Besøkte åstaden for terrornatt

1 hour ago 3


Kyiv, natt til 1. august.

Eit russisk missil treff direkte inn i sjette etasje av ei bustadblokk og detonerer.

28 menneske blir funne drepne i ruinane. Eit 29. offer dør på sjukehuset.

Angrepet er det dødelegaste mot Kyiv i år.

Vel tre veker seinare, er statsminister Jonas Gahr Støre på besøk i den ukrainske hovudstaden.

en person som går mot en bygning

Støre kikkar opp på blokka som

Foto: Heiko Junge / NTB

I mørk dress og med hendene falda kikkar han opp på det som er igjen av blokka.

– Dette er eit terrorangrep, seier han.

Gjennom dei utblåste vindauga og hola i veggane, kan ein sjå restar av brått avbrotne liv.

Ei leikekasse, ein komfyr med døra open, kosedyr.

Støre peikar på fire leilegheiter ein kan sjå rett inn i.

– Fire forskjellige tapet, fire forskjellige val. Alle desse har tenkt dei skulle få eit fint liv heime, også skjer dette, seier han.

Støre seier også at han kunne tenke seg å reise til fronten, når forholda tillèt det:

Sprang ut i gangen

Då missilet trefte høgblokka, hadde folk akkurat kome tilbake til leilegheitene sine etter å ha søkt tilflukt i bomberom og kjellarar.

Russland hadde nemleg angripe ein time tidlegare. Innbyggarane trudde difor at faren måtte vere over.

En person og en baby

Anastasia og Myron bur i naboblokka til den som blei treft.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Anastasia bur i naboblokka med sin eitt år gamle son, Myron.

– Vi rakk berre å springe ut i korridoren då dei angreip andre gongen. Vi overlevde, gudskjelov, men vi kjenner mange som blei fanga i ruinane, seier Anastasia.

Medan ho snakkar med NRK, går flyalarmen igjen.

Er du redd?

– Ja, veldig. Etter angrepet har eg byrja å skjelve kvar gong flyalarmen går. Det kan godt vere heimen min neste gong.

en person i gul skjorte

Svetlana blei lettare skadd i angrepet. Også ho bur i naboblokka.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Ved sida av henne står Svetlana og lener seg på ei krykke. Ho blei skadd av betar av gipsveggane som kom flygande under eksplosjonen.

– Gud forby at andre må gå gjennom det vi opplevde den natta, seier ho.

– Terrorangrep

Med alvorstung mine legg Støre ned ein bukett med gule blomar på eit provisorisk minnesmerke ved blokka. Bilde av dei drepne er omkransa av kosedyr og blomar.

en person som sitter ved et bord med blomster og andre mennesker rundt seg

Støre legg ned blomar på minnesmerket.

Foto: Heiko Junge / NTB

Sjefen for den ukrainske redningstenesta, Andrij Danyk, viser han rundt.

– Det er ingen militær infrastruktur i dette nabolaget. Her er skular og barnehagar, ingenting som kan vere eit militært mål, seier han.

Omtrent kvar morgon kan vi vakne opp i Noreg og lese om nye russiske angrep mot Ukraina. Statsminister Støre får oppdaterte drapstal og det han kallar «levande skildringar» frå byane og fronten.

en haug med bamser og blomster rundt bilder av drepte

Minnesmerke.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det gjer stort inntrykk å faktisk sjå det vi les om kvar dag. Det er viktig at vi ser dette, seier han.

Du kallar det eit terrorangrep. Det er eit sterkt ord?

– Ja, men finst det noko sterkare enn dette, eigentleg? svarer Støre.

Han understrekar at angrepet var ut av proporsjonar og retta mot sivile, og at fleire russiske angrep er av den arten.

– Dei har som mål å spreie frykt og svekke Ukrainas forsvarsevne. Ikkje at dei greier det.

No gjeld det først og fremst å sikre Ukrainas sjølvforsvar, å samle Europa og halde USA engasjert, seier Støre. Korleis det går med USAs forhandlingar, kan du høyre om i NRK utanriks sin nyaste podkast-episode:

Publisert 25.08.2025, kl. 19.30

Read Entire Article