Blei kasta 300 meter ned fjellside: – Ingen veit korleis vi overlevde

2 months ago 45


NRK møter Popov på eit hotell i den Austerrikske byen Kirschberg, der han bur saman med det vesle teamet sitt. I motsetning til store alpinnasjonar som Sveits, Austerrikeog Noreg –, består heile støtteapparatet av fire personar.

Som einaste bulgarar i verdscupsirkuset er dei som hans næraste.

– Dei betyr alt, dei er familie. Eg er med dei heile året, ikkje berre vinter, men også sommar. Du må vere som ein familie for å stole på kvarandre og alle gir sitt beste for å nå det felles målet vårt, seier Popov til NRK.

Italy Alpine Skiing World Cup

HEILE LAGET: Desse fem, Popov i gul genser, er heile det bulgarske laget og støtteapparatet.

Foto: Alessandro Trovati / AP

Og det har vore viktig å ha gode folk rundt seg. Popov starta karrieren i verdscupen allereie som 17-åring, men kort tid etter skulle det skje noko som sette ein mellombels bråstopp for karrieren.

17. november 2015 opplevde han eit levande mareritt.

– Det var 300 meter rett ned

Året etter at han hadde gjort sin verdscupdebut, sett han i bilen på veg frå trening i Sölden-området i Austerrike, saman med trenaren og ein annan frå teamet.

Vegane i området er smale og bratte – bratt fjell oppover på den eine sida, stupbratt ned i fjellsida på den andre.

Plutseleg gjekk det gale.

Vi køyrde og så bomma vi på ein av svingane og fall ut av vegen. Det var 300 meter ned. Bilen hoppa og snurra. Bilen var ganske øydelagd. Ingen veit korleis vi overlevde, seier Popov.

Men det var ikkje tilfelle for alle i bilen.

Sölden

BRATT: Slik som vegen til høgre ser fleire vegar ut i området. Dette er berre eit illustrasjonsbilde, og ikkje der Popov hamna i ulykke.

Foto: BARBARA GINDL / AFP

Vi var tre i bilen. To av tre overlevde, fortel han.

Trenaren min Drago Grubelnik døydde. Det var det verste som skjedde.

Trenaren blei berre 39 år gammal. At han sjølv overlevde, ser ikkje Popov på som sjølvsagt.

Det var eit mirakel, fortel Popov.

Min største styrke

Noko som også kan kallast eit mirakel, er skadeomfanget. Fysisk kom Popov frå ulykka med mindre skadar. Ein brekt ankel og eit lite brot under auget.

Men skadane gjorde likevel at karrieren brått blei sett på pause.

Det kosta meg sesongen og sette meg også tilbake. Eg måtte vere heime i eit år og sjå verdscupen på TV-en. Eg måtte det for å halde meg motivert til å komme tilbake til alt eg hadde, fortel han.

Etter alt han hadde opplevd, jobba Popov seg tilbake og i comebacksesongen var han betre enn nokon gong før:

Alpine Ski World Cup Kitzbuehel - Men's Slalom

TILBAKE: Popov kom sterkt tilbake i verdscupen.

Foto: LISI NIESNER / Reuters

– Frå det tredje, fjerde rennet var eg allereie inne i topp ti. Når eg står på start, om eg leier eller har eit godt resultat før andre omgang, eg kan framleis pushe. Eg er ikkje distrahert mentalt. Eg pushar alltid grensene. På den måten skjønner eg at eg er sterk mentalt, seier 27-åringen.

Men den mentale styrken var kanskje hans største fordel.

Eg har komme tilbake sterkare. Eg har jobba med mange profesjonelle med tanke på det mentale. Det var denne augeblinken eg skjønte at eg er veldig sterk og at eg ikkje treng så mykje støtte på det mentale. Det er min største styrke.

Set pris på kvar einaste dag

Og i slalåmrennet i Madonna di Campiglio i januar fekk han det største beviset på det. Popov tok den første verdscupsigeren sin i karrieren. Augeblinken han hadde venta på.

– Eg oppnådde eit av mine største mål. Min første siger. Det var fantastisk. Eg har venta lenge. Det er eit av dei måla eg visste at eg kunne oppnå, men det krev mykje hardt arbeid. Og av og til treng du også litt flaks, seier han.

Italy Alpine Skiing World Cup

ENDELEG: 8. januar i år kunne Popov strekke armane i vêret for den første verdscupsigeren sin.

Foto: Alessandro Trovati / AP

Atle Lie McGrath leidde det nemnde rennet før andreomgangen, men mista sigeren da han hekta og køyrde ut. Men likevel har han berre gode ord å komme med om bulgararen.

– Veldig, veldig hyggeleg kar. Verdscupens kortaste utøver. Han køyrer så feitt på ski, for når han ikkje har så mykje høgde å jobbe med så må han brette på med mykje vinkel. Det var veldig fortent. Eg er veldig glad for at om eg skulle hekte der, så var det han som leidde. Det var i alle fall ei lita positiv greie på min tøffe dag, seier McGrath til NRK.

Nå jaktar Popov nye oppturar, og kan stabilisere seg i toppen. Alt han har vore igjennom, har styrkt han som utøvar.

Det har gjort meg veldig sterk. Frå den augeblinken og til nå set eg pris på kvar einaste dag. Eg er glad eg kom tilbake frå den situasjonen og at eg kan stå på ski igjen. At eg kan jakte draumane mine – og også oppnå dei. Det er ganske fantastisk, seier Popov.

Blir rundlurt av Johnsrud Sundby: - Jævla kjøtthuer! 04:23

Publisert 14.02.2025, kl. 19.37

Read Entire Article