To oljetankarar har kollidert i Omanbukta, eit område nær det strategisk viktige Hormuzstredet, melder Reuters og Dagens Næringsliv.
Eitt av skipa er «Front Eagle», det andre er «Adalynn».
Ifølgje rapportar frå Dei sameinte arabiske emirata og Bloomberg, er 24 personar evakuerte frå «Front Eagle».
Bilete delt i sosiale medium viser flammar og røyk frå minst eitt av skipa.
Kollisjonen skjedde utanfor Khor Fakkan i Omanbukta.
Årsaka er førebels ukjend.
Rundt 20 prosent av verdas olje passerer gjennom Hormuzstredet dagleg, området er difor svært viktig for energiforsyning.
Publisert 17.06.2025, kl. 09.58 Oppdatert 17.06.2025, kl. 10.04