Brann i hus i Ålesund – har ikkje kontroll

1 week ago 7


Det har begynt å brenne i eit hus på Flisnes i Ålesund. Politiet har bede baboar halde seg inne og lukke vindauge og luftventilar.

– Brannvesenet har jobba med å få kontroll, men har førebels ikkje fått det. Vi har sett flammar ut av taket då vi kom til staden, men det har roa seg, seier innsatsleiar Lars Lundemo.

BRann i Ålesund

Brannvesenet driv med sløkking.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei har vurdert fortløpande om naboar må evakuerast, men ser ikkje at det er nødvendig så langt.

Det skal vere opne flammar som slår gjennom takkonstruksjonen.

Dei to bebuarane er ute av huset. Dei blir tatt med for sjekk på sjukehus etter å ha fått i seg noko røyk.

Brann i Ålesund

Det brenn i eit hus i Ålesund. Brannvesenet har ikkje kontroll.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er mykje røyk på staden. Brannen har ikkje spreidd seg til underetasjen, seier operasjonsleiar i politiet, Line Kjernli Karlsen.

Politiet skriv at brannen skal ha starta i eit boblebad.

Brannen er i området Flisnes/Emblemsvågen.

Publisert 24.03.2026, kl. 18.59 Oppdatert 24.03.2026, kl. 19.49

Read Entire Article