Blei tilbydd 200.000 kroner for brukt undertøy: – Det er ekkelt

3 hours ago 3


– Det er mange tilbod om å kjøpe ting.

Andrea Rooth drar fram mobilen mens ho sit og tøyer under ei treningsøkt. Ho skrollar nedover i innboksen på Instagram og syner fram til NRK.

Førespurnadene er mange, og mellom anna er det fleire som spør om dei kan få kjøpe det brukte treningstøyet eller undertøy.

Eg synest jo det er ekkelt. Eg synest jo det er sjukt at folk tør å spørje om noko sånt, seier Rooth til NRK.

Ho er ikkje den einaste kvinnelege friidrettsutøvaren som får slike spørsmål på sosiale medium.

– Det kjem ein del sokkespørsmål. Det er mest av det, og helst brukte. Det er ikkje noko ein gjer, fortel Lovise Skarbøvik Andresen.

– Eg hugsar eg fekk mange slike meldingar før. Da kunne det vera ein til to førespurnader i veka. Det er jo om sokkar og truser, seier sprintar Vilde Aasmo.

Store summar

Andrea Rooth avslører at ho har vorte tilboden svært høge summar.

Nei, det er alt frå 5000 kroner, kanskje, til 200.000, seier Rooth.

Har du blitt tilbydd 200.000 kroner?

Ja, det har eg. Da er det alt frå sokkar, undertøy, konkurransetøy, som er brukt.

Rooth opplever at mange av dei som tar kontakt har falske kontoar, og i alle fall ikkje bruker sitt rette namn, men ikkje alle.

– Det er menn i alle aldrar, trur ho.

Hekkeløparen understrekar at ho får flest hyggelege førespurnader på sosiale medium, og presiserer fleire gonger at ho bruker lite tid og krefter på dei som vil kjøpe brukt tøy.

Altså, for min del så er det heilt uaktuelt uansett, så derfor lèt eg det passere ganske godt. Eg håpar berre ikkje at unge jenter i ein sårbar situasjon får same spørsmål, for det er jo ofte snakk om ganske høge pengesummar som dei tilbyr her, held ho fram.

At ein får dei pengesummane, det tviler eg sterkt på. Eg trur alt berre er tull og tøys uansett. Men dersom dei meldingane kjem til feil personar, så er det jo skummelt, legg Rooth til.

Faren sjokkert

I likskap med Rooth, så kjem førespurnadene til 21 år gamle Andresen gjerne frå profilar med skjulte namn, men ho seier det også er eldre menn som tar kontakt.

Andresen går heller ikkje i dialog med dei.

Lovise Skarbøvik Andresen under EM i Roma 2024.

DYRE SOKKAR: Lovise Skarbøvik Andresen blei tilboden tusenvis av kroner for sine brukte treningssokkar.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er tilbod på 500 og oppover per par. Det er nokon som har tilbydd 15.000 for brukte sokkar, men det blir framleis nei frå meg, fortel Andresen.

– At nokon luktar på sokkane mine mens dei koser seg aleine, det vil eg helst ikkje, legg ho til.

Skjermdump med tilbud om kjøp av sokker

TILBOD: Dette er blant tilboda Andresen har fått i innboksen. 

Foto: Skjerdump: Privat

Vilde Aasmo har over 66.000 følgjarar på Instagram. Da blir innboksen fylt fort opp, både frå fans og frå dei som ønskjer å kjøpa brukte sokkar og truser frå sprintaren.

– Eg har vorte tilboden rundt sånn 40.000 kroner på det meste for ei brukt truse.

– Det blir så tullete, så eg kan ikkje ta det seriøst. Det er jo mykje pengar, men eg har aldri vurdert det, seier Aasmo.

Vilde Aasmo fikk denne meldingen på sosiale medier.

VIL HA SOKKAR: Denne førespurnaden fekk Vilde Aasmo på TikTok.

Foto: Skjermbilde fra TikTok / NRK

Mens Andrea Rooth fortel om dei spesielle førespurnadene ho får tilsendt på dei sosiale media sine, sit far og trenar, Vegard Rooth like ved og høyrer på. Det var ukjent for han.

Tullar du no? Det er jo galskap! bryt han ut.

Heldigvis veit eg at Andrea har ei god oppdraging og ho klarer nok å takle det der, men eg synest det er trist å høyre at det er sånn, seier Vegard Rooth.

utøver og trener på en bane

BLEI OVERRASKA: Far og trenar Vegard Rooth saman med dottera under ei treningsøkt på Lambertseter.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

– Kan ikkje bruke energi på

Rooth fortel at det ikkje berre er truser som folk vil kjøpe, og nemner også T-skjorter, treningstøy, bukser, sokkar og badetøy. Andre spør om sivilstand og vil bli kjent med ho. Nokre få gonger har ho sagt frå at førespurnadene er upassande.

Heldigvis så lever eg under veldig trygge rammer, på ein måte, så eg trur nok at det er litt andre folk det kanskje kan gå litt meir inn på. Det er ikkje det at eg synest det er noko meir greitt at folk sender sånn uansett, men det er ikkje noko eg bruker energi på, fastslår Rooth.

kvinne i friidrettsantrekk

TIKKAR INN: Andrea Rooth lèt seg ikkje prege av upassande førespurnader på sosiale medium.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Idrettspresident Zaineb Al-Samarai blir svært overraska når ho får høyre om tilboda fleire idrettsprofilar fortel om, sjølv om ho er klar over at kjente personar har liknande utfordringar.

Foreløpig har ikkje temaet vore oppe i Noregs idrettsforbund.

– Nå er eg gjort merksam på dette, så det kan hende vi må finne ein måte å adressere dette på. Fleire særforbund ser på dette, og i OL så hadde ein eit eige KI-program gjennom IOC som silte ut ein del, for det kjem veldig mykje rart. Det er viktig for oss, for utøvarane skal fokusere på idretten sin, fokusere på å prestere, og dette er støy, seier Al-Samarai.

Råda frå eksperten

Kvinner er ekstra utsette for uønskt merksemd på sosiale medium. Det bekreftar Astrid Valen-Utvik, som er strategisk rådgivar og sosiale medium-ekspert i kommunikasjonsbyrået Valen-Utvik AS.

Førespurnader om kjøp av brukt undertøy på sosiale medium er ikkje nytt for ho.

Det opplever eg at har eksistert så lenge sosiale medium har engasjert. Og eg vil i grunn rekne med at dette faktisk eksisterte for kjendisar før den tid òg, sjølv om førespurnadene da nok kom per brev, seier ho til NRK.

bilde av ekspert

EKSPERT PÅ SO-ME: Astrid Valen-Utvik.

Foto: Astrid Waller / Valen-Utvik

Sosiale medium har nok gjort terskelen enda lågare for folk, og mange kjente profilar og andre med mange følgarar blir nok opplevd å vere nærare følgarane sine no, enn dei var tidlegare, fordi det ligg i sosiale medium naturen sin. Det igjen kan gjere at denne typen førespurnader ikkje blir opplevd så ekstremt som det i grunn er, forklarer Valen-Utvik.

Om ein ikkje ønsker denne typen førespurnader, har ho eit tydeleg råd: Å både rapportere og blokkere kontoane førespurnadene kjem frå.

Publisert 14.05.2025, kl. 21.16

Read Entire Article