Dødsulukka i Enebakk: – Dette er fedrar til små og store

4 days ago 5


– Det er djupt tragisk. Sjølvsagt for dei råka, og for dei pårørande, klubben og ikkje minst bygda. Det er sju lokale syklistar som har vore i ei ulykke.

Det seier Mads Løvaas, styreleiar i Driv IL. Han møter NRK langs vegen der ulukka skjedde under et døgn tidlegare.

– Det påverkar langt utanfor Driv IL også. Dette er fedrar til både små og store barn, og unge vaksne.

Nærbilde av en person i en blå jakke med et merke på brystet. Jakken har mørkeblå detaljer. I bakgrunnen er det utydelige trær og et jorde. Merket har bokstavene "DRIV" med et rød og blått skjoldmotiv. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Syklistane i Driv IL er vant til å vere ute i trafikken, og gje plass til bilar, fortel styreleiaren.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK


Fem ambulansar, to helikopter og Røde Kors rykka ut då meldinga om ulukka kom ca. 18.25 tysdag kveld.

To bilar var involvert i ulykka. Opplysningane så langt indikerer at ein av dei køyrde inn i det lokale sykkelfølget.

Ein av syklistane, ein mann i 50-åra, mista livet.

Seks andre vart sendt til sjukehus, med ambulanse og luftambulanse. Ein av dei vart tysdag kveld skildra som kritisk skadd.

– Ei tung tid

Løvaas beskriv sykkelgruppa som erfarne syklistar, som var vande med å vere ute på vegen.

Sjølv om Driv IL ikkje er det største idrettslaget, er det ein del som syklar, sett ut frå medlemsmassen. I tillegg nyttar klubbar frå andre delar av Follo og Oslo vegane der og.

– Det er klart vi er veldig fokuserte på at vi som syklistar skal vise ro og omsyn til andre trafikantar, seier Løvaas.

– I dette tilfellet møtte dei ein bil, og da hjelper det ikkje om du er ein erfaren syklist eller omsyn sjølv.

En mann i blå treningsjakke peker ut mot en vei. Bak ham står en annen mann med ryggen til. Trær og en bil er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mads Løvaas, styreleiar Driv IL, fortel at det er kring 60 medlemmer i sykkelgruppa.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Christopher Leiknes, ordførar i Enebakk kommune, seier kommunen har tilbod til dei som har behov for det.

– Eg vil seie til innbyggarane: vi er på jobb. Vi skal ta vare på dei som har behov for det, og utover det håpar eg folk vil ta vare på kvarandre. Det er ei tung tid.

Et bilde av en mann i mørk dress og lys skjorte. Mannen har mørke krøllete krøller og skjegg. Han har på seg en brosje på jakkeslaget. I bakgrunnen er et utydelig landskap med trær. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Christopher Leiknes, ordførar i Enebakk kommune, møtte NRK i nærleiken av ulykkesstaden onsdag.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Sikta for aktlaust drap

Begge sjåførane fekk førarkortet beslaglagt etter ulukka.

Ein av dei, ein mann i 40-åra, er sikta for aktlaust drap. Den andre, ein mann i slutten av tenåra, er sikta for aktlaus køyring og ruspåverka køyring.

Ambulanser og brannvesen på veien ved ulykken

Tysdag køyrde to bilar inn i et sykkelfølge i Ytre Enebakk.

Foto: NRK

– Éin av dei sikta er avhøyrd, mens den andre vil kallast inn på eit seinare tidspunkt, seier Eirik Skjeldrum, jourhavande politijurist i Aust politidistrikt til NTB.

Det er den 18 år gamle mannen som er avhøyrd.

Skjeldrum forklarar at ulukka skjedde i forbindelse med ei forbikøyring, kor det skal ha vore eit samanstøyt mellom bilane som førte til påkøyrselen av sykkelfølget.

Asfaltvei med hvit midtstripe og sladdspor. Veien svinger mot høyre. Grønt gress og trær i bakgrunnen. Overkjørt grus og flekker på veibanen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Bremsespora er framleis synlege i asfalten.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Samling på klubbhuset

Det var mange vitne til ulukka.

Follo legevakt etablerte krisevakt hjå seg tysdag, og fleire blei køyrd dit slik at dei blei tatt vare på der.

Onsdag kveld blir det samling i klubbhuset til idrettslaget, slik at dei som ynskjer kan snakke saman.

Der vil kommunens kriseteam vere til stades.

– For oss er det viktig å ta vare på heile medlemsmassen. For nokre er det snakk om å møtes, for andre er det å oppretthalde aktiviteten som normalt. Å få ein viss grad av normalitet i denne situasjonen.

Publisert 13.05.2026, kl. 12.25 Oppdatert 13.05.2026, kl. 13.56

Read Entire Article