Om du har sett det siste programmet til Lars Monsen, «Monsen og nasjonalparkene», har du sikkert fått med deg den sjarmerande hunden hans Teddy.
Teddy er ein hund med mykje energi, og er til tider både rampete og klønete, men kompenserer med å vere eit fortreffeleg selskap og ein lojal turkamerat.
Våre firbeinte venar elskar å gå på tur. Men kva bør ein eigentleg tenke på før ein tar med hund på ein to-tredagarstur i marka eller på fjellet?
Er hunden din like godt førebudd som deg?
HUNDESLEDE: Lars Monsen med hundeslede på Svalbard.
Foto: Håvard Jenssen?Trene opp bikkja
– Det fyrste du må gjere er å trene opp bikkja di, seier Lars Monsen.
Det bekreftar også hundetrenar Maren Teien Rørvik, kjent frå «Bølle til bestevenn». Ho legg til at denne treninga kan starte allereie når hunden er kvalp.
– Kvalpar kan gå tur, i tillegg har dei veldig godt av det. Forsking viser at hundar som går mykje tur i ulendt terreng har lågare grad av skjelettproblematikk enn dei som ikkje gjer det, seier ho.
For å trene hunden din til å gå langt, er det viktig å tilvende den med kortare distansar fyrst. Deretter kan du gradvis auke distansen.
– Når dei er seks månadar gamle begynner dei å bli hund, og da orkar dei litt meir, fortel Rørvik.
Før du skal på langtur, må du også ha ein idé om kor langt du skal gå. Slik at du kan trene opp hunden din til å gå den distansen.
AKTIV: Maren Teien Rørvik, kjent frå «Bølle til bestevenn», understrekar at det er forskjell på å gå i terreng versus gatelangs, og at det er viktig å ha det i mente.
Foto: privatTilvenning i sekk
Men mest sannsynleg blir hunden din sliten under denne treninga, også på dei litt kortare distansane.
Derfor er det viktig at viss hunden plutseleg set seg på bakbeina (bokstaveleg talt), og ikkje vil gå lenger, at du har moglegheit til å bere den.
Da er det nødvendig at du har gjort litt tilvenning i sekk i forkant.
– Det kan du øve på heime ved å setje dei opp i ein sekk. Det kan vere lurt å ha sekken halvfull med klede, slik at den har noko behageleg å sitje på. Når hunden sit roleg kan du lønne den med godbitar, seier Rørvik.
Dette bør du starte med nokre veker før du skal ut på lengre tur.
Høyr Maren Rørvik snakke om korleis bli bestevenn med hunden i podkasten «Monsens Univers».
Maren Rørvik og Lars Monsen om å bli bestevenn med hunden
Oppbevaring mat og drikke
Når hunden din er trent opp og klar for ein tur som går over fleire dagar er det nødvendig å ha med mat og utstyr.
Da kan det vere gunstig å bruke kløyvar (ein berepose på hunden).
– Viss du har ein kløyvhund er det viktig å ha ein kløyv som passar hundekroppen og at du pakkar riktig, fortel Monsen.
Det betyr at du ikkje skal ha skarpe ting inn mot kroppen. For eksempel kan du pakke hundematen, la oss seie tørrfôr, i 1-litersposar, og leggje dei inntil hundekroppen på kvar side. Deretter kan du leggje til fleire ting.
Men også her er det viktig å trene opp hunden til å tole berevekta.
KLØYVAR: Det er viktig å ha med nok mat og drikke til hunden når ein er på tur.
– Hunden din skal ikkje bere kløyv før den er minimum halvanna år gammal, og da ha gjort trening med han frå han var kvalp. Og den fyrste sesongen skal han ikkje bere meir enn fem-seks kilo, seier Monsen.
Viss du er litt i tvil om bikkja er sterk nok, så droppar du kløyven. Da er det betre å gå med han i sæle og eit langt band.
Potesokkar
Alle som har erfaring med hund veit at det kan vere mykje å tenke på når det kjem til utstyr og stell.
Viss ein er på høgfjellet med lite vegetasjon, eller det er vinter og mykje snø, må ein passe på potane til hunden.
– Ha med enkle potesokkar til hunden din. Du kan også førebyggje potesår ved å ha dei på frå starten av. Eventuelt sette dei på om potane blir slitne, seier Rørvik.
– Og ha alltid med ein boks potesalve, legg Monsen til.
DOVREFJELL: På sommaren kan det også vere nødvendig å snu døgnet, altså gå på natta slik at det ikkje skal bli for varmt for hunden.
