Bo (21) har fått «Jesus»-stempel: – Sveriges største x-faktor

2 hours ago 4


– Herregud. Førre veke sa eg at han er ein artist. Kva skal eg seie nå? Han er Jesus for oss, seier lagkamerat Hampus Finndell til Fotbollskanalen.

– Han har vist i dei siste kampane at han kan gjere alt, kjem det frå målvakt Jacob Rinne.

– Vi har Sveriges største x-faktor i Bo Hegland. Han er heilt utruleg, tilføyer Daniel Stensson.

Det manglar ikkje på superlativa for å beskrive sesongstarten til den norske midtbanespelaren.

Han er i ferd med å bli ei superstjerne i Sverige etter draumestarten på året i Djurgården.

– Det går veldig bra. Eg trivst veldig godt, særleg no som ting klaffar litt, seier Hegland til NRK.

Bo Hegland

TOMMEL OPP: Bo Hegland smiler både på og utanfor banen.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Ellevill start etter marerittstart

Hegland var eit heitt namn etter å ha herja for Moss i 1. divisjon, og i fjor haust var det Djurgården som vann dragkampen om signaturen til 21-åringen.

Men nokon direkte hit blei han ikkje.

Ein utanlandskvote gjorde at Hegland knapt spelte etter overgangen.

– Det var lenge å vente. Det var ikkje det eg såg for meg då eg skulle til ein ny klubb. At det var litt tøft er det ingen tvil om, erkjenner han.

Hegland var ønskt av fleire norske toppklubbar før turen gjekk vidare i Sverige. Etter den tøffe starten var han usikker på om valet var rett.

– Når ein er utanfor tropp, så er det lett å tenke at ein skulle gjort noko anna. No er eg ekstremt glad for at eg var tolmodig og drog til Djurgården, men der og då var det lett å tenke at det var dumt, fortel 21-åringen.

Bo Hegland

LOGISTIKKTRØBBEL: Etter at Djurgården ikkje mista så mange utanlandske spelarar som venta, blei vegen til både banen og tropp lang for Hegland i begynninga.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

No er både situasjonen og humøret snudd på hovudet – og det er heller ikkje så rart.

I år står det norske talentet med ti målpoeng på dei første åtte Allsvenskan-kampane.

Ingen har fleire i den svenske toppdivisjonen.

– Det er tøft snitt å halde gåande, men eg må gjere det eg kan for å fortsette å produsere, seier Hegland.

Dei oppsiktsvekkande gode tala har blitt lagde merke til.

– Responsen eg har fått frå supporterar og folk eg kjenner har vore heilt enorm, fortel han.

Bo Hegland

NY KVARDAG: Etter ein trå start har Hegland for alvor funne seg til rette i Sverige.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Fansen med Solbakken-bønn

For no har Hegland blitt ein spelar som dei aller fleste i Sverige har høyrt om.

Merksemda auka kraftig etter tre målpoeng i Stockholm-derbyet mot AIK tidlegare i mai. Det var Djurgårdens første siger over rivalen på tre år.

– Interessa og supporterkulturen kjennest som tigangaren av dei fleste stadene i Noreg, så det er mykje greier, fortel Hegland.

Djurgården-fansen feirer seieren over AIK.

ENORM BETYDNING: Det er ikkje kvardagskost at Djurgården går sigrande ut mot byrival AIK.

Foto: Jonathan Näckstrand / Bildbyrån

Prestasjonane har også sørgt for eit auka medietrykk på den norske midtbanespelaren. Han har blant anna vore på SVT for å snakke om suksessen.

– Det er litt nytt for meg. Det har utvilsamt vore veldig mykje dei siste dagane.

Og der hypeen truleg er aller størst, er hos eigne supporterar.

Djurgården-supporterane har komme med ei klar oppfordring til landslagssjef Ståle Solbakken:

Dei meiner Hegland fortener ein plass i den norske troppen som snart reiser til USA.

Ifølge SVT har han blitt overflødd av meldingar der det står «du skal til VM».

