Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_dbcb44b6c4b6594c73d57a69bb50ee74, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
– Det er på tide å stå opp for andre jenter som vil inn i rocken - NorwayToday

– Det er på tide å stå opp for andre jenter som vil inn i rocken

1 day ago 9


– Det er på tide å stå opp for andre jenter som vil inn i rocken.

Det meiner Hedda Brofoss Versto, Anna Underdal Sæter, Flora Sofia Krohn-Pedersen og Anna Nyaanga Nyambwogi Archer i jentebandet Drakånis.

– Kjempe saman

Dei fire jentene møttest for nokre år sidan gjennom organisasjonen AKKS. Ein organisasjon som jobbar for at fleire kvinner skal ta sin plass på scenekanten.

– Vi fann kvarandre gjennom miljøet, for alle står for at vi også skal vere her i rocken. Og vi står på for å støtte og kjempe saman med andre jenter.

Det seier Flora Sofia Krohn-Pedersen i Drakånis.

Når dei står på scena på Tons of Rock seinare i sommar, er dei eit av få norske jenteband som kler festivalplakatane her i landet.

en gruppe mennesker som går nedover et fortau

Hedda Brofoss Versto, Anna Underdal Sæter, Flora Sofia Krohn-Pedersen og Anna Nyaanga Nyambwogi Archer er jentebandet Drakånis.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Få i Stavern

Det er stor skilnad på kor mange jenter og kvinner dei norske festivalane har på programmet i år.

Nokre festivalar tel nærare 50 prosent med stort og smått. Andre festivalar har eit lågt tal kvinnelege artistar.

Nyleg blei det mykje fokus på Stavernfestivalen, der berre 3 av 30 artistar er kvinner.

– Vi ønskjer å ha så mange kvinnelege artistar vi kan, men vi må sjå kva artistar som er tilgjengelege, sa Trond Opsahl i Stavernfestivalen til NRK nyleg.

Les kva festivalane tenker om å få fleire jenter på scena:

  • Festivalsjef for Malakoff Arnt Ivar Naustdal

    Malakoff: Arnt Ivar Naustdal frå Malakoff fortel at festivalen jobbar medvite med å få fleire kvinnelege artistar på plakaten. Særleg innan pop-sjangeren ser dei moglegheiter for betre kjønnsbalanse, medan det innan rock framleis er meir krevjande å oppnå 50/50-fordeling. I år har 8 av 20 artistar – altså 40 % – kvinnelege frontfigurar eller medlemmar. Naustdal understrekar at likestilling er eit sjølvsagt prinsipp, og at festivalen har blitt betre, men at det kan vere små svingingar frå år til år.

  • Jarle Kvåle

    Tons of Rock: Festivalsjef Jarle Kvåle frå Tons of Rock legg vekt på at festivalen skal ha plass til både unge og erfarne artistar, og at dei ønskjer å løfte fram kvinnelege artistar innan rock og metal. Med utviding av festivalen og ei ny scene, håpar dei å kunne vise fram endå fleire band frå det store spekteret innan sjangeren.

    Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
  • Jonas prangerød

    Øyafestivalen Jonas Prangerød seier at for Øyafestivalen er kjønnsbalanse og mangfald ein integrert del av planlegginga, heilt frå starten. Jonas Prangerød understrekar at det er avgjerande å ha dette i tankane før ein byrjar å booke artistar. I årets program utgjer kvinnelege soloartistar, kvinnegrupper og band med sentrale kvinnelege medlemmar heile 51,3 %. Øya ønskjer å spegle eit breitt spekter av artistar og publikum, og likestilling er ein viktig del av denne heilskapen.

    Foto: Audun Braastad / NTB
  • Andreas Lindborg, Bergenfest

    Bergenfest: Andreas Lindborg i Bergenfest er tydeleg på at festivalen aktivt jobbar for eit variert og likestilt program. Han peikar på at tilgangen på kvinnelege artistar har blitt betre dei siste åra, noko dei ser svært positivt på. I årets program har 51 % av artistane kvinner på scena, og 44 % har kvinneleg frontfigur. Lindborg meiner det er viktig med likestilling både på scena og i samfunnet generelt, og ser ei positiv utvikling i bransjen.

    Foto: Privart

– Litt tøft

16-åringane i Drakånis gler seg til å stå på scena under Tons of Rock.

Rocken har prega dei unge jentene i fleire år.

– Det er litt tøft å vere jenter i rock òg – å kunne vere beinharde og likevel bli sett. Det høyrest kanskje nusseleg ut, men det er sant, seier dei.

Men sjølv om Drakånis skal på scena, er det langt mellom dei reine jentebanda.

Kamilla Rød Skarby i AKKS meiner det handlar om bevisst rekruttering og å gi alle talent ei reell moglegheit.

– Det handlar om å gi støtteordningar og aktivitetar som gjer at alle kan utvikle seg som musikarar, seier Skarby.

– Burde sleppe

Men også for Drakånis har det vore ein tornete veg inn i rocken.

– Vi får kommentarar på utsjånad og blir seksualiserte. Vi er 16 år, liksom. Det burde vi sleppe, seier bandet.

Likevel står Drakånis-jentene støtt. No ventar festivalsommar og ny musikk.

– Vi har spelt inn ein ny singel for å vise kva vi har å by på framover. Det har vore gøy å jobbe med litt meir avansert teknikk og utvikle oss vidare.

Publisert 28.05.2025, kl. 11.38

Read Entire Article