Drapstiltalt forklarar seg i retten: – Eg klarte ikkje få han ut av tankane

1 month ago 8


Eg tenkte at eg skulle gløyme han. Han var for ung.

Det seier den drapstiltalte nordmannen når han forklarar seg i retten om korleis forholdet med den 37 år yngre ishockeyspelaren frå Finland.

Ifølge den finske avisa Helsingin Sanomat, som følger saka i retten, var det Janne Puhakka som først tok kontakt med nordmannen via sosiale medium i 2014.

Den drepte er tidligere ishockeyspiller Janne Puhakka. Han var kjent i Finland og var den første åpent homofile spilleren i Finlands toppserie.

Janne Puhakka (29) var ein kjent finsk ishockeyspelar og sett på som eit førebilete for å vere den første opne homofile mannen i finsk ishockey.

– Eg innsåg at eg var forelska i han, seier tiltalte i retten.

Mannen frå Trøndelag står tiltalt for grovt overlagt drap mot ekskjærasten sin. Drapet fann stad 13. oktober i deira tidlegare felles bustad i Esbo i Finland.

Nordmannen har erkjent at han drap Puhakka, men nektar for at det var eit planlagt, overlagt drap.

Saka går for retten i Västra Nyland tingrett i Esbo i Finland frå 13. til 18. mars.

– Utruleg kor fort korthuset begynte å kollapse

66-åringen fortel at han frå starten av 2024 begynte å få økonomiske problem, etter at han og Janne Puhakka hadde kjøpt eit hus saman i Esbo i Finland.

– Eg tok opp lån frå vener og familie. Det er utruleg kor raskt korthuset begynte å kollapse.

Han fortel vidare at stressnivået steig meir og meir utover året.

– Eg hugsar ein morgon då han drog på jobb. Han gret og sa at han ønska seg den gamle meg tilbake, seier tiltalte om kva Puhakka skal ha sagt til han.

Nordmannen fortel at dei økonomiske problema påverka forholdet deira.

– Me var triste og slitne på grunn av situasjonen. Eg følte skuld ovanfor Janne, seier han.

Vidare fortel tiltalte at Puhakka begynte å lukke seg og at han då frykta at finnen var utru mot han.

– Eg spurde om han hadde funnet seg ein annan. Eg spurde han direkte. Eg spurde fleire gonger. Han sa at det dreia seg om økonomien og at eg var stressa.

Mot slutten av sommaren skal dei to ha budd frå kvarandre ein periode.

Publisert 14.03.2025, kl. 09.42 Oppdatert 14.03.2025, kl. 10.06

Read Entire Article