Børsane i USA skyt rett til himmels etter at Donald Trump annonserte at dei fleste tollsatsane han har innført blir sett på pause i 90 dagar.
Klokka 19:30 er bildet slik:
S&P 500 opp 5,5 prosent
Dow Jones opp 5,54 prosent
Nasdaq opp 7.87 prosent
Det har vore raude tal og nedgangstider på børsar over heile verda etter at Trump annonserte sin store tollpakke i førre veke. Nyheita om at pakken er sett på pause kom frå Trump sjølv på Truth Social.