Den mistenkte er framleis på frifot etter skytinga i USA

8 hours ago 3


To amerikanske politikarar og ektefellane deira blei skotne i Minnesota natt til laurdag.

Melissa Hortman og mannen hennar døydde, medan delstatssenator John Hoffman og kona hans er på sjukehus.

Ein mann i slutten av 50-åra er mistenkt.

Guvernøren Minnesota og Kamala Harris' visepresidentkandidat ved presidentvalet i 2024, Tim Walz, omtalar det som eit mogleg politisk motivert vald.

Sundag er den mistenkte framleis på frifot.

Kven er den mistenkte?

Den mistenkte er Vance Boelter, ein mann i slutten av 50-åra.

Han var ifølgje FBI kledd i noko som likna ein politiuniform og bar ei maske som dekte heile hovudet hans.

Han er framleis på frifot, og politiet har sett inn store ressursar i søket etter han.

FBI har utlyst ein dusør på 50.000 dollar for informasjon som kan føre til pågriping.

En gruppe mennesker i militære uniformer

Politiet har sett inn store ressursar i søket etter den mistenkte.

Foto: Anthony Souffle / AP / NTB

Boelter skal vere direktør i eit selskap som jobbar med tryggleik og sikkerheitspatruljar.

Ifølgje profilen hans på LinkedIn har han ein doktorgrad i utdanningsleiing.

Han har ikkje noko kriminelt rulleblad, bortsett frå nokre trafikkbøter, melder fleire amerikanske medium.

Boelter har omtalt si kristne tru i fleire talar og fortalt at han blei nyfrelst som tenåring, ifølgje CNN.

Ifølgje ein venn som har snakka med NBC, blir han skildra som sosial, konservativ og som ein som har støtta president Donald Trump.

Han har vore registrert som republikanar sidan tidleg på 2000-talet.

Vennen seier han aldri har høyrt Boelter snakke negativt om politikarane som blei skotne, og at han er sjokkert over det som har skjedd.

En politibil på gaten

Store ressursar frå både FBI og lokale politistyrkar, inkludert SWAT, er sette inn i jakta på Vance Boelter.

Foto: Tim Evans / Reuters / NTB

Kva skjedde?

Boelter skal ha utgitt seg for å vere politimann då han skaut.

Han skal ha fyrst dratt til delstatssenator John Hoffman og konas heim i Champlin, like utanfor Minneapolis, og skaut dei.

Hendinga skjedde i Minneapolis, Minnesota.

Deretter skal han ha dratt til huset til Melissa Hortman og ektemannen hennar.

Etterpå opna han eld mot politiet ved heimen til Hortman. Han forsvann frå staden, og har framleis ikkje blitt funnen.

Drapa skjedde rundt klokka 2 lokal tid natt til laurdag.

Politiet har funne eit manifest og ei liste med 70 namn i bilen til den mistenkte, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Lista skal ha innehalde namn på fleire demokratar, mellom anna guvernøren for Minnesota Tim Waltz, Ilhan Omar, som er representant for Minnesota, og senator Tina Smith.

Det var også namn på kjende abortforkjemparar, melder ABC News som siterer amerikansk politi.

Boelter skal ha forlét eit køyretøy som såg ut som ein politibil, viser overvakingsopptak frå staden.

Det er ikkje kjent korleis Boelter stiller seg til skuldingane om at han står bak skytinga.

en rød dør med en hvit stjerne på

Biletet viser skotthòl i inngangsdøra hjå delstatssenator John Hoffmans heim i Champlin, Minnesota. Han og kona Yvette blei skotne i det politiet meiner er eit målretta angrep.

Foto: Tim Evans / Reuters / NTB

Kven er ofra?

Melissa Hortman, representant for Demokratane i delstatsforsamlinga, og ektemannen hennar, Mark døydde av skadane.

55-år gamle Hortman lèt etter seg to barn.

Ho hadde vore folkevald i Minnesotas delstatsforsamling i 20 år.

Hortman var ifølgje amerikanske medium, ein tydeleg abortforkjempar og leia i 2023 arbeidet med ei lov som lovfesta retten til abort og styrkte vernet for klinikkar og helsepersonell.

John Hoffman og Melissa Hortman

Dei to politikarane Melissa Hortman og John Hoffman, i tillegg til ektefellane deira blei skotne laurdag.

Foto: NTB / MInnesota Senate

Delstatssenator John Hoffman og kona hans, Yvette blei òg skotne og er framleis på sjukehus. Tilstanden deira er ikkje kjent.

Har noko liknande hendt før?

Donald Trump uttalte laurdag at han hadde blitt orientert om den «forferdelege skytinga i Minnesota», som ser ut som eit målretta angrep på folkevalde.

– Slik grufull vald vil ikkje bli tolerert i USA. Gud velsigne det flotte folket i Minnesota, skreiv han.

Bildet av Donald Trump som reiser en knyttet neve etter å ha blitt skutt har blitt ikonisk.

Dåverande republikansk presidentkandidat Donald Trump blir omringa av agentar frå U.S. Secret Service under eit valmøte 13. juli 2024.

Foto: Evan Vucci / AP/NTB

Fleire høgtståande politikarar i USA har dei siste åra blitt utsette for vald:

  • Josh Shapiro (2025): Ein mann braut seg inn i bustaden til den demokratiske guvernøren i Pennsylvania og tente på huset. Ingen blei skada.

  • Donald Trump (2024): Blei utsett for eit attentatforsøk i Pennsylvania under presidentvalkampen. Han blei skoten i øyret.

  • Gretchen Whitmer (2020): Planar om å bortføre den demokratiske guvernøren i Michigan blei avslørte av FBI.

  • Steve Scalise (2017): Republikansk kongressmann frå Louisiana, blei kritisk skadd under ein skyteepisode på ein baseballtrening for Kongressen.

  • Gabby Giffords (2011): Den demokratiske kongresskvinne frå Arizona, blei skoten i hovudet under eit veljarmøte.

Kor vanleg er politisk vald i USA?

– Eit liberalt demokrati handlar ikkje om å fjerne all usemje eller konflikt, men om at det blir handtert utan vald. Det er heilt sentralt i måten vi har organisert samfunnet på, seier Eirik Løkke, rådgivar i Civita og USA-kjennar.

Ifølgje rådgivaren har politisk vald alltid vore ein del av amerikansk kultur, men han meiner utviklinga har blitt forverra under Trump-perioden, med meir polarisering og hardare retorikk.

Løkke peikar på at Trump sjølv har vore mål for to attentatforsøk i 2024, og at guvernør Josh Shapiro i Pennsylvania blei forsøkt brent inne same år.

– Det viser kor alvorleg dette har blitt, og at også høgtståande politikarar er utsette, seier han.

Men rådgivaren meiner det er eit tydeleg paradoks at Trump til dømes talar varmt om å verne politifolk i delstatar som California, samstundes som han benåda deltakarane frå Kongress-storminga.

– Når ein president benådar demonstrantar som har gått til angrep på politiet 6. januar, er det ein form for legitimering av politisk vald. Det senkar terskelen for at andre kan gjere det same.

6. januar 2021 storma over 1500 tilhengjarar av Donald Trump Kongressen i eit forsøk på å hindre at valresultatet, som gav Joe Biden siger, blei godkjent.

en mann med skjegg

Eirik Løkke, rådgivar i Civita og USA-kjennar.

Foto: Hanna Johre

Publisert 15.06.2025, kl. 17.30 Oppdatert 15.06.2025, kl. 17.34

Read Entire Article