Natt til søndag har eit ukrainsk droneangrep ført til brann i eit oljedepot i den russiske byen Sotsji i Krasnodar-regionen, melder russiske myndigheiter.
Ein drivstofftank med kapasitet på 2.000 kubikkmeter står i brann, melder Reuters.
Krasnodar-regionen er heimstad for Ilsky-raffineriet og er eit hyppig mål for ukrainske droneåtak.
Ifølge det russiske forsvarsdepartementet skal dei ha øydelagt 93 ukrainske dronar i løpet av natta.
Fleire angrep gjennom helga
Ukraina gjennomførte droneangrep også natt til laurdag.
Oljeraffineriet i Rjazan og eit oljelager i Voronezj-regionen skal ifølge ukrainske myndigheiter ha blitt angrepet.
Lokale russiske myndigheiter bekreftar at det har vore droneangrep i Samara-regionen, 800 kilometer aust for Ukraina.
Tre personar blei drepne i angrepa og to er skadd, melder russiske regionale myndigheiter ifølge AFP.
Det har vore fleire droneangrep i Russland og Ukraina gjennom helga. Her arbeider ein ukrainsk brannmann etter eit russisk angrep mot Druzjkivka.
Foto: Oleg Petrasiuk / AP / NTBEin brannmann gjennomfører sløkkingsarbeid etter russiske angrep mot Druzjkivka i Ukraina.
Foto: Oleg Petrasiuk / AP / NTBSlik såg det ut i Druzjkivka i Ukraina etter russiske droneangrep natt til laurdag.
Foto: Oleg Petrasiuk / AP / NTB
Russland gjennomførte også droneangrep natt til laurdag mot Ukraina.
Minst elleve personar er såra etter angrep mot byen Kharkiv aust i Ukraina, ifølge lokale myndigheiter.
Også byen Druzjkivka i Donetsk-regionen i blei angrepet natt til laurdag, melder Reuters. Fem personar skal vere skadd.
Fredag blei tre menneske drepne i Kharkiv-regionen etter eit russisk angrep, ifølge myndigheitene.
Publisert 03.08.2025, kl. 07.30 Oppdatert 03.08.2025, kl. 08.52