Egg-skandalen: Kan ha fått 100 gongar for mykje D-vitamin 

3 months ago 30


Fredag blei det kjent at 10 millionar egg blir tilbakekalla frå Nortura og Coop fordi høns fekk for mykje D-vitamin i fôret.

Seinare kom meldinga om at òg svin har fått i seg for mykje av vitaminet.

Sundag avliva Nortura 700 gris, og denne veka skal fleire hundre høns bli avliva.

Dette er ei svært alvorleg sak, seier Veronika Skagestad, kommunikasjonssjef i Felleskjøpet Agri.

Endra åtferd hjå dyra

Feilen blei oppdaga etter at fleire slaktegris- og eggprodusentar merka at dyra deira endra åtferd.

Bøndene opplyste til Felleskjøpet at dyra ikkje ville ete.

Dette skal ha utløyst omfattande undersøkingar frå Felleskjøpet, opplyser Skagestad.

– Vi gjorde fleire analysar og det blei òg gjort undersøkingar av dyra.

Etter kvart fann dei ut at feilen skuldast for høge nivå av D-vitamin.

Høne på Ytste skotet

Dei høge nivåa av D-vitamin blei oppdaga fordi fleire dyr endra åtferd.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Mogleg 100 gongar høgare

Ifølgje berekningar frå Felleskjøpet var ikkje alle typar fôr påverka i same grad.

Likevel viste berekningane, gjort på det som blir blanda inn i fôret, at nivået D-vitamin kan ha vore meir enn 100 gongar høgare enn den tilrådde mengda.

Mattilsynet opplyser at symptom hos høns og svin som har fått for mykje D-vitamin i denne saka kan ha vore:

  • Nedsett eller opphøyrt matlyst
  • Auka tørste
  • Beinbrot
  • Økt urinering og nyresvikt
  • Auka dødelegheit hjå fjørfe
  • Halt gris

Det seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Ho presiserer at ikkje alle gardsbruk har dyr med symptom. Likevel passar dei på å følgje opp etter hendinga.

Vi følgjer opp situasjonen tett i samarbeid med aktørane som har ansvaret for dyra og produksjonen, seier Godal til NRK.

Norsk gris

Også 2–300 svin åt fôr med for mykje vitamin D.

Foto: Annemarte Moland

Rutinesvikt i produksjonen

Ifølgje Felleskjøpet skuldast feilen ein rutinesvikt i produksjonen.

Dei opplyser at fôret som blei levert til 15 produsentar hadde for mykje D-vitamin.

– Dette skal ikkje skje. Vi har sett i verk grundige undersøkingar for å finne ut nøyaktig korleis det skjedde, og vi vil gjere alt vi kan for å sikre at det ikkje skjer igjen.

D-vitamin er eit essensielt næringsstoff for både dyr og menneske. Den viktigaste kjelda til D-vitamin D er mat og sollys.

Felleskjøpet forklarer at det blir tilsett i fôret fordi det er nødvendig for god dyrevelferd.

– Men det må sjølvsagt vere i rett mengde – både for mykje og for lite er uheldig, forklarer Veronika Skagestad i Felleskjøpet.

Publisert 10.02.2025, kl. 19.54

Read Entire Article