«Noregspris» på 40 øre per kilowattime kan koste staten 11,4 milliardar neste år. Det viser ein ein analyse frå Thema consultning, som Zero, Naturvernforbundet, Norsk varmepumpeforening, NHO Elektro og Elektroforeningen har betalt for.
Analysen reknar med at det vil bli mindre overskot av straum i Noreg framover, slik at straumprisen blir høgare og ordninga blir langt dyrare på sikt. Etter 2029 kan ordninga koste opp mot 28,4 milliardar kroner i året.
Dei trur også folk vil bruke meir straum, slik at forholdet mellom tilbod og etterspørsel blir strammarar det neste tiåret.
– Blir kjempedyrt for staten å dekke inn
NRK har snakka med fleire analysebyrå som seier at regjeringa sitt reknestykke ber preg av hastverksarbeid.
– Ein klassisk «serviett-utrekning». Laga i hui og hast, seier eit av dei.
– Anslaget til regjeringa er svært lågt. I periodar med høgt forbruk og høge straumprisar, blir det kjempedyrt for staten å dekke inn forskjellen, seier Odin Foldvik Eikeland i Rystad Energy.
Regjeringa vil kome tilbake med nytt anslag
Energiminister Terje Aasland seier til NRK at det er «stor usikkerheit» knytt til framtidige straumprisar, og at ekstrakostnaden til fritidsbustader kjem på toppen av det talet dei har vore ute med (3,8 milliardar kroner).
Han legg til at dei kjem tilbake med eit nytt anslag i mai, i samband med revidert nasjonalbudsjett.
Sjå heile svaret under.
Time-for-time-berekning
– For å berekne ein meir reell kostnad av noregspris er det nødvendig å gjere ei time-for-time-berekning, seier Randi Kalskin Ramstad i Asplan Viak.
Time-kalkulatoren (prøv han her) viser at den nye fastprisordninga blir dyrare enn dei 3,8 milliardane som regjeringa legg til grunn.
Mykje dyrare.
Om noregspris var ein realitet allereie for fire år sidan, viser den timebaserte modellen at utgiftene til staten ville sett slik ut:
- 2024: 6 milliardar kroner
- 2023: 19 milliardar kroner
- 2022: 50,1 milliardar kroner
- 2021: 14,5 milliardar kroner
Forklaringa er den gule linja på grafen under. Sjølv om staten tar inn mellomlegget når marknadsprisen er lågare enn fastprisen, er det på langt nær nok til å kompensere for dei dyraste timane i desember og januar – når både straumprisen og forbruket går opp.
Sjølv om fastprisen er god butikk for staten i dei varmaste månadene (når den svarte linja ligg øvst og staten tar mellomlegget), er ikkje «sommarinntektene» nok til å dekke inn utgiftene når kulda set inn.
Grafikk: Asplan viakRedaktør i energiavisa EnergiWatch, Anders Lie Brenna meiner «unntaksåret 2022» ikkje er meir ekstraordinært enn at det kan gjenta seg.
– Regjeringa ser på 2022 som eit unntakstilfelle, men det er farleg å legge til grunn at det ikkje kan skje noko liknande igjen, seier han.
– For det kan det.
Sjå fleire reaksjonar under.
Ukjent
Anders Lie Brenna, redaktør i Energiwatch.no
Eg håpar tal som dette kan bidra til auka forståing av konsekvensane. Om vi får eit nytt ekstremår, må regjeringa velje mellom å auka oljepengebruken ytterlegare, eller å hente inn straumstøtta frå andre skattar og avgifter. Alternativt risikerer vi at straumstøtteordninga må reduserast den dagen ho trengst.
NRK
Odin Foldvik Eikeland, Rystad Energy
Anslaget til regjeringa på 3,8 milliardar kroner i støtte er svært lågt, og det er lite sannsynleg at dei framtidige spotprisane vil bli så låge at ein kan vente eit slik støttenivå. Ved å bruke av framtidskontraktane på straum for 2026 frå kraftbørsen Nasdaq i kombinasjon med statistikk på energiforbruk frå SSB, så anslår vi at dei årlege kostnadene kjem på 5 milliardar frå 2026 og utover.
BENJAMIN FREDRIKSEN / BENJAMIN FREDRIKSEN / NRK
Bård Ludvig Thorheim, Høgre
Nå må vi få tala på bordet for kva Ap si straumpakke skal koste, korleis prisen skal settast, og kva avgrensingar som skal gjelde. Tala vi har sett indikerer at rekninga er høgare enn regjeringa først anslo, og opp mot 10 milliardar. Senterpartiet sitt forslag vil antakeleg koste enda meir. Kven som skal betale for desse subsidiane er heilt uklart.
NRK
Åsmund Sunde Valseth, Vista analyse
Berekningane bør ta omsyn til at hushalda vil bruke meir straum, og flytte forbruk til tidspunkt med høge prisar. Det er heller ikkje sikkert at alle straumkundar i landet inngår avtale om Noregspris. Det kan vere at prisane i Nord- og Midt-Noreg er så låge at dei vil tape på noregspris. Da bør dei takast ut av berekninga. Om ikkje blir kostnadsoverslaget for lågt.
NRK
Even Winje, Menon Economics
Kostnaden vil vere større enn det ei berekning basert på årleg snittprisar viser. Dette kjem av at forbruksprofilen er slik at vi bruker mest når prisane er høgast. Vidare er det ikkje sikkert at alle i nord vil velje dette, noko som trekker kostnaden enda meir opp. Vår oppfordring er at myndigheitene fokuserer på sluttbrukarmarknaden, men vel ei løysing som ikkje er kopla mot faktisk forbruk.
