Det kjem fram i dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.
Her har to bønder stått tiltalte for å ikkje gitt dyra sine nok mat og stell over ein periode på nær eit halvt år.
Den yngste tiltalte hadde hovudansvaret på garden og har tilstått alt.
Hen blir dømt til 360 timar samfunnsstraff og fengsel utan vilkår i 30 dagar.
Vedkommande blei også dømd for å ikkje handtert dei daude dyra på ein smittemessig forsvarleg måte.
Den andre bonden blir dømt til 300 timar samfunnsstraff. Vedkommande nekta skuld for forholda i sauefjøset, men har elles vedgått straffskuld.
Forsvarar Ivar Blikra seier til NRK at retten har avsagt ein god og grundig dom.
Han seier klientane hans vedtek dommen.
Aktor: Dommen er for mild
Straffa er langt mildare enn det aktor Inger Helen Stenevik la ned påstand om.
Ho ville at dei to skulle sone 20 månader i fengsel, der høvesvis seks og fire av månadane var på vilkår.
– Eg meiner det er for milde straffer ut frå praksis til Høgsterett. Eg vil skrive ei innstilling til Statsadvokaten, som har ankekompetanse, seier Stenevik.
Inger Helen Stenevik er aktor i saka. Ho bad om fengsel i 20 månader for dei to tiltalte, men retten landa på ein langt mildare dom.
Foto: John Inge Johansen / NRKHo legg til at allmennpreventive omsyn er svært viktig.
Dei to bøndene blir også dømde til aktivitetsforbod, som betyr at dei ikkje får ha dyr i ein periode.
Dei to bøndene får mildare straffer fordi dei har vedgått straffskuld.
I tillegg har den yngste tiltalte ansvar for eit barn, noko retten også la vekt på.
Den eldste bonden må betale 20.000 kroner til staten fordi vedkommande «sparte» pengar ved å ikkje kjøpe inn nok dyrefòr.
Prøvde å tenne på sauekadaver
Saka blei rulla opp våren 2024 då Mattilsynet fekk tre bekymringsmeldingar.
Ein mann på ferie i heimbygda, fekk høyre at det aktuelle sauefjøset nesten var tomt. Han blei uroleg tok seg ei runde rundt garden. På ein dumpingplass like ved fann han fleire sauekadaver.
– Då forstod eg alvoret, sa han då han vitna i retten.
Totalt fann Mattilsynet 35 sauekadaver då dei rykte ut.
Dei fleste låg på dumpingplassen like ved garden. Fleire av dei var forsøkt brent opp og var delvis forkola.
Den tiltalte forklarte i retten at hen fekk panikk fordi hen skjønte at Mattilsynet ville kome.
Mattilsynet kom først over denne daude sauen. Då gjekk alarmen: Kor var alle dei andre sauene i fjøset?
Foto: PolitietInne i ein bås stod det seks sauer att, men dei var i så dårleg hald at dei måtte avlivast kort tid etter.
Totalt døydde 42 sauer døydde av underernæring eller måtte avlivast grunna dette. Det gjer saka til eit grovt brot på dyrevelferdslova.
I tillegg var det 30 storfe på garden.
Fleire av desse var magre og skitne, medan andre var i godt hald.
Retten slår fast at dyra over tre månader fekk for lite næring, men at dei kunne ha greidd seg fint vidare om dei hadde fått riktig og godt stell.
Skamma seg og ville skjule det som skjedde
Den hovudtiltalte fortalde då saka var oppe i retten, at hen såg at dyra ikkje hadde det bra.
Dei blei tynnare og tynnare, og etter kvart døydde dei på bås.
Sauefjøset var nesten tomt då Mattilsynet rykte ut og fann 35 sauekadaver ved garden. Seks sauer blei avliva fordi dei var i så dårleg hald. Eit siste dyr hadde dei tiltalte lånt, og dette blei levert tilbake til eigaren.
Foto: Politiet/Mattilsynet / NRKMen tiltalte ringde ikkje etter dyrlege eller bad andre om hjelp.
– Eg skamma meg og hadde behov for å skjule det, forklarte tiltalte.
I retten vitna mellom anna avløysaren på garden. Han fortalde at han var uroleg over at dyra fekk for lite og for dårleg fôr.
– Kunne blitt oppdaga før
Aktor Inger Helen Stenevik meiner saka burde vore avdekka tidlegare.
Det gjer også forsvararen til bøndene, Ivar Blikra.
– Dette er ei dyretragedie, men også ei personleg tragedie, sa Blikra i retten.
Ivar Blikra forsvarte dei to bøndene. Han sa i retten at det ikkje var vond vilje bak hendinga, og at sorga og skamma er ei straff i seg sjølv for dei tiltalte.
Foto: astrid solheim korsvoll / nrkHan argumenterte for at den eldste av dei tiltalte ikkje visste om kva som skjedde i sauefjøset, og burde bli frikjent for dette.
Aktor var ikkje samd, og meinte at vedkommande burde skjønt at noko var alvorleg gale.
Retten var samd i at vedkommande burde forstått at noko var gale i sauefjøset, og meiner bonden handla grovt aktlaust.
Dei slo også fast at den yngste handla med forsett og var klar over at dyra på garden ikkje fekk nok mat.
Publisert 21.02.2025, kl. 12.18