– Vi har eit ordskifte på Stortinget som går heilt ned i detaljar. Det kan vere sjukehusbibliotek, pauserom eller ortopedi i Lærdal. Det må jo få konsekvensar for andre ting når politikarane held på slik.
Eivind Hansen har vore direktør i Helse Bergen sidan 2015. På veg ut døra kjem han med eit hjartesukk.
Han meiner den politiske debatten står i vegen for naudsynt omstilling i sjukehusa.
Den er for kortsiktig og legg for mykje band på sjukehusa, meiner han. Han opplever at omstillingar vert møtt med protestar, utan at det kjem forslag om kvar kutta kan komme.
Hansen fryktar dei svake gruppene kan bli taparane når sjukehusa ikkje står fritt til å gjere sine eigne vurderingar.
– Det kan vere kronikergruppene. Barne- og ungdomspsykiatrien. Ruspasientar. Dei som ikkje har dei sterkaste stemmene i inn i samfunnsordskiftet.
Eivind Hansen meiner politikarane i for stor grad detaljstyrer sjukehusa. Her saman med helseminister Jan Christian Vestre (Ap).
Foto: John Inge Johansen / NRKPolitikarane svarer
Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, forstår frustrasjonen frå direktøren. Toppe er og leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.
– Eg meiner systemet for styringa av sjukehusa er for dårleg. Då må vi stortingspolitikarar gripe inn ofte. Eg forstår at det vert kritisert, seier Toppe.
Sjølv har ho vore sentral i saker Hansen trekk fram som problematiske, som diskusjonen kring nedlegginga av ortopedien i Lærdal.
Toppe er motstandar mot føretaksmodellen i sjukehus-Noreg, fordi ho meiner politikarane gjev frå seg ansvaret for sjukehusa.
Kjersti Toppe likar ikkje at sjukehusdirektøren meiner norske politikarar tenderer til å vere tendensiøse.
Foto: Alem Zebic / NRKSamstundes innrømmer ho at somme av sakene som vert tema på Stortinget kan opplevast for små til at dei skal hamne der.
– Trur ikkje pasientane er tent med
Arbeidarpartiet sin helsepolitiske talsperson, Truls Vasvik, meiner det er naturleg at politikarane engasjerer seg i kva som skjer i sjukehussektoren.
Likevel meiner han Hansen er inne på noko viktig.
– Om einskildsaker og lokale driftsavgjerder heile tida vert løfta inn i den nasjonale politiske debatten, kan det gjere det meir vanskeleg for sjukehusa å gjennomføre naudsynte endringar. Det trur eg ikkje pasientane er tent med over tid, skriv Vasvik til NRK.
Truls Vasvik er stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKFryktar svekka tillit
Eivind Hansen er klar på at sjukehusa må tole eit kritisk søkelys, og at det er mogeleg å drive dei betre.
Han varslar og at sjukehusa må gjere harde prioriteringar i åra som kjem.
Men frå politisk hald kjem det ingen føringar for kva det kan kuttast i. Samstundes vert alle kutt eller innsparingar som leiinga kjem med problematisert.
Dette meiner Hansen øydelegg for langsiktig og heilskapleg tenking. Og det kan skape eit feilaktig bilete av korleis situasjonen er på sjukehusa.
– Det er ei viss fare for at tilliten til tenestene frå befolkninga vert svekka. Utan at det er ein reel grunn til det.
– Er dette populistisk frå politikarane, opplever du?
– Ja, til tider.
Eivind Hansen har vore direktør for Helse Bergen sidan 2015.
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRKPublisert 29.05.2026, kl. 21.40



















English (US)