NRK
Sverre Alvik, forskingsdirektør for energiomstilling i DNV
Det er grunn til å tru at dei indirekte ekstrakostnadene kan bli store, og desse kjem i tillegg til kostnadene som er kommuniserte. Når straumprisen blir subsidiert, vil forbruket bli høgare enn det elles ville blitt. Da kjem det ekstrakostnader i form av nødvendig ekstra kapasitetsutbyggingar.
NRK
Odd Gunnar Jakobsen, Volt Power Analytics
6 milliardar kroner høyrest ganske rett ut ettersom framtidsprisen er marginalt høgare enn prisane i 2024. Så dette er eit sjenerøst tilbod som eg trur dei fleste vil nytte seg av. Dei som taper er jo bedrifter og det offentlege som ikkje får dette tilbodet. I tillegg blir jo media ein stor tapar da dei ikkje lenger vil ha straumprisen å skrive om!
NRK
Ivar Refsdal, Thema Consulting Group
Ein metode for å berekne kostnaden ved ei fastprisordning som baserer seg på eit gjennomsnitt av årsprisar, fangar ikkje opp dei faktiske kostnadene, fordi forbruket er høgast når prisane er høge. Ein time-for-time-analyse, som den Asplan Viak har gjort, kan gi ei meir realistisk berekning av utgiftene, da ho tar omsyn til korleis både pris og forbruk varierer gjennom året.
Cornelius Poppe / NTB
Kjell Roland, samfunnsøkonom
Å rekne på energikrise-åra er lite meiningsfullt. Prognosane for utviklinga i spotprisane dei neste 5–10 år, for eksempel Statnetts Langsiktige marknadsanalyse som kom sist måndag, tyder på at prisnivået er på veg ned. Regjeringa kan lett justere seg inn over dei neste par åra slik at prisen er lik gjennomsnittsprisen året før. Da er subsidiane borte og prisen stabil.
Ole Martin Wold
Asgeir Tomasgard, professor ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing (NTNU)
Når det er mykje og billig straum i marknaden, vil eit hushald med fastpris bruke mindre enn han elles ville gjort. Når det er lite og dyr straum vil det same hushaldet bruke meir enn han ville gjort på ein variabel pris og forsterke straummangelen. Så gjennomsnittsbetraktningar vil ikkje fungere. For å berekne kostnaden må ein ta omsyn til prissensibiliteten til kundane.
Ei mogleg trøyst er at høgare straumprisar slår begge vegar. Staten må grave djupare for å dekke inn fastprisavtalane, men får til gjengjeld meir å rutte med.
Ei oversikt frå Energidepartementet viser at staten hadde 180 milliardar kroner i kraftinntekter i perioden 2019–2023.
I tillegg hadde kommunane og fylkeskommunane 81 milliardar i inntekter i løpet av den same perioden.
I fjor ville dei 10 dyraste timane ha kosta staten 346 millionar kroner. Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund har understreka at han ikkje har vore involvert i arbeidet med noregspris: – Den foreslåtte ordninga er ikkje basert på råd frå oss, seier han til Aftenposten.
Foto: NTBEnergiministeren: – Kan svekke insentiva til å redusere straumbruken
«Frels oss frå noregsprisen», skriv tre sosialøkonomar i ein felles kronikk i Dagens Næringsliv.
Adressaten er den heimvende sosialøkonomen Jens Stoltenberg, som i 2016 brukte fleire avsnitt i boka Min historie på å åtvare mot subsidiar og «det miljøindustrielle komplekset».
Så langt har finansministeren ikkje ville uttale seg.
– Regjeringa kommenterer ikkje intern saksbehandling av denne eller andre saker, skriv han til Stortinget.
Professor i samfunnsøkonomi, Torfinn Harding, seier at staten risikerer «uante utgifter» om han bind seg til masta som er fastprisen.
– Staten trekker systematisk inn mindre i varme periodar enn han betaler ut i kalde periodar, seier han.
I praksis betyr det at staten blir sittande igjen med ei rekning av ukjent størrelse – sjølv i eit tenkt scenario der spotprisen (blå linje) er nøyaktig den same som fastprisen (raud linje).
På toppen er det fremja ei rekke andre skuldingar mot fastprisordninga (sjå under), blant anna at ho svekker motivasjonen for straumsparing og Enøk-tiltak.
I eit brev til Stortinget erkjenner energiminister Terje Aasland at ordninga har utilsikta konsekvensar, men at oppsida tel tyngre:
– Isolert sett trekker fastprisordningar for straum i retning av svakare prissignal for straumkundane, som kan svekke insentiva til å redusere straumbruken.
Gorm Kallestad / NTB
Kritikk #1
Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».
Frederik Ringnes / NTB
Kritikk #2
Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.
Colourbox / colourbox.com
Kritikk #3
Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.
H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto
Kritikk #4
Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.
Heimdall Power
Kritikk #5
Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.
Anne Lognvik
Kritikk #6
Det er framleis ikkje gitt kva lovendringar som skal til for å realisere ordninga.
Rolf Kjetil Jakobsen / NRK
Kritikk #7
Det er framleis ikkje gitt kven som får oppdraget med å forvalte ordninga – nettselskapa eller straumselskapa?
Berit Roald / NTB
Kritikk #8
Ordninga omfattar ikkje 300.000 hushald som er fjernvarmekundar, og viss utgifter følger spotprisen på straum.
Peder Martin Bergholt / NRK
Kritikk #9
Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».
NRK
Kritikk #10
Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.
Heiko Junge / NTB
Kritikk #11
Arbeidarpartiet er ikkje er ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.
Stakaldefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland.
Foto: Oddmund Reisæter HaugenPublisert 14.02.2025, kl. 10.08 Oppdatert 14.02.2025, kl. 10.11