Bømoen er kjent for ekstremsport og Kompani Lauritzen. Men området er også gjenstand for ein lang og vond konflikt.
Tomta, som er på storleik med Bergen sentrum, har splitta Voss sidan Forsvaret selde ho til det private selskapet Bømoen AS i 2012 for 41 millionar kroner.
Det store flate området husar mellom anna ein nedlagd militærleir, ei flystripe og eit skogområde med mange turvegar.
Samstundes er området ein viktig arena for luftsport, idrett og beredskap, i tillegg til store arrangement som Ekstremsportveko.
Det har òg vore basen for TV 2-serien «Kompani Lauritzen».
I 2024 vakte Bømoen nasjonal interesse då staden blei innspelingsstad for TV 2 sitt populære program «Kompani Lauritzen».
Foto: Matti Bernitz / TV 2 / NTBTør ikkje seie kva dei meiner
Framtida for området skal no avgjerast og frontane er steile.
Stridsspørsmålet er kva eigarane skal få lov å gjera med området.
Konflikten har vore ei stor belastning i bygda.
Lokalavisa har vore full av lesarinnlegg. Det florerer med påstandar om både ryktespreiing og trakassering.
I tillegg er det mange som ikkje tør å seie kva dei meiner offentleg i saka.
Striden står i hovudsak mellom grunneigarane som ønskjer å bruka området til næring og arbeidsplassar, og dei som vil bevara natur, turstiar og luftsport.
Mange vossingar har fått nok:
– Eg er veldig lei heile saka, og eg ser ikkje at det kjem til å koma nokre snarlege løysingar på det heller, seier Ingebrigt Nesheim.
Foto: Tale Hauso / NRK– Eg synest det er så mykje styr med det, at eg kuttar det nesten ut. Det er jo to sider i ei sak, seier Sunniva Skinntveit.
Foto: Tale Hauso / NRK– Det tek mykje plass og fyller opp mange hovud her på Voss, seier Sigrid Finne Engelsen.
Foto: Tale Hauso / NRK
Her står striden
Alt i alt utgjer Bømoen-området meir enn 2300 dekar. Det tilsvarar omtrent 320 fotballbanar.
Bak eigarselskapet står to lokale entreprenørfirma. Dei såg på tomta som attraktiv på grunn av den sentrale plasseringa og dei store grusførekomstane.
I planen til eigarane skal over 74 prosent av området framleis vera skog, friluftsområde og turvegar. Striden dreiar seg om kva som skal skje med resten.
Bømoen AS ønskjer mellom anna næringsverksemd og campingplass. I tillegg ser eigarane eit stort potensial i utnytting av grunnvatnet til energi.
I over hundre år var store delar av Bømoen ein militærleir.
Foto: Tale Hauso / NRKHæren etablerte leiren i 1898/99 for Sogn bataljon grunna den pågåande utbygginga av Bergensbanen, og behovet for ein sentral militær samlingsplass til Austlandet i tilfelle krig.
Foto: Tale Hauso / NRKMilitærleiren blei lagd ned i 2008 etter 110 års drift.
Foto: Tale Hauso / NRKStore delar av Bømoen, i alt 28 bygg, blei freda av Riksantikvaren i 2004.
Foto: Tale Hauso / NRKSjukehuset/Sjukestova er freda og er frå 1919.
Foto: Tale Hauso / NRKBømoløypa er ein populær tursti og skiløype på Voss.
Foto: Tale Hauso / NRKLøypene i Bømoen er breie i store delar av området.
Foto: Tale Hauso / NRKI tillegg til løypene går det eit nettverk av stiar gjennom skogen.
Foto: Tale Hauso / NRKVoss fallskjermklubb har disponert dette bygget ved flystripa.
Foto: Tale Hauso / NRKDette er klubbhuset til Voss Hang- og paragliderklubb på Bømoen.
Foto: Tale Hauso / NRK
Motstandarane fryktar at friluftsområdet vert øydelagt, og er redde for framtida til luftsporten.
Det har vore mange år med usemje.
Og ei avgjerd i Bømoen-saka har blitt utsett gong på gong.
Markering utanfor heradshuset på Voss i juni 2024.
