Det er tilsette i helsevesenet som har klaga til politiet etter dødsulykka i Hornindal tidlegare i sommar.
Ulykka skjedde då ein motorsyklist frontkolliderte med ein annan. Dødsulykka førte til at vegen var stengd i over sju timar.
Blant dei involverte i ulykka var også ein barnefamilie på fire.
Dei blei ståande og vente medan helsevesenet forsøkte å berge livet til den mest alvorleg skadde, og medan den andre motorsyklisten blei flogen med helikopter til sjukehus.
No får politiet kritikk frå helsevesenet.
«Då vi ville ta med dei råka, opplevde vi at politiet heldt tilbake alle saman i over to og ein halv time utan at vi kunne bringe dei ned til hjelp.
Prøvde fleire gonger å snakke med politiet, men dei avviste dette fordi dei skulle ha avhøyr med ein og ein», skriv ein av ambulansearbeidarane som rykte ut til ulykka.
Motorsyklisten som omkom var i følgje med 12 andre. Heller ikkje dei fekk reise frå staden.
Avviksmelding og klage på politiet
Varslaren ved ambulansetenesta har no skrive avviksmelding på hendinga og sendt klage til politiet.
Her viser han også til at den omkomne motorsyklisten ikkje blei frakta vekk før etter at kriminalteknikarane var ferdige med sine undersøkingar. Dette gjorde situasjonen endå verre.
Verst var det for dei to små barna, som ikkje fekk reise frå staden.
«Dette vart ei veldig stor unødvendig belastning for dei involverte», skriv varslaren.
NRK kjenner identiteten både til varslaren og barnefamilien. Ingen av dei ønskjer å la seg intervju av NRK.
Får støtte frå barnepsykolog
Psykologspesialist Marit Bruset har lese avviksmeldinga, og meiner borna burde blitt betre skjerma. Ho har lang erfaring med å behandle barn, og meiner at politiet si handtering førte til ei unødvendig påkjenning.
– Med utgangspunkt i korleis dette måtte vere for dei to barna på fem og ti år, tenkjer eg at dei blei unødvendig belasta. Det kan føre til at dei blir engstelege, særleg for at noko dramatisk kan skje med dei sjølve og foreldra. I tillegg kan dei få søvnproblem, vakne om natta på grunn av sterke inntrykk, kjenne seg utrygge og stadig trenge forsikringar om at verda er trygg, seier ho.
Bruset meiner det er viktig at politiet går gjennom rutinane sine, for å sikre at dei både får gjort nødvendig arbeid og samtidig skjerme barn i slike situasjonar.
Barnepsykolog Marit Bruset meiner borna burde blitt betre skjerma.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPolitiet meiner det var nødvendig
Politiet står fast på at dei to politifolka som rykte ut måtte sikre etterforskinga på staden. Visepolitimeister Ingmar Farstad skriv i eit svar at deira inntrykk var at alle dei råka blei godt varetatt på staden.
Han meiner også det er eit poeng at det ikkje var nokon tilgjengeleg frå kriseteamet til å ta imot dei involverte for debrief.
– Ein ser derimot i ettertid at spesielt den involverte familien burde fått dra til samleplass tidlegare for å unngå unødig belastning på barna, skriv han, og legg til at dette vil politiet ta lærdom av.
Han seier til NRK at det vil vere ei konkret vurdering frå gang til gang, og at det ikkje er naturleg å sende saka til Spesialeininga for politisaker.
Visepolitimeister Ingmar Farstad hos Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Lena Høyberg / NRKTilbyr hjelp til helsepersonell etter ulykker
Stavanger universitetssjukehus tilbyr oppfølging for folk som har vore først på staden ved til dømes trafikkulykker, og har følgt opp nesten 1 000 personar dei siste åra.
Prosjektleiar Anna Moe Øvstebø seier på generelt grunnlag at det ikkje nødvendig er meir belastande å vere igjen på ulykkesstaden, heller ikkje for ungar. Ho strekar under at det er svært viktig at dei involverte blir godt varetatt.
– Dersom ein blir overlaten til seg sjølv, ikkje får informasjon om kva som går føre seg eller kjenner seg mistenkeleggjort, kan det føre til større belastningar i ettertid, seier ho.
Prosjektleiar Anna Moe Øvstebø.
Foto: Svein Lunde / SUSMåtte vere kriseteam
Både kriminalteknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen rykte ut, og vegen var stengd i over sju timar.
Først etter at politiet hadde avhøyrt dei involverte på staden, fekk dei reise ned til kommunehuset på Grodås for debrief.
Varslaren meiner også Volda kommune svikta ved å ikkje ha eit operativt kriseteam tilgjengeleg der.
«Det heile enda med at vi på ambulanse og legevakt som hadde stått i innsats måtte fungere som kriseteam fordi ingen i kommunen kunne stille», skriv varslaren.
Kommunalsjef Svein Berg-Rusten i Volda seier han forstår at situasjonen var krevjande. Han kalla ut prest, og vurderte det slik at det var meir hensiktmessig å varsle kriseleiinga i heimkommunane til dei involverte.
Først etter to og ein halv time fekk dei overlevande etter ulykka kome ned til rådhuset på Grodås for debrief.
Foto: Remi Sagen / NRKUnder etterforsking
Dødsulykka er framleis under etterforsking. Motorsyklisten som kom over i feil køyrefelt har ifølgje politiet status som sikta og blir etterforska for aktlaust drap og brot på vegtrafikklova.
Publisert 12.08.2025, kl. 18.52