Britisk mann funnen omkomen etter redningsaksjon

2 hours ago 3


Like etter klokka 13 laurdag opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik at den britiske mannen i 70-åra er funnen omkomen. Det vart tidlegare same morgon sett i gang ein leiteaksjon i fjellområda ved Bergen.

– Mannen blei funnet i terrenget omtrent mellom Skomakerdiket og Fjellhytten, seier Steinar Hausvik i politiet.

Han opplyser at dei førebels ikkje kan seie noko om årsaka til dødsfallet.

Politiet opplyser at dei pårørande er varsla.

Den britiske mannen har vore sakna sidan torsdag. Mannen, som er turist og budde på eit hotell i Bergen sentrum, vart meldt sakna fredag kveld klokka 23.13 då hotellet ikkje fekk kontakt med han.

Han vart sist sett då han forlét hotellet torsdag føremiddag, litt etter klokka 10.00.

Read Entire Article