Europeiske leiarar i Kyiv for å få i stand våpenkvile

4 hours ago 3


Dei tre kom reiste med tog frå Polen til den ukrainske hovudstaden Kyiv laurdag morgon.

Saman med den polske statsministeren Donald Tusk møter dei Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. TV-bilete viser dei europeiske leiarane gå rundt i gatene i Kyiv.

Besøket er ein del av arbeidet for å få i stand ei våpenkvile i Ukraina-krigen.

– Saman med USA oppfordrar vi Russland til å gå inn ei fullstendig våpenkvile utan vilkår i 30 dagar for å skape rom for samtalar om ein rettferdig og varig fred, seier dei europeiske leiarane i ei felles fråsegn.

USAs president Donald Trump la tidlegare i år fram eit forslag til våpenkvile som Ukraina med enkelte atterhald har gått med på. Russland har ikkje akseptert forslaget.

Vil auke støtta

I fråsegna seier dei europeiske regjeringssjefane at dei er klare til å drøfte ei gjennomføring av ei våpenkvile, og til å starte samtalane om ein varig fredsavtale.

– Russland må stoppe sin ulovlege invasjon, og Ukraina må få blomstre som ein trygg, sikker og suveren nasjon innanfor sine internasjonalt godkjende grenser, skriv dei.

Dei skriv også at dei er klare til å auke støtta til Ukraina fram til at Russland går med på ei varig våpenkvile.

Publisert 10.05.2025, kl. 09.00 Oppdatert 10.05.2025, kl. 09.04

Read Entire Article