Det er sett i gang redningsaksjon ved Kråkenes fyr etter ein skjærgårdsjeep vart funnen drivande med kjølen opp, melder politiet.
Det blir søkt etter tre personar, opplyser Hovudredningssentralen (HRS) til VG.
NRK har førebels ikkje fått kontakt med HRS.
Redningsskøyter, redningshelikopter og politiet er iverksatt i søket.
– 15 personar frå brannvesenet er på veg opp frå Måløy i båt, seier Børre Brekkvassmo, fungerande vaktkommandør i brannvesenet.
Frivilleg mannskap er også kalla ut for å bistå i søk langs land.