Det var ein roleg søndag føremiddag på Åkrafjorden den første dagen i mars.
Fiskekompisane Christian Lee (46) og Frode Mæland (49) kosa seg med å dra garn ute i båten i Fjæra i Etne i Vestland fylke.
Så byrja buldringa oppe i fjellsida. Nedover kom det dundrande steinar så store at dei måtte vege fleire tonn. Den eine kløyvde Mæland sin Mercedes pickup - kunne Frode sjølv sjå frå båten.
– Steinen må jo være fleire tonn tung. Den er nok ulovleg å ha bakpå det vesle lasteplanet mitt, fleipar Mæland som saman med fiskekompis Christian Lee er svært vande med ras frå fjellsidene i området.
– Kjem nok ikkje til å gå bra
Men fleip til side.
– Me høyrde at raset kom. Trudde først det var eit isras. Men bråket og buldringa frå raset var så høg og heftig at me forsto at dette var noko større. Så såg me kjempesteinane dundre ned i elva så vasspruten sto, skildrar Christian Lee.
Han og bileigar Frode trudde steinane ville råke nokre hus i vegkanten.
– Me tenkte at dette kjem nok ikkje til å gå bra. Så kjem det ein stor stein og knuser bilen til fiskekompisen min, seier Lee.
Fiskekompis Frode seier han ikkje har tenkt so mykje over konsekvensane dersom raset hadde losna då dei sat i bilen.
– Det var vel gått om lag ein halvtime sidan me forlot bilden ved båthamna. Men eg har ikkje vunne å tenkje over kva som hadde skjedd om me sat i bilen. Me er faktisk veldig vande med at det går ras her i distriktet, utdjupar Mæland.
Fekk fisk
– Forsikringa dekkar vel skaden på bilen?
– Eg får no håpe det, svarar Mæland. Han får akkurat ein ny, fin vintertorsk over ripa på båten då VG intervjuar han.
Fiskekompis Lee er meir tankefull om kva-hvis-dersom dei hadde vore i Mercedesen då steinane kom:
– Hadde det kome noko seinare då me var ferdige med fiskinga og dreiv og rygga og køyrde ut frå parkeringa her. Då hadde me vore ferdige.
– Hadde raset kome i ettermiddag når folk skal heim etter vinterferien, så hadde det nok ikkje gått så bra, seier dei særs nøkterne karane ute i fiskebåten.
E134 stengd
Steinraset sperrar E134 Haukelivegen like ved Fjæra i Etne søndag.
– Vegen er sperra, og personar som har vore i nærleiken har søkt tilflukt i ein tunnel like ved, opplyste operasjonsleiar Dag Steinkopf i politiet til Bergens Tidende søndag føremiddag.
Ifølgje politiet er det ikkje meld om personskadar eller at nokon er tekne av raset.
aJa, der er rasfaren overhengande litt for ofte. Stolar ikkje på rassikringa.bNei, har lært meg å leve med at det er noko som skjer med ujamne mellomrom.cKøyrer aldri på Vestlandet.
Bygningar i nærområdet skal også ha blitt delvis råka av steinraset.
– Det blir jobba med å få oversikt over personar i området og om det er behov for å evakuere, opplyser Steinkopf.
Eit redningshelikopter er rekvirert. Geolog er også varsla for å gjere ei vurdering av stoda.

2 hours ago
3








English (US)