PrivatEtter fleire rundar gjekk eit fleirtal i heradsstyret for å vedta områdereguleringsplanen hausten 2024.
Eit stort areal som opphavleg var sett av til næring og utbygging, var då tatt ut av planen. Dei gjekk for at 210 dekar av området skulle gå til næring.
Grunneigar klaga på vedtaket.
No ligg ein minneleg avtale på bordet med 321 dekar med næringsområde i avtalen.
Dette er det fleire som reagerer på.
Enormt engasjement og politisk kaos
Sjølv om mange uttrykker at dei er leie, er engasjementet stort.
Då heradsstyret behandla saka like før jul, følgde over 9000 sjåarar strøyminga av møtet på kommuneTV.
Det er rekord. Sist rekord var på 4000, og det var òg om Bømoen.
– Dette engasjerer. Det er ikkje det tvil om, seier Perline Dukstad Vivås i det politiske sekretariatet i Voss herad.
Perline Dukstad Vivås har oversikt over kommuneTV-tala.
Foto: Tale Hauso / NRKMøtet varte i sju timar, men utan at politikarane kom til ei avgjerd. Saka blei utsett.
Det politiske landskapet er no svært uoversiktleg. Fire representantar har meldt seg ut av partia sine grunna Bømoen-saka. Tre frå Senterpartiet og éin frå INP.
NRK har vore i kontakt med politikarane, men dei ønskjer ikkje å bli intervjua. Mellom anna med grunngjevinga om at belastninga har vore stor nok.
Over 9000 sjåarar følgde med på heradsstyremøtet om Bømoen-saka i desember.
Foto: SkjermdumpMen i Avisa Hordaland har Hilde Lussand Selheim svara på utmeldinga frå Senterpartiet etter 40 år som medlem.
– Eg er sjokkert over utviklinga i denne saka. Vi gjorde eit demokratisk vedtak som vi no skal gå bort frå, seier Selheim.
Norunn Bidne har og meldt seg ut. Ho sat i heradsstyret for INP.
– Eg har prøvd å innstilla meg på å stemma med partiet, men det vert diverre feil for meg. Og det å gå på kompromiss med meg sjølv, det kan eg ikkje, sa Bidne til Avisa Hordaland.
Fallskjermhoppar landar på Bømoen.
Foto: Silje Kvalsvik OlsenFryktar for luftsporten
I tillegg ligg Voss Fallskjermklubb og Bømoen AS i ein djuptgåande konflikt.
Grunneigar har saksøkt klubben, då festeavtalen har gått ut, og dei meiner klubben har mangla rettsleg grunnlag for drift sidan 2024.
Fallskjermklubben har disponert eit område inne på Bømoen ved flystripa som er avsett til idrettsformål. Her har fallskjermklubben hatt klubbhus og landingsfelt.
Tord Bakke Arvesen, dagleg leiar i Ekstremsportveko, åtvarar om konsekvensane om luftsportsmiljøet forsvinn.
I verste fall reknar han med eit potensielt tap på 7 millionar kroner i inntekter.
– Ekstremsportveko med 7 millionar mindre i inntekter, og halvparten så mange utøvarar er ikkje eit arrangement vi ønskjer å vera. Det har eigentleg ikkje eit overlevingsgrunnlag, seier Arvesen.
Tord Bakke Arvesen er dagleg leiar i Ekstremsportveko.
Foto: Tale Hauso / NRKKen Sigve Berntsen og Kaisa Dørum Grønbekk bur i dag på Stord, men ønskjer å flytta til Voss.
Dei driv mellom anna på med fallskjermhopp, men har no sett flytteplanane på vent.
– Vi har pausa flytting fram til vi får vita kva som skjer vidare med fallskjermklubben. Vi er ganske frustrerte. Det er ei sak som burde ha vore avklart for lenge sidan, seier Ken Sigve Berntsen.
Kaisa Dørum Grønbekk og Ken Sigve Berntsen ønskjer å flytta til Voss, men sidan framtida for fallskjermklubben på Bømoen er usikker, ventar dei på ei avklaring.
