Blir samanlikna med legende: Arvid (18) tar Formel 1 med storm

2 hours ago 5


Lindblad har i ei årrekke vore blant dei mest talentfulle førarane i verda og smadra rekordar på vegen til toppen. I fjor fekk han spesialløyve for å få køyre Formel 1 sjølv om han da var under 18 år.

Han er den yngste vinnaren i historia av Formel 2, og har imponert Formel 1-sjefar i ei årrekke.

Som unggut hadde han bilde av dei nåverande rivalane sine på veggen.

– Tenk at eg skal vere på det nå, seier Lindblad.

Men han har ingen respekt for idola – som nå har blitt dei argaste rivalane.

– Eg veit at eg er ein ung gut, og at eg er nykommaren. Men når eg er i bilen er eg ein konkurrent som alle andre. Då kjem eg til å ta alle moglegheiter eg får.

arvid lindblad i aksjon i australia

RASK: Formel 1-bilane køyrer rundt 350–370 kilometer i timen.

Foto: WILLIAM WEST / AFP,NTB

Arvid Lindblad

FRYKTAR INGEN: Arvid Lindblad.

Foto: MARTIN KEEP / AFP,NTB

Begynte som 3-åring

Arvid Lindblad blei tidleg henta til Red Bull. Allereie som 13-åring blei han ein del av det omfattande systemet.

Han starta motorsportkarrieren som 3-åring, ifølge Autosport. Sidan har han har gått gradene frå Formel 4, Formel 3 og Formel 2 – akkurat som norske Dennis Hauger.

– Han er eit av dei største talenta vi har hatt i laget, sa Red Bulls Chris Horner til Talk Motorsport allereie i 2024.

– Oppfølginga er ein utruleg stor del av kvifor eg har blitt den eg er i dag, seier Lindblad.

Men å satse på bilkøyring har konsekvensane sine. Som 12-åring fekk han plutseleg køyreforbod av mor si. Ho meinte at han måtte satse på skolen.

– Eg har nok gjort mykje annleis på grunn av familien. Men det har faktisk hjelpt køyringa mi, seier Lindblad.

Bilde av Racing Bull-sjåfør Arvid Lindblad med hjelpen under armen.

SJÅFØR: Eit bilde av Lindblad i racingdress med hjelmen under armen.

Foto: Hollie Adams / REUTERS,NTB

Draumestart

Før denne sesongen blei han flytta opp til Formel 1. Denne sesongen køyrer han for Racing Bulls, rekruttlaget til Red Bull. Der er Max Verstappen den store einaren.

8. plass i debuten i helga gjer at fleire kjemper sperrar opp auga.

Lagsjef Alan Permane samanfatta debuten slik.

– Nesten ei perfekt helg.

– Superimponerande, skreiv BBC i oppsummeringa si.

– Eit fantastisk løp. Han køyrde aggressivt gjennom heile helga, melde Juan Pablo Montoya, som sjølv har starta 94 løp – der sju enda med siger.

Juan Pablo Montoya

LEGENDE: Juan Pablo Montoya er stor stjerne i miljøet.

Foto: Michael Conroy / AP,NTB

Den nye Max Verstappen?

Da Max Verstappen tok steget opp i Formel 1 i 2016 skapte det store overskrifter:

Han blei stempla som den største idrettsstjerna i Nederland, og blei trekt fram som ein framtidig verdsmeister.

Sidan har han blitt verdsmeister fire gonger.

max verstappen

STOR FISK: Max Verstappen er kanskje den største fisken i Formel 1-dammen.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / X01444,NTB

Opp dit er det framleis langt for Arvid Lindblad; han har framleis berre køyrt eitt løp. Men nokon går så langt i å sjå likskapar.

Tidlegare Formel 1-førar Johnny Herbert skapte store overskrifter da han samanlikna Lindblad med Verstappen for eit snautt år sidan. I eit intervju med eit spelselskap melde han at Lindblad ein gong kan overta trona etter Verstappen.

Han er langt frå like merittert, men sist helg blei han ein av svært få tenåringar som nå har tatt poeng i Formel 1.

– Han er roleg, han er kald. Det ser ikkje ut til at noko forstyrrar han, seier lagsjef Alan Permane.

Fordel?

– Det er kanskje drygt å samanlikne med Verstappen foreløpig, men Lindblads første Formel 1-helg var verkeleg imponerande, seier Viasat-ekspert Thomas Schie til NRK.

– Han er framleis berre 18 år og utviklar seg kraftig frå år til år. Kanskje har han også ein fordel av at det er heilt nye bilar. Han har ingen gamle vanar som må bort. Ingeniørane kan berre fortelje han korleis bilen er.

Thomas Schie meiner at det har komme mange gode nykommarar i Formel 1 det siste året:

– Gabriel Bortoleto, Isack Hadjar, Kimi Antonelli - og nå Arvid Lindblad. Dei har verkeleg vist seg fram. Det tyder også på at Formel 2-meisterskapen held eit høgt nivå.

Nye underbukser?

Lindblad skryter sjølv at han snakkar litt svensk. Han er vakse opp med å sjå på Sauen Shaun, men trivst best når han får snakke engelsk.

Besteforeldra er frå India, og nyleg skapte han ordentleg liv og røre i New Delhi, då han saman med laget inviterte til motorsport-event i den indiske hovudstaden.

Då fekk han også køyrt Formel 1-bil i gatene i Dehli.

Det kjennest nok lenge sidan han sette seg på ein sykkel for første gong som treåring, men Arvid Lindblad fortel at mykje framleis er det same.

– Eg har hatt dei same rutinane sidan eg var tre–fire år. Eg gjer det same før eg set meg inn i ein bil nå som før.

Men ein stad går grensa for briten med det svenske namnet.

– Rutinar er viktige. Men eg er ikkje overtruisk, eg har ikkje dei same sokkane eller den same underbuksa kvar dag.

Dermed stiller han nok til Kinas Grand Prix til helga med nytt undertøy – klar til å jakte nye bragder bak rattet.

Et lagbilde av hele Formel1-førerne i 2026

LAGBILDE: Her er alle førarane i Formel 1 samla på eitt lagbilde. Lindblad er på midtarste rad heilt til venstre.

Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP,NTB

Publisert 13.03.2026, kl. 07.19 Oppdatert 13.03.2026, kl. 07.56

Read Entire Article