Eksamensrulett

4 hours ago 3


På onsdag klokka ni får eg og om lag 60.000 andre 10.-klassingar rundt om i Noreg, vite kva fag vi skal ha skriftleg eksamen i.

Da vert det trekt eit heilt tilfeldig fag, og vi skal ha eksamen på ein heilt tilfeldig dag. Trekninga tek ikkje omsyn til kva fag du er god eller dårleg i.

Eksamen er ein eigen karakter på vitnemålet, så den tel altså like mykje som eit heilt år med prøver, innleveringar og innsats. Det er ikkje rettferdig at seks timar i ein sveitt gymsal skal avgjere kva moglegheiter vi får i framtida.

Dersom eg på onsdag får vite at eg kjem opp i norsk, kan eg senke skuldrene. Der vil eg ha gode sjansar til å kunne få ein seksar. Kjem eg derimot opp i engelsk vil sjølv ein firar vere bra for meg, og ein trear vil ikkje vere utenkeleg.

Jakob Sande Haugset

Eksamen er ei urettferdig vurderingsform, skriv Jakob Sande Haugset. (Bildet.)

Foto: privat

Eg gjer det altså mykje betre i norsk enn i engelsk. Likevel er det heilt vilkårleg kva eg kjem opp i. Dersom eg kjem opp i norsk går eg kanskje ut av ungdomsskulen med eit godt snitt og kjem inn på den skulen eg håper på.

Kjem eg derimot opp i engelsk får eg kanskje eit dårlegare snitt og kjem kanskje ikkje inn der eg vil til hausten. Det er heilt grufullt lite fair at ei loddtrekning avgjer kvar eg kjem inn på vgs.

Noko anna som gjer eksamen utdatert og urettferdig er at den har like mykje å sei som eit heilt skuleår.

Gjennom dette året har eg jobba hardt. Eg har deltatt aktivt i timane, gjort leksene mine, brukt tid på innleveringar og pugga til prøver og tentamenar. Eksamen skal visst bety like mykje som all denne innsatsen.

Det gir den same avsmaken som når laget mitt leda 10–0 i fotball i gymtimen, og læraren roper «siste målet vinn». Dette skjer ein dag på våren. Den dagen kan du vere daudsjuk med influensa, spysjuka eller det nye hantaviruset for den saks skuld.

Likevel må ein ta eksamen da, og du kan jo tenke deg at ein kanskje ikkje presterer optimalt om ein hostar meir enn ein skriv, og knapt nok klarer å halde augelokka oppe.

Det kan altså vere ein dårleg dag for deg fordi foreldra dine nyleg har skilt seg, du har blitt dumpa dagen før, eller livet berre er grufullt akkurat den veka.

Kort oppsummert er altså eksamen ei utdatert og urettferdig vurderingsform som verken tar omsyn til elevane eller innsatsen dei har lagt ned tidlegare.

På toppen av det heile overlèt det framtida vår til tilfeldigheiter. Det er dårleg gjort.

Vi treng ein ny skulepolitikk, utan at ein eksamen vi no tar som 15 åringar avgjer framtida vår.

Publisert 12.05.2026, kl. 12.46

Read Entire Article