Foto: Tale Hauso / NRKStøy og flytrafikk
Samstundes som flystripa mellom anna er sentral for Ekstremsportveko, er ikkje aktiviteten der populær hjå alle vossingar.
Naboar må leva med den omfattande flytrafikken og støyen frå flyplassen.
I 2024 var det registrert totalt 6232 flyrørsler (avgang og landing). I 2025 totalt 4981 flyrørsler. Desse er i stor grad knytt til luftsportsaktiviteten.
Berre i juli i fjor var det 1342 flyrørsler, noko som utgjer i snitt 43 avgangar og landingar kvar dag.
Det er stor flytrafikk på Bømoen om sommaren.
Foto: Silje Kvalsvik Olsen / NRKAvtale eller tvang?
No må heradsstyret bestemma seg, og det står mellom to alternativ:
- Ein minneleg avtale med grunneigar, som ordførar har forhandla fram.
- Ekspropriasjon: At kommunen tvingar eigarane til å selja området tilbake til det offentlege gjennom ein rettsprosess.
Ordføraren vil landa saka
Senterparti-ordførar Tonje Såkvitne (Sp) meiner det no er på tide å setja strek og gå for den minnelege avtalen. Ho argumenterer for at dette vil sikra aktiviteten på området.
– Dette er ei moglegheit for oss å gå inn i eit samarbeid med grunneigar for å sikra luftsporten ifrå dag éin, og 50 år fram i tid, seier Såkvitne.
Ho erkjenner at saka pregar lokalsamfunnet sterkt.
– Eg forstår at innbyggjarane ønskjer at vi skal få landa saka og koma vidare, seier ordføraren.
Ordførar Tonje Såkvitne (Sp) i Voss herad.
Foto: Tale Hauso / NRKSV åtvarar: – Sikrar ikkje luftsport
Margrethe Alm (SV) tilhøyrer den delen av heradsstyret som i staden vil at kommunen skal kjøpa området med tvang.
– Vi må vedta å gjera om 110 dekar med skog og friluftsområde til næringsareal. Då legg ein opp til stor omkamp på reguleringsplanen, seier Alm.
Alm meiner den nye avtalen trugar framtida til idretten.
– Vi har fått på plass ein avtale som faktisk ikkje sikrar luftsporten og Ekstremsportveka og flyplassen, seier SV-politikaren.
Margrethe Alm i Voss SV.
Foto: Tale Hauso / NRKGrunneigar forstår ikkje uroa
– Avtalen ivaretar jo stort sett alt. Då sikrar du både luftsport, beredskap og tilgangen på naturen for alle, umiddelbart, seier Olav Lægreid, styreleiar i Bømoen AS
Grunneigaren meiner dei har strekt seg så langt dei kan i den minnelege avtalen.
– Det at partane no på begge sider av bordet verkeleg ønskjer å samarbeida for å få til ting, trur eg kan vera eit stort gode for alle, seier Lægreid.
Olav Lægreid i Bømoen AS.
Foto: Tale Hauso / NRKLægreid meiner 50 år er lang tidshorisont, og at avtalen vil sikra aktivitetane på Bømoen.
– Difor skjøner vi ikkje heilt problemstillinga. 50 års føreseielegheit på eit større område enn det luftsporten har hatt før. Det trudde vi var positivt, seier Lægreid.
Men det er ikkje luftsporten på Voss einige i.
– Eg ser på det som risikofylt for vår framtid å skulle tru på at vi kan vera på Bømoen med dei vilkåra som ligg i avtalen, seier Malene Hetle Hole, dagleg leiar i Voss Hang- og Paragliderklubb.
Malene Hetle Hole, dagleg leiar Voss Hang- og Paragliderklubb.
Foto: Tale Hauso / NRKSkal ta ei avgjerd
Eit endeleg vedtak er venta under heradsstyremøtet torsdag 5. februar. Begge sider åtvarar om at motparten si løysing vil føra til langvarig uføre.
Innbyggjarane håpar likevel på ei «ende på visa».
– Eg håpar jo det at dei kjem til ei løysing. Bømoen er jo ein kjempefin plass for bygda, så det er jo trist at det skal vera sånn, seier Sunniva Skinntveit.





















English (US)