Cupfinalen 2023 enda på verste vis for moldespelar Emil Varhaugvik Breivik. Midtvegs i kampen fekk han eit ublidt møte med Glimt-keeper Julian Faye Lund. Det enda med brot i leggen, og midtbanespelaren måtte fraktast av grasmatta på båre.
– Det er ikkje noko kjekt, men det går fint no, og eg tenkjer heldigvis ikkje på det så mykje lenger, seier han.
Emil Varhaugvik Breivik måtte berast av banen med brot i leggen under siste cupfinale.
Foto: Terje Pedersen / NTBMen sjølv om han seier at skaden ikkje prega han mentalt, blei han fysisk utslått, og har det siste året måtte trene seg opp igjen.
– Eg skal no ikkje akkurat skulde på skaden heller, for eg har jo fått spelt mykje, men eg har ikkje greidd å kome opp på nivået eg har hatt lyst på, seier han.
Molde-spilleren Emil Breivik måtte bæres ut på båre etter stygg skade i cupfinalen.
Møter Fredrikstad på Ullevaal
Men laurdag er han klar på nytt på Ullevaal.
Då går MFK på bana for å møte Fredrikstad, som tidlegare i haust søkkte KFUM Oslo på straffer.
Fredrikstad-profil Morten Bjørlo fortalde nyleg til NRK at han drøymer om gull.
Morten Bjørlo var godt fornøgd med å slå KFUM Oslo tidlegare i haust.
Foto: Thomas Andersen / NTBMen den draumen har også Emil Varhaugvik Breivik. Han er ein av dei blåkledde som går på bana laurdag for å vinne.
– Det er like kjekt kvar gong, og like stort. Det å gå ut på Ullevaal med ein blå vegg, det gir oss mykje å sjå at heile byen har kome ned til Oslo for å erobre Ullevaal. Det er ein barndomsdraum, seier han.
Fredag gjekk eit heilt passasjertog frå Åndalsnes og sørover, lasta med MFK-tilhengarar.
Emil Varhaugvik Breivik gler seg til cupfinalen laurdag.
Foto: Frederik Winnes Ringnes / NRKFørebels er det knytt stor spenning til om Molde-kaptein Magnus Wolff Eikrem er klar. Han har ikkje vore på banen sidan slutten av oktober.
Romsdalingane må vinne cupen for å få ein sjanse i Europa neste sesong. I serien enda dei på ein skuffande 5.-plass.
Folkefest og fyrverkeri
Det er venta tusenvis av fotballtilhengarar til tribunane på Ullevaal laurdag.
Norges Fotballforbund fekk til slutt ja på søknaden om å få bruke pyroeffektar, og har bedt om å få bruke 40 handhaldne bluss på kvar av kortsidene på Ullevaal stadion.
Fotballforbundet fekk til slutt ja til å bruke bluss under kampen laurdag.
Foto: Christoffer Andersen / NTBSunnmøringen Sigurd Smehus Kringstad frå idrettslaget Valder skal dømme cupfinalen.
Emil Varhaugvik Breivik trur det vil gå i MFK sin favør.
– Eg har alltid ei god kjensle før slike viktige kampar med dette laget her, så eg har ei god magekjensle på at det skal gå vegen i år også, seier han.
Her løftar Molde kongepokalen som cupvinnarar i 2023.
Publisert 06.12.2024, kl. 18.06