I maraton-verda blir løpesko diskutert med nesten religiøs iver.
For karbonplater, demping og millimeterpresisjon kan vere forskjellen på siger og skadar.
Men 25 år gamle Benjamin Bordevik frå Hamarøy tok eit heilt anna val då han stilte til start i sitt aller første maraton.
På føtene hadde han eit par billege Lynet McQueen-crocs frå Temu.
– Vanlege crocs er jo litt mjuke og gode å gå i slik ein kjenner dei. Men Temu-crocsa var knallharde og ingen demping. Eg trur det var ein falsk replikasjon, så det var eigentleg som å springe med to mursteinar på føtene.
Det var mange som spurde kva eg hadde på føtene og blei ganske skaka då eg sa eg skulle springe heilmaraton.
– Klarte så vidt å gå
Bakgrunnen for det uortodokse skovalet er å gjere ein humoristisk vri på ei fysisk utfordring.
For å springe 42,2 kilometer er jo ein krevjande ting å gjere. Stuntet har han delt med sine 21.000 følgarar på TikTok.
– Det er så idiotisk at det blir gøy. Eg vil seie at eg trefte litt der, for tilbakemeldingane på tiktok, og under løypa og før maraton starta har vore ganske vill, seier Bordevik, som også medgir at han skulle lage innhald til Tiktok-kanalen hans.
Folk ler og spør kvifor i alle dagar han ville gjere noko slikt, og var elles støttande i løypa. Men det er først no at han klarar å gå høveleg normalt.
– Dei to første dagane klarte eg så vidt å gå. Eg såg ut som ein 80 år gamal mann med behov for rullator.
Kva synest du om å løpe maraton i crocks?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Angra du då?
– Nei, ein liten pris må ein betale tenker eg. Eg visste jo at det kom til å tære på kroppen, men kanskje litt overraska over kor mykje.
Tida på 5 timar og 15 minutt er ikkje noko å skryte av, seier Bordevik, men det var heller ikkje meininga.
– Alt i alt er eg nøgd med å kome i mål, eg var litt redd for at eg kom til å vere så treig at eg blei diskvalifisert.
Uvanleg, men ikkje overraskande
Å springe maraton i crocs er kanskje uvanleg, men ikkje overraskande, meiner Tor Fauske frå Løpeskopodden, som i ei årrekke har halde på med løpesko.
– Eg tenker det er berre nokon som har lyst til å prøve noko som gir merksemd. Og det er jo kult, absolutt, seier han.
Fauske har sett crocs i bruk under store maraton før, og meiner det er fullt mogleg å få gode tider med slike sko.
Ifølge Fauske treng ein ikkje å vere topptrent for å fullføre eit maraton i crocs – men litt tilvenning må til.
Foto: NRK– Det beste eg har sett er 2.43, som er ein habil tid. Dei nest beste løparane kjem sikkert til å teste dette ut.
Han samanliknar det med trenden om å springe med såkalla fivefingers (eller barfotsko) for 15 år sidan, og trur crocs kan bli ein liknande farsott.
Tidlegare har desse skoa vore populære å prøve på maraton.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK– Det som skapar merksemd kjem mange til å prøve.
Sjølv har han ikkje prøvd crocs, men har erfaring med uvanlege sko. På 90-talet sprang han maraton i dressko designa som løpesko – komplett med slips og skjorte.
– Eg sprakk noko veldig på Oslo maraton, men kom meg i mål. Nokon kommenterte at det kom ein i dress, seier Fauske.
Hannah Margaret Rice, professor ved Noregs idrettshøgskule, har forska på løpesko og lurer på kor i føtene han kjente det mest.
– Eg veit ikkje kva slags trening 25-åringen gjorde, men eg er ikkje overraska viss det tok nokre dagar før han kunne gå normalt igjen.
Ho vil ikkje akkurat råde folk til å springe maraton i same skotøy.
– Over hovudet ikkje. I alle fall ikkje utan ein god del tilvenning, kor ein sjølv kan kjenne om det er lurt eller ikkje i prosessen av å bygge det opp ekstremt gradvis.
Publisert 11.06.2025, kl. 18.36