– Russland er ein reel trussel mot heile Europas sikkerheit, og med det fridomen vår. Så den aller viktigaste bodskapen frå i kveld, er behovet for opprusting.
Det var orda til Danmarks statsminister Mette Frederiksen etter krisemøtet mellom ei rekke europeiske statsleiarar i Paris måndag.
Her representerte ho både dei nordiske og dei baltiske landa.
Statsleiarane i Paris hadde samla seg for å diskutera situasjonen i Ukraina og sikkerheita i Europa, etter det blei klart at Europa ikkje fekk ta del i fredsforhandlingane om krigen i Ukraina.
Etter møtet på måndag, sa Frederiksen også den danske regjeringa kom til å oppretta eit milliardfond for å rusta opp forsvaret.
På eit pressemøte i dag er det venta at Fredriksen vil bekrefta summen på dette fondet.