I 04-tida natt til laurdag rykka politiet ut til eit jorde i Steinkjer kommune etter å ha mottatt melding om ein bil som stod i full fyr.
Ingen personar var i bilen da politiet kom til staden.
Brannvesenet kom til staden og sløkte brannen raskt, fortel Aleksander Tangen ved 110-sentralen.
Kort tid etter opplyste politiet at eigaren av bilen hadde ringt.
– Eigaren av bilen har ringt. Han seier bilen hans har blitt stolen i løpet av natta, opplyste operasjonsleiar Einar Larsen Røstum kl. 04.46.
På jordet rundt bilen er det også ein rekke bilspor laurdag morgon.
Foto: Lars Lilleby MacedoMistenker ruskøyring
Politiet fann kort tid seinare ein mann i slutten av tenåra som dei mistenker for å ha køyrt bilen.
– Det mistenkast også at han har køyrt bilen i påverka tilstand, opplyste Røstum.
Mannen blir framstilt for blodprøvetaking og blir meldt til politiet for forholdet.
Laurdag morgon fortel operasjonsleiar Ketil Stene til NRK at mannen blei funnen i nærleiken.
– Mannen blei funnen langs ein veg i nærleiken, fortel Stene.
Mannen politiet mistenker køyrde bilen blei funnen i nærleiken kort tid etter.
Foto: Lars Lilleby MacedoVil gjere undersøkingar
Operasjonsleiaren fortel at politiet vil gjere undersøkingar.
– Det kjem nokre etterforskarar på jobb etter kvart som vil ta tak i dette, seier Stene laurdag morgon.
– Det vil bli gjort avhøyr av vitnar og av den sikta.
I tillegg etterforskar politiet om bilen stolen eller ikkje, fortel Stene.
Publisert 03.05.2025, kl. 09.35 Oppdatert 03.05.2025, kl. 09.44