– Det var ganske skummelt

3 months ago 22


Norsar, opplyser at jordskjelvet hadde ei styrke på 3.3 og at det ikkje er eit stort eller farleg skjelv.

– Det ser ut som det har vore eit jordskjelv i Nordsjøen på høgde med Vestlandet, altså Ålesund, Førde -området, med styrke 3,3, seier Anne Likke, administrerende direktør i Norsar til NRK.

Politiet, derimot, melder til NTB at styrken var 4.5.

Ei kvinne frå Volda fortel at ho og venene såg film då dei kjende at TV-benken byrja å riste kraftig.

– Vi har mange vinglas og glas, og alle glasa byrja å klirre. Vi var fire studentar som lurte på kva som eigentleg skjedde, fortel ho.

Kjente kraftig ristning

– Vi hadde høyrt at det skulle vere mykje vind ute, så vi gjekk ut for å sjekke om det blåste, men det gjorde det ikkje. Det var heilt vindstille. Då skjønte vi at det hadde vore eit jordskjelv. Det var ganske skummelt.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) fortel at han òg kjende jordskjelvet tydeleg då det råka Nordfjordeid.

– Det var ei skikkeleg risting, og det tok godt i huset. Det var uhyggjeleg å kjenne dei enorme kreftene som var i sving, seier han til NRK.

Alfred Bjørlo stortingsrepresentant for Venstre står på talerstolen.

Alfred Bjørlo stortingsrepresentant for Venstre

Foto: Geir Olsen / NTB

Bjørlo anslår at jordskjelvet varte i mellom 10 og 15 sekund. Trass i dei sterke ristingane, vart ingen gjenstandar knuste.

– Dette er det sterkaste jordskjelvet eg kan hugse å ha opplevd her, seier han.

Utsett området

Det har vore fleire jordskjelv i dette området dei siste åra. Til dømes vart eit jordskjelv med styrke 3.8 registrert utanfor kysten av Vestlandet 16. januar 2024.

Ifølgje NGU er Noreg blant dei mest aktive jordskjelvområda i Nord-Europa, og særleg Vestlandet er spesielt utsett.

Publisert 12.01.2025, kl. 21.28 Oppdatert 12.01.2025, kl. 21.49

Read Entire Article