Dyrevernarar og Mattilsynet blir sjikanerte: – Ei gruppe det er fritt fram å hetse

6 hours ago 4


– Du får litt vondt i magen og hjartebank, seier Beate Green, leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane om all hetsen.

– 90 prosent av dei som tek kontakt med oss er hyggelege, men resten kan vere ganske stygge i munnen.

Det meste er på sosiale medium, men dei får også telefonar frå folk som skrik og kjeftar.

Om den må avlive ein katt det ikkje er mogleg å berge, kallar folk dei «kattemordarar». Andre igjen hetsar den frivillige organisasjonen fordi dei synest dei burde avlive fleire dyr.

to kattar på ei seng

Dyrebeskyttelsen tek i nokre tilfelle hand om dyr som har blitt fråtekne eigaren grunna vanskjøtsel. Dei tidlegare eigarane kjem i nokre tilfelle med trugslar for å få dei tilbake.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

– Kan de i nokre tilfelle trigge folk med eigen retorikk?

– Det kan vere at vi nokre gonger er litt direkte og har sterke meiningar, men andre gonger er det vanskeleg å vite kvifor folk blir provosert, seier Green.

Ho trur mange set dyrevernarar i bås og ser på dei som ekstremistar som det er lov å gyve laus på.

Ville kontakte arbeidsgjevar og få henne sparka

Særleg ille blei det rundt dei mykje omtala villgeitene på Kvist i Sogn. Ei sak som vekte nasjonal merksemd.

Anne Jo Bjordal, nestleiar i styret, blei dynga ned med stygge kommentarar i sosiale medium, særleg i ei facebookgruppe med over 17.000 medlemmer.

– Det var veldig ubehageleg å stå oppi det. Det blei spreidd mykje løgner om saka og om meg. Folk skreiv mellom anna at eg var eit grufullt menneske og at dei ville kontakte arbeidsgjevaren min slik at eg kunne få sparken, fortel sjukepleiaren.

Kvinne held ein killing i armane.

Anne Jo Bjordal har vore med i Dyrebeskyttelsen i over ti år. I alle år har ho fått stygge kommentarar, men verst var det under den mykje omdiskuterte saka om geiteflokken i Sogn.

Foto: Ann Beate Eikås Hovland

Ho fekk også folk på tunet sitt.

Bjordal politimelde ei kvinne, men saka blei lagt vekk.

Også Mattilsynet blei hetsa i den same saka. Ifølge Bjordal skreiv mellom anna folk at tilsette i Mattilsynet burde verte slakta.

Var redd nokon ville tenne på huset

Dei 24 andre lokalavdelingane til Dyrebeskyttelsen opplever det same.

Det same blir ei rekkje andre organisasjonar og tilsyn som jobbar med dyr.

Dagleg leiar Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg fortel at det dagleg renn inn med stygge kommentarar. På nett finst det eigne hatgrupper mot dei, samt at det blir spreidde falske «nyheitssaker».

Sjølv opplevde Roaldset det i samband med ei hundeavlssak som dei tok til Høgsterett for to år sidan.

Då blei det spreidd hatefulle saker og kommentarar til hundemiljøet over heile verda.

– Då tenkte eg at nokon kom til å tenne på huset mitt. Eg var oppriktig bekymra for meg sjølv og familien min.

Ho politimelde trugselen, men saka blei lagt vekk. Ho synest det vitnar om for dårleg rettstryggleik.

Organisasjonen har politimeld fleire andre saker, men det sit langt inne.

DAME SOM SER INN I KAMERA

Roaldset seier ho og fleire andre i Dyrebeskyttelsen gjer grep for å verne om seg sjølv. Mellom anna har ho ikkje adressa si på postkassa, og ho held seg også langt unna kommentarfelta.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

– Det er jo ikkje ulovleg å vere slem eller å lyge. Vi veit også at dersom vi politimelder ei sak, så vil hetsen forsterke seg endå meir. Det blir difor ei avveging om det er verdt det.

Jusprofessor gir Roaldset rett i at det skal mykje til for at stygge kommentarar og hets blir sett på som ulovleg.

Alle sakene Dyrebeskyttelsen har meldt så langt er lagt vekk på grunn av «bevisets stilling», men i eit tilfelle fekk dei til eit besøksforbod.

Fleire i organisasjonen har trekt seg fordi dei ikkje orkar meir av hetsen, legg ho til.

– Fritt fram å hetse dyrevernarar

Ragnhild Sollund, kriminolog ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over hetsen dyrevernarane fortel om.

Årsaka er at menneske set seg sjølv i sentrum, og ikkje dyra, peiker ho på.

– Det gjer det ganske fritt fram for å hetse dyrevernarar.

Ho seier mange ser på dyr som eigedom, og difor meiner dei har rett å bruke dei som dei vil.

Kamilla Knutsen Steinnes

Foto: Sonja Balci / OsloMet

Psykolog og forskar Kamilla Knutsen Steinnes seier dyr kan vekkje sterke kjensler hos folk. For mange er dei som familiemedlemmer.

Difor kan nokon reagere veldig sterkt dersom dei opplever at dyr ikkje blir behandla slik dei meiner dei burde. Reaksjonane blir dermed meir personlege og emosjonelle, fortel ho.

Dyrevelferd er eit polarisert tema, seier forskaren.

– Nokre meiner vi ikkje gjer noko for dyra, medan andre meiner det blir brukt for mykje ressursar på dyr i staden for menneske, fortel forskaren.

Resultatet kan verte at dei rettar sinne og frustrasjon mot folk som jobbar med dyr, sjølv om problemet kanskje ligg ein annan stad.

Vald og sjikane mot Mattilsynet

Også Mattilsynet, som mellom anna inspiserer at dyr har det bra, møter det same.

Inspektørane blir truga, sjikanert og utsette for vald, fortel seksjonssjef for HR Øydis Tofte Standnes.

Omfanget har auka det siste året. Mattilsynet har politimeld 11 slike saker fram til august i år.

– Vi har nulltoleranse for trugslar og sjikane mot våre tilsette, og slike saker blir politimeld, uttaler Tofte Standnes.

dame med katt i hendene

Siri Martinsen i Noah synest det er leitt at dyrevernarar ofte blir møtt av hets.

Foto: Øivind Pedersen / NOAH

Organisasjonen Noah jobbar særleg for heimlause og ville dyr. Leiar Siri Martinsen seier dei også får stygge kommentarar, men truleg mindre enn andre.

Dyrevernalliansen seier dei slettar stygge og trugande kommentarar fortløpande på eiga facebookside.

– Vi tillèt ganske mykje av demokratiske omsyn, men personsjikane og trugslar blir fjerna, seier kommunikasjonsleiar Live Kleveland.

Nær 1 av 3 opplever hets

Også elles i samfunnet er hets og sjikane svært utbreidd, mellom anna blant minoritetar, politikarar, og yrkesgrupper som ferjemannskap.

Ei undersøking frå Medietilsynet i fjor, synte at 13 prosent av dei spurde, hadde opplevd hetsande eller nedsettande kommentarar det siste halvåret.

For dei som delte meiningane sine i sosiale medium, opplevde nær 1 av 3 slike tilbakemeldingar.

Publisert 20.10.2025, kl. 06.04

Read Entire Article