– Me står overfor den farlegaste situasjonen på mange, mange år. Derfor, på grunn av trugselen frå Russland for å forsvara Danmark og unngå krig, så går me i gang med ei yttelegare opprusting.
Det sa den danske statsministeren Mette Frederiksen på pressemøtet i København i dag.
– Me setter av 50 milliardar kroner dei neste to åra med eit bodskap til forsvarssjefen: Kjøp, kjøp, kjøp. Kjøp det som her og nå kan bidra til eit sterkare forsvar.
Summen tilsvarar 78 milliardar norske kroner.
Frederiksen var tydeleg på at det nå hastar med å rusta opp.
– Det er berre ein ting som teller nå, og det er hastigheit, for i verkelegheita henger me bak.
Krisemøte i Paris
– Russland er ein reel trussel mot heile Europas sikkerheit, og med det fridomen vår. Så den aller viktigaste bodskapen frå i kveld, er behovet for opprusting.
Det var orda til Danmarks statsminister Mette Frederiksen etter krisemøtet mellom ei rekke europeiske statsleiarar i Paris måndag.
Her representerte ho både dei nordiske og dei baltiske landa.
Statsleiarane i Paris hadde samla seg for å diskutera situasjonen i Ukraina og sikkerheita i Europa, etter det blei klart at Europa ikkje fekk ta del i fredsforhandlingane om krigen i Ukraina.
Tysdag møttest USA og Russland, utan Ukraina, i Saudi-Arabia for å diskutera ein mogleg fred i Ukraina.
Etter møtet på måndag, sa Frederiksen også den danske regjeringa kom til å oppretta eit milliardfond for å rusta opp forsvaret.
Den danske kringkastaren Danmarks Radio (DR) fekk opplyst frå fleire ikkje-namngitte kjelder at fondet ville vera på 50 milliardar danske kroner. Det svarar til 78 milliardar norske kroner.
På eit pressemøte i dag klokka 16 er det venta at Fredriksen vil bekrefta summen på dette fondet.
Publisert 19.02.2025, kl. 15.47 Oppdatert 19.02.2025, kl. 16.20