Fiskerstrand møter NRK i Toulouse, der landslagsåret 2025 nettopp starta med 0-1-tap mot Frankrike i Nasjonsligaen fredag kveld.
Men årets store høgdepunkt for dei norske kvinnene kjem til sommaren, når fotball-EM går av stabelen i Sveits.
Fiskerstrand og fleire i den norske leiren misliker at Uefa behandlar EM for kvinner og menn på ulike måtar når det gjeld korleis turneringane blir omtalt.
På Uefas nettsider står det «Kvinne-EM 2025» for kvinnene og «EM 2028» for herrane.
Fifa opererer på si side med «VM 2026» og «VM for kvinner 2027».
– Gir ikkje meining
Det er her Noreg-målvakt Fiskerstrand fortel om eit minne som har brent seg fast frå hennar første møte med ei stor internasjonal turnering.
– Det var mitt første VM, i 2015. Eg var ikkje gamle jenta, fortel ho.
Då ho endeleg kom fram til Canada den gongen, måtte ho stusse.
– Då såg eg det stod «WWC», og eg skjønte ikkje kvifor det var to W-ar. Eg har jo alltid sett «WC», som står for World cup. Då hugsar eg at eg tenkte, «kvifor skal det vere «World cup» og «Womens World cup»? Det gir ikkje meining», fortel Fiskerstrand til NRK.
WWC: Fifa bruker sjølv omgrepet i kanalane sine.
Foto: Faksimile / FIFA– Er dette ei viktig sak, eller er det ei fillesak?
– Eg sat og tenkte på det i stad, og vi har framleis viktigare kampar å ta akkurat no. Eg skjønner at det for nokon kan vere ei fillesak, men som kvinneleg fotballspelar står du i ganske mange såkalla fillesaker heile tida, og til slutt så blir det mykje. Det må vere ein så enkel ting å berre endre det, seier ho.
– Før tenkte ein automatisk på herrar
Landslagssjef Gemma Grainger meiner tida er moden for at dei internasjonale fotballforbunda tar grep.
Den britiske trenaren merkar at mange no tenker annleis når det gjeld fotball.
– Ofte når eg snakkar med folk, må eg skilje mellom fotball med herrar og fotball med kvinner. For ei tid tilbake, om eg snakka med deg om fotball, ville du automatisk tenkt at eg snakka om herrane, seier Grainger til NRK.
BER OM ENDRING: Gemma Grainger synest det er på høg tid at ein endrar namnet på kvinnemeisterskapane. Her med Maren Mjelde, Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånDen norske leiren er ikkje aleine om å ønske ei endring.
Nyleg gjekk Manchester City-stjerna Vivianne Miedema ut og sette søkelys på måten turneringane for kvinner blir omtalt på.
– Kvinnefotball er berre fotball. Og snart vil kvinne-EM berre vere EM. Som ein hovudregel, ikkje eit unntak, sa ho til organisasjonen Common Goal, som ho er ambassadør for.
Bør behandlast likt
Gemma Grainger støttar den nederlandske landslagsspelaren.
– Ein har pleidd å seie at «eg var på kamp i helga». No trur eg ein må seie «eg var på kvinnekamp» eller «eg var på ein herrekamp». Eg vil gjerne at vi kjem til eit punkt der dette blir likt behandla, seier ho.
Grainger meiner derfor det bør heite kvinne-EM og herre-EM.
– Ja, eg synest det hadde vore bra at ein tydeleg kan identifisere kva ein snakkar om, seier ho.
JAKTA PÅ EM-SUKSESS: Cecilie Fiskerstrand, her med Ada Hegerberg, har starta oppladinga til det som blir det store høgdepunktet i sommar. Her på trening i Frankrike.
Foto: Vegard Grøtt / BildbyrånAda Hegerberg sa allereie i 2016, i eit intervju med Nettavisen, at ho ikkje liker ordet «kvinnefotball».
Lyon-stjerna støttar sin eigen sjef i at Uefa og Fifa bør gjere noko i måten dei omtaler sine eigne meisterskapar på.
– Eg synest Gemma har eit poeng. Men de veit mine tankar om dette her. Eg er ganske kritisk til om det framleis blir gjort nok, spesielt for den neste generasjonen som kjem opp av spelarar. Miedema er ein utruleg god spelar som også har ei viktig stemme. Eg kjem alltid til å støtte dei som snakkar opp framtida til damene, seier ho til NRK.
– Ein veldig fin ting
Cecilie Fiskerstrand meiner situasjonen er i ferd med å friskne til. Ho er glad for at ho opplever at verda går framover.
– Når eg pratar med sambuaren min om fotball, og vi kjem inn på Liverpool, Fiorentina eller Brann, så er det sånn: «Ja, dame eller herre?» Og det synest eg er ein veldig fin ting, seier ho.
NRK har tilbode Uefa og Fifa å kommentere denne saka, men har i skrivande stund ikkje fått svar.
Kjærestens drøye t-skjorte vekker oppsikt 00:50
Publisert 25.02.2025, kl. 11.26