Brutal lærepenge: – Gav meg ikkje før det sa pang

20 hours ago 4


– Det har vore utfordringa hans dei første to–tre åra eg var landslagssjef; at han ikkje hadde orden på kroppen, seier Ståle Solbakken på pressekonferansen dagen før Noreg møter Nederland.

Frå oktober 2020 til mars 2022 var Berge ute av landslagsstroppen på grunn av ulike skadeproblem. Det gjekk nesten halvtanna år før Ståle Solbakken fekk brukt Berge i ein landslagstropp for første gong.

Eit par år seinare er situasjonen ein heilt annan.

Sander Berge spelar nesten alltid 90 minutt for Noreg – og denne sesongen er det berre 19 utespelarar som har spelt fleire minutt i Premier League enn Fulhams midtbanegeneral.

Følg og høyr Noregs privatlandskamp mot Nederland fredag frå kl. 20.00

En fotballspiller i rød drakt forsøker å takle en spiller i hvit drakt. Spilleren i rød drakt faller. En fotball svever i luften mellom dem. Tilskuere sitter på tribunen i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STJERNEDUELL: Som fast inventar på midtbanen til Fulham blir det fleire tøffe duellar gjennom sesongen for Sander Berge. Her mot Manchester United og Bruno Fernandes i februar.

Foto: Phil Noble / REUTERS,NTB

– Det kjem mykje med erfarenheit, korleis eg må behandle kroppen min. Å sørge for at du alltid «restartar» og at du aldri bygger opp slitasje over tid som fører til fleire problem.

– Det er noko eg har blitt meir klar over. Eg er meir føre var enn før, då ein berre spelte og ikkje gav seg før det sa pang, forklarar Berge.

Fredag leiar han Noreg som kaptein i treningskampen mot Nederland i fråværet av Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.

Fotballspiller med bandasjert hånd klapper. Spilleren er iført en burgunder og lyseblå drakt med sponsorens logo. Bakgrunnen viser utydelige publikummere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Jason Cairnduff / REUTERS,NTB

Hjelp av Haaland-fysio

I tillegg til betre kjennskap til eigen kropp trekkjer Berge også fram behandling frå både Fulham og landslaget som ein viktig del av at han held seg skadefri.

Berge trekkjer blant anna fram fysioterapeut Mario Pafundi som lenge har vore knytt til Manchester City og i 2022 også blei ein del av det norske landslaget.

– Eg har vore heldig og fått jobba mykje med Mario, som er Erling sin fysio i City, då eg var i Burnley. Og så har han komme inn på landslaget her, det er jo éin ting, seier Berge og legg til at han også har blitt flinkare til å finne ut av korleis han skal restituere seg best mogleg.

En mann i blå hettegenser snakker med to menn i blå jakker. Mennene er på en fotballbane. Bak dem står en tribunedekke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GODT SAMARBEID: Sander Berge, med ryggen til, seier han er «heldig» som får jobbe med fysioterapeut Mario Pafundi.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Fotballspelar med «basket-kropp»

25-åringen står oppført med ei høgde på 195cm på fotballnettsida Transfermarkt. Landslagssjef Solbakken meiner Berge si høgde spelar ei stor rolle i kvifor han må vere ekstra varsam:

– Når du har «basket-kropp» og skal flytte deg på midtbanen i Premier League, og veg så mykje som det han gjer og har så stor kropp, så er det veldig viktig at du har maskineriet i gang heile tida, forklarar Solbakken, før han legg til at Berge også nyt godt av å ha eit relativt roleg kampprogram i Fulham:

– Han spelar sjeldan meir enn ein kamp i veka, og om han i tillegg då får hjelp av profesjonelle folk rundt om, som Mario for eksempel, så er det veldig bra, samanfattar Solbakken.

To fotballspillere står tett sammen, den ene med armen rundt den andre. Begge er kledd i sine respektive lagdrakter. Spilleren til venstre er en keeper med blå trøye og gule hansker. Spilleren til høyre har på seg en hvit drakt med svarte detaljer. Bakgrunnen er utydelig, men antyder at de er på en fotballbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

«BASKET-KROPP»: Med sine 195cm er Sander Berge høgare enn dei fleste, også Fulham-målvakt Bernd Leno.

Foto: PAUL ELLIS / AFP,NTB

Det er godt over eitt år sidan Berge måtte stå over ein kamp på grunn av skade.

– Eg har vel alltid vore ganske profesjonell, vil eg seie, og opptatt av å ta vare på meg sjølv. Men ein lærer jo ting her og der, seier Berge og legg til:

– Eg er kommen inn i eit team som tar vare på meg treningsmessig, kampmessig og det medisinske apparatet. Med totaliteten så trur eg det blir veldig bra, konkluderer han.

Trur klubbval har hjelpt

I 2023 drog Berge frå Sheffield United til Burnley. Der gjekk han to sesongar utan å vere skadde, før han har halde den same trenden etter overgangen til Fulham i 2024.

Pre Season Friendly - Derby County v Sheffield United

OFTARE SKADDE: Sander Berge hadde fleire lengre skadeavbrekk under tida i Sheffield United.

Foto: Reuters

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg trur også kvardagen på klubblaget har mykje å seie:

– Det verkar tydeleg at Pafundi har hatt ei god rolle i kulissane for Sander personleg, men eg vil tru at det også har spelte ei stor rolle for han å komme til klubbar som både tenker annleis rundt fysisk trening og jobbar annleis på feltet, meiner Løkberg:

– Der har nok overgangen frå Sheffield United, vidare til Burnley under leiing av Vincent Kompany og deretter Fulham under Marco Silva vore heilt avgjerande både for å få orden på fysikken og bli ein meir komplett spelar.

Publisert 26.03.2026, kl. 17.36 Oppdatert 26.03.2026, kl. 17.37

Read Entire Article