– 99 prosent av grunnen til at eg valde å bli tidleg pensjonist var barnebarnet mitt.
Det seier Astrid Turøy medan ho opnar stålporten inn til barnehagen der vesle Milia (3) går.
Alle i barnehagen kjenner godt til bestemora. Ho er der nemleg fast tre dagar i veka for å hente barnebarnet sitt.
Når Milia får sjå bestemor, kjem ho springande inn i dei opne armane hennar.
– Tenk at eg får hente deg i dag igjen, seier Astrid varmt og stryk barnebarnet over håret.
Ho er ikkje åleine om å gå ned i inntekt etter at ho blei bestemor.
Bestemor Astrid Turøy hentar fast i barnehagen tre gongar i veka
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKBesteforeldre jobbar og tener mindre
Ein ny studie frå Folkehelseinstituttet har undersøkt korleis det å bli besteforelder påverkar helsa og økonomien.
FHI presenterer studien under overskrifta «Bestemor tar rekninga.»
- Funna viser at besteforeldre har færre psykiske plager enn dei som ikkje har blitt besteforeldre endå.
- Samstundes jobbar dei mindre og har lågare inntekt samanlikna med dei som ikkje har blitt besteforeldre endå.
- Effekten er størst for bestemødrer. Ti år etter at barnebarnet er fødd, tener bestemødrer i snitt 14 prosent mindre enn dei som ikkje har blitt besteforeldre. For bestefedrar er talet 9 prosent.
- Det er òg mindre sannsynleg at bestemor jobbar heiltid enn at bestefar gjer det.
– Eit svar på kvifor det er slik kan vere at bestemødrer vel å pensjonere seg tidlegare eller gå ned i stilling for å vere meir med barnebarna, seier doktorgradsstipendiat ved FHI, Maria Lyster Andersen til NRK.
Bestemor Astrid har sørga for matchande skotøy med barnebarnet. Heime hjå henne er måling av stein ein populær aktivitet.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKBestemødrer stiller opp for foreldre
Barn er ein viktig del av forklaringa på inntektsforskjellane mellom kvinner og menn.
Ein del av bakgrunnen for studien var difor å sjå på kva som skjer når dei barna igjen får barn, og korleis det påverkar kvinner og menn forskjellig, forklarer FHI-forskaren.
– Hovudbodskapen til studien er vel at vi ser at det er nokre kostnader på samfunnsnivå, spesielt for bestemødrer, som ein kanskje burde vere flinkare til å anerkjenne, seier Lyster Andersen.
Det er alltid kjekt å bli henta av bestemor etter ein dag i barnehagen.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKBarnebarna er viktigare enn pengane
Astrid Turøy jobba sjølv lenge i barnehage, og elska det. Men då ho sjølv blei bestemor byrja ho å lengte meir og meir etter sitt eige barnebarn.
Ho valde å bli AFP-pensjonist som 62-åring, og byta dermed ut full inntekt med ei lågare pensjonsutbetaling.
Milia og bestemor er på veg opp til toppen av kolla. – Å bli bestemor har vore som ein draum for meg, seier Astrid Turøy.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK– Eg får sjølvsagt mykje mindre enn då eg var i jobb, men eg var innstilt på det. Eg har gamal bil, eg har ikkje bruk for biff kvar dag og treng heller ikkje lange, flotte feriar, seier Astrid bestemt.
– Synest du den tapte inntekta er verdt det?
– Absolutt. Kva skal ein med pengar når ein har barnebarn? Pengar kan ikkje vege opp for det å vere med menneske. Det er Milia som er det viktigaste for meg, slår ho fast.
Bestemor Astrid har alltid noko godt på lur i sekken når dei er ute på tur.
Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRKAt Astrid hentar i barnehagen betyr mykje for sonen Andreas Mariano Aasheim.
– Det gjer alt mykje enklare for oss i ein kvardag med mykje logistikk og jobb. Forholdet ho får til Milia no kjem og til å bety mykje for henne framtida, seier han.
– Ikkje overraskande
Kjell Salvanes er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole. Han er ikkje overraska over at bestemødrene tener mindre etter at dei har fått barnebarn.
– Kvinner går generelt ganske tidleg ut av arbeidslivet, så det er ein del av reknestykket. Men vi ser òg at når kvinner får barn, går løna kraftig ned medan fedrane er upåverka. Eg tippar at dette mønsteret og kan slå over på besteforeldra, seier han.
Professor i samfunnsøkonomi ved NHH, Kjell G. Salvanes, er ikkje overraska over funna.
Foto: Silje Rognsvåg / NRKSalvanes peikar på at det isolert sett kan vere negativt for samfunnet at bestemødrer går ut av jobb tidleg. Han trur likevel at dei positive effektane er mykje større.
– Bestemødrer hjelper foreldra ut av tidsklemma, slik at dei kan stå i full jobb i sin mest produktive alder. I tillegg kan det å vere saman med besteforeldra vere viktig for barna si utvikling, understrekar han.
Publisert 26.06.2026, kl. 12.00












English (US)