Blei kvitt astmamedisin med trening: – Ikkje overraskande

23 hours ago 4


«To til. Det er bra!»

Hilde Hefte bit tennene saman. Ho veit det lønner seg å høyre på trenaren.

– Eg har tenkt å stå på scena til eg er 95. Det er berre å gjere som Wiggo seier.

69-åringen er jazzmusikar og ekstra sårbar om pusten ikkje held mål.

– Tidlegare var det som å ha eit lokk over lungene. Eg fekk ikkje nok luft til å synge som eg ville.

en person som gjør en planke på et treningsgulv

Hilde Hefte får god hjelp av trenar Wiggo Nordheim. Han motiverer og rettleier.

Foto: Håvard Axel Kator

Avgjerande med trening

For nokre år sidan begynte Hefte å trene regelmessig. Pusten blei lettare. Ho kjente seg tryggare på scena – og fekk også ein mental opptur.

– Eg trenar styrke og spring, men gjer også yoga, og trur det er denne kombinasjonen som gjer meg så godt.

At det hjelper er udiskutabelt, fortset ho.

– Om eg slurvar med treninga må eg fram igjen med astmasprayen.

en person som holder en bowlingkule

– Å puste utan problem er ei fantastisk fridomskjensle, seier 69-åringen.

Foto: Håvard Axel Kator

Plagene blir reduserte

Astma er ein betennelse i luftvegane, og trening er i seg sjølv inflammasjonshemmande, seier Helle Stordrange Grøttum, sjukepleiar i LHL.

Ho forklarer at det ikkje er mogleg å trene seg frisk frå astma, men at trening vil gjere dei fleste betre.

– Trening styrker pustemuskelen og aukar lungekapasiteten.

Når du får opp pulsen bruker du ein større del av lungene. Då ventilerer du betre og får auka luftpassasje, fortset ho.

– Ein kropp som blir i betre form vil også tole meir.

  • Få deira treningstips lenger nede i saka.

Bilde av sykepleier foran et tre

Helle Stordrange Grøttum, sjukepleiar i LHL, anbefaler trening til dei med astma.

Foto: LHL

– Ikkje overraska

Overlege og professor innan øyre-nase-hals-sjukdommar Sverre Steinsvåg blir ikkje overraska når han høyrer om Hefte.

– Eg er ikkje overraska, nei. Det er godt dokumentert at regelmessig trening og mosjon reduserer astmaplager og gir færre og mindre alvorlege astmaanfall.

Vaksiner mot allergi

Sverre Steinsvåg, overlege og professor i øyre-nase-hals-sjukdommar ved Sørlandet sjukehus og Universitetet i Bergen.

Foto: Eirik Damsgaard

Han understrekar at trening er bra for alle. Men astmatikarar opplever gjerne ei større betring fordi dei plagsame pusteproblema blir reduserte.

– Det handlar om at trening styrker muskulaturen i brystkassa og mellomgolvet slik at heile pustearbeidet går lettare.

– Ver varsam

Det er likevel viktig at astmatikarar tar forholdsreglar.

– Varm godt opp og ver spesielt varsam med å trene i kulde. Kulde kan forverre astmaplager.

Dersom du bruker astmaførebyggande medisinar bør du heller ikkje slutte med dei, tilrår han.

– Dei fleste opplever at treninga gjer at dei treng mindre medisinar, men forhold deg alltid til råda frå fastlegen.

En hylle med utstyr i treningsstudio

Rundt 5 prosent av den vaksne befolkninga har astma. Styrketrening reduserer ofte sjukdomssymptom.

Foto: Håvard Axel Kator

– Nå tør ho presse seg

Wiggo Nordheim er Hilde Hefte sin personleg trenar. Han har følgt henne tett i fleire år, og har sett forbetringa på nært hald.

– Tidlegare var ho redd for å presse seg på grunn av pusten. Alt blei lettare då ho klarte å overvinne frykta.

Han er tydeleg på at det fysiske og mentale heng saman.

– Mykje sit i hovudet. Hilde har blitt mykje betre etter at ho skjønte at ho klarte meir enn ho trudde. Før sprang ho aldri, nå løfter ho tunge vekter og har sprunge halvmaraton.

en mann i et treningsstudio

– Ikkje la dine eigne avgrensingar hindre deg i å trene, men oppsøk hjelp om du er usikker, seier personleg trenar i Sats, Wiggo Nordheim.

Foto: Håvard Axel Kator

Hei!

Takk for at du leste denne saken. Har du tips til andre saker jeg bør skrive om?

Publisert 10.12.2025, kl. 17.50

Read Entire Article