– For min del ser eg berre på det som noko morosamt. Det er absolutt ikkje noko eg tenker på. Dei begynte å seie det berre etter eit par kampar i sesongen, så for min del tar eg det mest som humor. Men den støtta eg får set eg veldig pris på, seier Hegland med eit smil.

Trenere og spillere på en fotballbane. En trener holder et papir og en fotball, mens flere spillere står rundt ham. Bak dem ser man tomme tribuner. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SETT TIL SVERIGE FØR: Ståle Solbakken har tidlegare påskjønt norske spelarar som har gjort det bra i Sverige. Blant dei er Erik Botheim, som blei tatt ut i 2024 etter prestasjonane for Malmö.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Kan ikkje legge inn ein betre søknad

Ein av dei som har følgt Hegland tettast dei siste åra, er TV 2s fotballkommentator Amund Lollik Lutnæs.

Han såg at 21-åringen hadde noko ekstra allereie da han spelte i Moss.

– Han er ein klassespelar. Han er ein du har lyst til å dra på stadion for å sjå. Desse X-faktor-spelarane som kan dra av ein mann og slå ein lekker pasning, seier Lutnæs til NRK.

Lutnæs har også sett fleire av involveringane til Hegland i Sverige, og han kjenner igjen spelaren frå tida i Noreg.

Han meiner Djurgården-fansen har sin fulle rett til å ønske han som ein del av Noregs VM-tropp.

– Eg vil tru han garantert er på blokka til Ståle og gjengen. Han kan ikkje legge inn ein betre søknad enn det han har no, seier Lutnæs.

En gruppe menn på et jorde

EKSPERT PÅ 1. DIVISJON: Amund Lollik Lutnæs (i midten) har følgt 1. divisjon over mange år. Her avbilda med TV 2-kollegaene Mushaga Bakenga og Jan Henrik Børslid.

Foto: Trond R. Teigen / NTB

– Bekreftar at kjærleik gjer deg blind

Det er likevel svært usannsynleg at Hegland vil vere blant dei 26 namna som Solbakken Solbakken tar ut til høgdepunktet i sommar.

NRKs ekspert heller kaldt vatn i åra på alle som håpar at Allsvenskan-profilen vil få ein plass i troppen.

– Eg skjønner at Djurgården-fansen er forelska i Bo Hegland etter prestasjonane hans denne sesongen, han har vore heilt enorm, men dette bekreftar vel at kjærleik gjer blind, seier Kristoffer Løkberg.

– Han er per dags dato ikkje i nærleiken av å komme med i ein norsk landslagstropp, dessverre, fortset fotballeksperten.

Mann i brun jakke og hvit kragegenser ser mot kamera. Bak ham er et bilde av en fotballspiller og en grønn bakgrunn med en logo. Han har kort, lyst hår og blå øyne. Bildet er tatt på nært hold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SÅR TVIL OM VM-SJANSAR: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg er sikker på at det ikkje er plass til Bo Hegland i den norske troppen.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Hegland er heller ikkje blant dei jokerane som har blitt hyppigast nemnt.

Det lever 21-åringen heilt greitt med.

– Eg drøymer om å spele for landslaget, men eg veit ikkje om eg er klar for det no. Det er absolutt ikkje noko eg tenker på eller som eg ser på som aktuelt no. Eg prøver berre å fokusere på kvardagen og gjere det så bra eg kan for laget mitt.

– Eg får først prøve å spele meg inn på U21-landslaget før eg tenker på A-laget, legg han til og ler.

Først og fremst går tankane til klubblaget, som har opna sesongen brukbart.

Dersom Hegland fortset å levere på same nivå, er det ikkje utenkeleg at større klubbar frå større ligaer vil legge merke til nordmannen.

– Eg ønsker å spele i dei store ligaene på sikt, men no fokuserer eg berre på Djurgården. Eg trivst ekstremt godt i laget og byen. Eg kjenner eg har starta sesongen bra, men eg er ikkje heilt der at eg tenker på det. Det er eit nivå som passar meg bra, fortel Hegland.

NRKs VM-låt: «Sammen for Norge»

Publisert 20.05.2026, kl. 16.29

Read Entire Article