Foto: Håvard Jenssen / NRKKledning
Dei siste åra har det også vorte populært å bruke kondomdress på hundar om vinteren.
Grunnen til det er at mange har puddelblanding-rasar som veldig lett får klumpar i pelsen, og som igjen fører til at pelsen blir luggete og sår.
– Kondomdressen vil derfor beskytte desse hundane mot snøklumpar, understrekar Rørvik.
Ein annan viktig å tenke på er sola. Er det vinter og sol er det ein del hundar som kan bli snøblinde.
– Viss det er skikkeleg påskevêr, og ein skal vere ute heile tida, er det nokre hundar som treng solbriller.
GODT TRENTE: Hundane til Lars Monsen på Svalbard.
Foto: Håvard Jenssen / NRKSlå leir
Ein annan ting å tenke på er om du skal la hunden sove i teltet eller ikkje.
– Viss hunden ikkje skal inn i teltet bør han vere vand til å liggje ute i regnet, eller på sekken din i forteltet. For ryggsekken din isolerer like bra som liggjeunderlag, forklarar Monsen.
I tillegg anbefaler han å slå leir høgt oppe i terrenget.
– Hundar likar å liggje litt høgt i terrenget, så dei har utsyn og kontroll på det som skjer rundt seg.
Vere klar for det uventa
Uansett kor god du er til å planleggje, er det alltid ein risiko for at det vil oppstå noko uventa. Kva er viktig å vere bevisst på?
– Elvekryssing. Viss bikkja er redd vatn har du ei utfordring. Du må lære bikkja di å like vatn heilt frå starten av, svarer Monsen.
Og har du med deg ein tenåring av ein hund må du, ifølgje Monsen, berre godta at han kan øydeleggje ting. Slik som Monsen måtte godta at hunden Teddy beit av nokre bitar av teltet og åt opp litt av sokkane hans.
– Det handlar om å redusere dei situasjonane. For eksempel går det an å tjore han litt unna teltet. Det visste eg frå før av, men så skjedde det likevel, humrar han.
TEDDY: Hunden Teddy tar seg ein pote i bakken.
Å gå med hunden
Ein annan viktig ting å tenke på er å lære hunden sin å gå bakover i nedoverbakkar. Viss det er bandtvang og sau i terrenget vil du ikkje at ei bikkje skal gå framfor deg og dra deg nedover ein bakke.
– Da er faren stor for at du trynar og skadar deg, forklarar Monsen.
Maren Rørvik minner om ansvaret ein har som hundeeigar ute.
– Det finst ville dyr – og bandtvang eller ei – ein må alltid ha kontroll. Går du tur med lause hundar er det lovpålagt at hunden ikkje kjem bort til andre menneske eller dyr, eller jagar vilt.
– Føler du deg usikker på det, er det mykje betre å ha hunden i ein sele og eit strikkband og kose seg ute, avsluttar ho.
RUTINERTE: Lars Monsen er ein rutinert turgåar, og Teddy begynner å ta etter matfaren sin.
Teikn til ubehag
– Viss hunden har mindre lyst til å gå tur bør du vere litt obs. Da kan det vere lurt å sjekke om alt er i orden, seier Maren.
Vidare, viss hunden myser kan den ha vondt i augo. Da skal han ikkje bli utsett for solljos dei neste par dagane. Og viss hunden haltar må du gi hunden kvile, eller stoppe for å undersøke kva som kan vere gale.
Det handlar om sjå bikkja heile tida og å ta vare på han, og rose han, seier Monsen.
Rørvik er einig, og seier at det beste rådet er å ha gått tur med hunden før.
– Da kjenner du kor langt den kan gå, og du veit kva utstyr ein kan ha med og som fungerer best til hunden din.
UTSIKT: Det er også viktig å ta pausar og nyte utsikta. Og kanskje nyte eit mellommåltid i tillegg.
Foto: privatAvslapping
Når turen er ferdig så er det tid for ros, kos og stell.
– For hunden er det jo belønning i seg sjølv å gå tur. Når ein da er tilbake er det fint om hunden kan få ein deilig plass å slappe av på. Dei fleste hundar elskar å liggje framfor peisen, og å slappe av eller sove, slår Rørvik fast.
Om du er ute kan det vere fint for hunden å ha tilgang på eit isolerande liggeunderlag, slik som Teddy (hunden til Lars Monsen) slappar av på her.
KVIL: Hunden Teddy slappar av etter å ha vore litt rampete.
Foto: Lars Monsen / NRKPublisert 15.02.2025, kl. 13.03