Blei åtvara av legane før spinnvilt rekordforsøk

20 hours ago 2


Kjellgren har vore gjennom 70 dagar med eit brutalt blodslit. Søndag blei han mottatt av venner og familie på Nordkapp-platået.

Målet var å bli den raskaste personen som tar seg frå sør til nord gjennom Europa til fots.

– Det var ein eksplosjon av kjensler som er vanskeleg å beskrive. Denne turen har vore som å vakne opp til den hardaste dagen i livet ditt kvar einaste dag. Det er absolutt ein enorm lette, seier Kjellgren til NRK.

Daniel Kjellgren med venner og familie etter målgang på Nordkapp.

LETTE: Daniel Kjellgren, i midten med det norske flagget i hendene, feirar målgang på Nordkapp med familie og venner.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

LANGT: Frå Tarifa i sør til Nordkapp i nord er det eit godt stykke.

Åtvara av legane

31. mars starta verdsrekordforsøket på Europas sørspiss. Allereie før turen fekk han eit par kraftige åtvaringar.

Ein skade i kneet gjorde at han fekk to kortisonsprøyter nokre dagar før start.

– Det var ein lege som sa at dette prosjektet ikkje er bra for framtida til kneet mitt. Da sa eg at «det bryr eg meg vel ikkje så mykje om». Det var litt nå eller aldri for min del, seier Kjellgren.

Han hadde førebudd seg godt på å vere borte frå familie og venner, og trassa råda frå legar om å droppe turen.

Kneet blei ikkje akkurat betre på vegen nordover. Daglege turar på godt over 80 kilometer fekk han for alvor kjenne på tampen av turen.

– Eg måtte gå dei siste par dagane. Det var ikkje mogleg å springe lenger. Smertene i det venstre kneet var heilt vanvitige. Så det var nokre tunge og utruleg lange dagar, fortel han.

Et nærbilde av Daniel Kjellgrens føtter. Den høyre ankelen har en stor kul.

HEVELSE: Kjellgrens høgre ankel fekk ein saftig hevelse.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

Aftenposten har også omtala den ekstreme løpeturen.

– Sjokktilstand

Ein sliten kropp og søvnmangel har prega ferda. Høgre ankel fekk ein hevelse på størrelse med ein golfball.

I Belgia kunne det gått enda verre. Da blei nordmannen påkøyrd.

– Det kom ein bil bakfrå i 80–90 kilometer i timen og trefte meg i armen med sidespegelen.

– Kva rakk du å tenke i den augeblinken?

– Det er nok kanskje ein sjokktilstand først. Og så tar eg på armen min og ser at det renn blod. Eg tenker «kva gjer eg nå?» og «skal eg springe vidare?», fortel Kjellgren.

Han kom frå det med nokon skraper på armen – og ei skyljebøtte frå sjåføren.

Daniel Kjellgren utenfor en ambulanse i Belgia.

AMBULANSE: Her får Daniel Kjellgren hjelp etter påkøyrselen.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

– Han kom ut av bilen og var veldig sint på meg. Eg fekk huda full heilt til vi fekk tatt av hovudvegen der politi og ambulanse kom. I ambulansen var det god stemning og dei syntest at det vi heldt på med var artig, seier Kjellgren.

Litt mindre artig synest han det var å få servert ei rekning på 60 euro:

– Eg måtte betale for utrykking av ambulansen. Det ligg ein faktura heime i postkassa mi og ventar, har eg fått beskjed om, ler han.

En sliten Daniel Kjellgren hviler ansiktet i venstrehånden.

UTMATTA: Ein sliten Daniel Kjellgren kviler ansiktet i hendene.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

Skal kun brukes i sak om Daniel Kjellgrens løp på tvers av Europa.

VÅTT: Gjennom Europa fekk nordmannen smake på diverse vêr.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

Verdsrekord eller ikkje?

«Etappe 69, verdsrekord», skriv Kjellgren sjølv på Strava-profilen sin. Dei siste 70 dagane er godt dokumenterte både på Strava, Instagram og YouTube.

Med på turen har kameraten Vemund Kråkmo dokumentert både opp- og nedturar.

– Det har blitt griselange dagar for Vemund òg. Han har gitt meg mat i tillegg til å filme, ta bilde og redigere videoar. Den guten har veldig mykje av æra for at vi har klart å få det til.

Kjellgren fortel at dei berre har hatt éin einaste kviledag sidan dei starta turen 31. mars. På løpeappen Strava er 5273 kilometer registrerte – og i snitt har han lagt bak seg 76 kilometer per etappe.

Han kom i mål 8. juni og brukte 70 dagar frå Tarifa til Nordkapp.

Er det verdsrekord?

– Eg har vel sett ein som har gjort det på 72 dagar, og så har eg sett ein annan som har gjort det på 94 dagar. Så vidt eg veit har ingen gjennomført den reisa raskare.

På nettstaden «Fastest Known Time» er Ralph Mesquita oppført med den raskaste turen til fots frå Nordkapp til Tarifa med 72 dagar og 22 timar.

– Eg må gratulere han, eg har aldri høyrt om nokon andre som har gjort det før nå! Rekordar er til for å brytast og eg er veldig glad for at nokon andre kan seie at dei har kryssa Europa til fots, seier Mesquita i ein e-post.

«Guinness rekordbok» har ingen offisiell rekord for raskaste reise frå Tarifa til Nordkapp til fots – berre rekordar for same reise med sykkel eller offentleg transport.

– Det betyr ikkje noko for meg om det er uoffisielt eller offisielt, eller om eg er raskast eller ikkje raskast. For meg handlar det om å grave djupt i eige sinn og finne ut av alt det menneskekroppen kan få til, seier Kjellgren.

Daniel Kjellgren løper langs en vei i Spania. I bakgrunnen er det grønne åstopper.

VAKKERT: Daniel Kjellgren langs ein veg i Spania.

Foto: Vemund Kråkmo / Kråkmo Foto

Publisert 13.06.2025, kl. 05.32

Read Entire Article