– Kort tid etterpå blei ein mann i 50-åra pågripen, seier politiadvokat Hanne Sivertsen Berg.
Same mann, Jørn Andersen, er tidlegare dømd for drap. Då under namnet Jørn-Are Andersen Sæle.
Det opplyser kjelder til NRK.
26. oktober 2000 blei Andersen dømd til 15 år i fengsel på drapet på ekskjærasten.
Foto: Erik Veigård / NTBTidlegare dømd for drap
6. november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom drepen av sin tidlegare kjærast i Meløy i Nordland.
Andersen som då var 28 år, blei i 2000 dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.
Sjølv sa han seg ikkje straffskuldig for drapet.
Medan han sona dommen for drapet utøvde han grov vald mot ei anna tidlegare kjærast, under prøvelauslating.
Difor blei han i 2011 dømd til 4 år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.
I forkant av drapet i 1999 hadde Andersen blitt domfelt tre gongar for vald og trugslar.
Måndag har fleire tent lys like ved staden kvinna blei funnen.
Foto: Henning Levold / NRK– Nyleg avslutta kjærastrelasjon til avdøde
I 2015 blei han lauslaten på prøve, men påtalemakta ville forlenge forvaringsdommen.
Men etter ei anke til lagmannsretten slapp Andersen ut frå fengsel i 2016.
Lagmannsretten la vekt på at Andersen hadde vore prøvelauslaten, var i arbeid og hadde «gjennomgått ei positiv utvikling» sidan førre dom.
No er han igjen sikta for drap.
– Basert på det me veit så langt i denne saka kan det tyde på at sikta hadde ein nyleg avslutta kjærastrelasjon til avdøde, opplyser politiadvokat Ole Andreas Aftret.
Politiet vektlegg at han tidlegare er dømd for drap, vald og trugslar mot tidlegare ekskjærastar.
NRK har tidlegare vore i kontakt med forsvarar, Fredrik Schøne Brodwall. Han ønsker ikkje å kommentere saka eller korleis klienten hans stiller seg til siktinga.
Politiet rykka ut med store styrkar og sperra av området laurdag kveld.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSamtykker til varetektsfengsling
Andersen blei arrestert i sin eigen heim og sikta for drap etter paragraf 275 i straffelova.
Politiet leiter ikkje etter andre mistenkte.
Andersen har ikkje forklart seg til politiet, men samtykker til varetektsfengsling.
Han vil difor bli framstilt for varetektsfengsling via kontorforretning måndag.
Påtalemakta vil be om at mannen blir varetektsfengsla i fire veker.
– Bakgrunnen for fengslingsoppmodinga er at me ikkje ønsker at sikta skal ha anledning til å øydelegge bevis i saka og fordi me meiner det er fare for at han vil gjere ny kriminalitet, seier Aftret.
Varetektsfengslinga blir endeleg avgjort av Trøndelag tingrett måndag ettermiddag.
Kriminalteknikarar jobba på staden søndag.
Foto: Bjarte JohannesenGjorde beslag i eit bygg
– Etterforskinga har gått føre seg for fullt heile natta og vidare utover dagen i dag, opplyste Berg søndag.
Etterforskinga innebar krimtekniske undersøkingar, gjennomgang av telefonar, avhøyr av vitne, søk med hund og andre etterforskingsskritt.
Kriminalteknikarar på staden gjorde fleire beslag i eit bygg like ved der kvinna blei funnen død.
Etterforskinga vil halde fram med store ressursar gjennom veka, opplyser politiet.
Politiet har ransaka leilegheita til Andersen og vil halde fram med fleire avhøyr, gjennomgang av digitale einingar og andre etterforskingsskritt.
Politiet bar ut store beslag frå bygget like ved der kvinna blei funnen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPublisert 15.12.2025, kl. 12.21 Oppdatert 15.12.2025, kl. 12.59
















English (US)