Ukraina og USA har utarbeida eit utkast for ein ny mineralavtale, seier president Volodomyr Zelenskyj onsdag.
Avtalen vil gi USA tilgang til å vinne ut viktige mineral og metall i Ukraina.
Zelenskyj seier avtalen er eit rammeverk som legg grunnlaget for ei breiare avtale.
Men avtalen kan bli eit viktig steg for å få slutt på krigen mellom Ukraina og Russland.
I tillegg kan den betre forholdet mellom Trump og Zelenskyj, som den siste tida har hamna i ein politisk ordkrig.
– Dette er bare ein start, et rammeverk. Suksessen avheng av president Trump.
Ingen av partane har signert nokon avtale enno. Zelenskyj håpa å reise til USA for å møte Trump fredag.
Også den amerikanske presidenten har sagt at Zelenskyj ønske å komma på eit besøk «om kort tid».
– Han vil gjerne signere avtalen saman med meg. Det er heilt ok for meg, sa Trump under ein pressekonferanse i Det kvite hus tysdag.
Initiativ frå Ukraina
Det er anslått at rundt 5 prosent av dei kritiske råmateriala i verda er i Ukraina, skriv BBC. Desse er nødvendige for å produsera viktig teknologi i fleire industriar.
I dag blir nesten heile Europas behov for sjeldne jordmetall likevel vunne ut utanfor Europa, spesielt i Kina.
Samtidig har Kina har vedteke fleire eksportforbod mot USA for fleire kritiske mineral og jordmetall.
Allereie i 2024 foreslo Zelenskyj ein slik avtale med mellom anna USA, som en del av deira «sigersplan».
Kyiv håpar at avtalen kan gi USA ein grunn til å verne Ukraina, dersom Russland bryt ei potensiell våpenkvile.
Men kva denne avtalen konkret skal innehalde, har ikkje dei to presidentane vore einige om.
Fleire krav
Trump har tidlegare sagt at han ønsker ein avtale som gir USA tilgang til ressursar til ein verdi av 500 milliardar dollar.
Han ser på avtalen som ei tilbakebetaling, eller ein slags takk, for støtta USA har gitt til det krigsherja landet.
Zelenskyj har avvist eit slik utkast, og sagt at det ikkje er aktuelt å betale tilbake pengar som har blitt gitt som bistand. Han har vore klar på at han i byte med ein avtale vil kreve tryggingsgarantiar frå USA.
Avtalen manglar eksplisitte garantiar, men USA skal støtte «Ukrainas innsats for å oppnå nødvendige tryggingsgarantiar». USA har også fjerna det opphavlege pengekravet, skriv BBC.
Macron møtte Trump i Det kvite huset denne veka. Han seier ein mineralavtale er ein god måte å få USA til å forplikte seg til Ukraina.
Foto: ReutersDå Frankrikes president Emmanuel Macrons besøkte Det kvite huset denne veka, stilte han til intervju med Fox News.
– Ein avtale om mineral er ein av dei beste måtane å få USA til å forplikte seg til ukrainsk suverenitet, sa han.
Samstundes har Russlands president Vladimir Putin tatt initiativ til liknande partnarskap, mellom anna med USA. Trump sa tysdag at han også er interessert i å få tilgang på russiske naturressursar.
Tryggingspolitisk viktig
Direktør i Norsk industri, Harald Solberg, vil ikkje spekulere i kor mykje Ukraina kan tene på ein slik avtale. Men han seier at det er store moglegheiter for verdiskaping og etablering av arbeidsplassar.
– Både knytt til utvinningsprosjekta i seg sjølve, men det viktigaste er kanskje dei moglegheitene som oppstår ved vidare prosessering og produksjon, og ringverknadar knytt til leveransar i heile verdikjeda.
Slike prosjekt er viktige reint tryggingspolitisk, understrekar Solberg.
Direktøren i Norsk industri, Harald Solberg.
Foto: William Jobling / NRK– For Vesten er det å auka sjølvforsyninga for strategisk viktige råvarer høgt prioritert. Dette er ei gruppe mineral som blir rekna for å vera blant dei aller mest kritiske råmateriala, då dei blir nytta i det meste av moderne teknologi.
– Avhengigheita av Kina og andre ikkje-vestlege land forklarer kvifor dette er så høgt prioritert.
Vil bli krevjande
Men trass mange naturressursar og store potensielle verdiar, er der éi utfordring.
Det blir dyrt.
Solberg seier det er snakk om milliardbeløp. Det gjeld spesielt dersom det skal bli gjort miljøvennleg.
– Dette er noko av årsaka til at fleire land gjerne samarbeider om å mellom anna tiltrekke seg investorar til strategisk viktige mineralutvinningsprosjekt.
Noreg har til dømes liknande partnarskap med EU og med USA.
Solberg poengterer også at slike prosjekt det er snakk om i dette høvet ofte tek lang tid å realisere, ofte opptil 15 år.
– Vegen fram er lang og kapitalkrevjande, seier han.
I tillegg manglar Ukraina infrastrukturen, særleg når det gjeld energi, som er nødvendig for å drive gruvedrift, skriv Senteret for strategiske og internasjonale studiar (CSIS) i ein analyse.
USA har også avgrensa foreldningskapasitet, samanlikna med Kina.
Kva slags ressursar sit Ukraina på?
Nøyaktig kva slags ressursar Ukraina sit på i dag, er eigentleg ikkje heilt sikkert, skriv finansselskapet S&P Global i ein analyse.
Dei påpeikar at kartlegginga av mineral og sjeldne jordartar i Ukraina blei gjorde for mange tiår sidan, da Ukraina framleis var del av Sovjetunionen.
Over halvparten av minerala ligg i det austlege Ukraina, som Russland no okkuperer. Ukrainas finansminister Julija Svyrydenko seier verdiar for 350 milliardar dollar er i russisk-okkupert territorium.
Kart over mineralressursar, frå ukrainske styresmakter.
Grafikk: Ukrainske geologiske undersøkelse/Det ukrainske departementet for miljø og naturressurserNokre førekomstar er også haldne hemmelege av sikkerheitsomsyn.
Samstundes er førekomstane svært vanskelege å vinne ut. Dei er bak frontlinjene, eller krev avansert utstyr og ekspertise for å hente ut.
Publisert 26.02.2025, kl. 17.48