– Det er ikkje ein menneskerett å ytre drit

1 day ago 12


– Eg er veldig lei. Det er ikkje ein menneskerett å ytre drit og krasse ting her inne, skriv Skaug på Facebook-sida si.

Han har sletta mange kommentarar og blokka følgjarar som han meiner ikkje respekterer andre folk sitt syn og liv.

– Eg ryddar unna med litt hard hand no, skriv Skaug.

Delte flaggbilde

Dette toppa seg etter at han delte bilde av eit prideflagg.

«Det ble pludtselig forurensing på smart,n min. Får vel kontakte Telenor», skriv ein av følgjarane.

Svaret frå Skaug er kontant:

«Det ble plutselig forurensing på feeden min. Du er blokkert, for jeg vi ikke ha sånn drit her. Finn en annen å følge for vi skal ikke samme vei.»

NRK har forsøkt å kontakte mannen som blei blokka. Han har førebels ikkje svart.

Kommentarfelt Trygve Skaug

Bildet viser diskusjonen mellom Skaug og ein av følgjarane.

Foto: Skjermdump

– Vårreingjering

– Mange av mine følgjarar, og vener, lever i det dei opplever som utrygge kvardagar både i gata og på nett, skriv han.

NRK har vore i kontakt med Skaug sin manager, Lars Tefre Baade. Baade seier at Skaug ønskjer ikkje å kommentere saka utover det han sjølv har delt.

– Men ei slik vårreingjering i kommentarfelta kan jo fleire artistar kaste seg på, seier Baade på vegner av Skaug.

Trygve Skaug og Jonas Gahr Støre.

Trygve Skaug i samtale med Jonas Gahr Støre 1. mai i år.

Foto: Thomas Andersen / NTB

– Då ryk strikken

Trygve Skaug har dei siste åra turnert land og strand rundt og har bygd seg opp ein solid tilhengarskare.

No er han nådelaus mot dei av følgarane som kjem med hets mot andre.

– Finn nokon andre å følgje om det ikkje passar deg og meiningane dine å følgje meg og mine sider, skriv Skaug.

Han innrømmer lett at han er sint på dei som kjem med kommentarar mot til dømes prideflagget.

– Det blir tråkka på folk eg er glad i. Då ryk strikken innimellom, skriv Skaug.

Trygve Skaug vokste opp i et hus fylt av musikk. Nå skriver han bestselgende dikt og lager sangtekster til seg selv og andre. Her deler Trygve Skaug musikken fra hele sitt liv.

Publisert 31.05.2025, kl. 22.15

Read Entire Article