Ekspertane åtvarar: Skal du bruke KI som trenar, bør du gjere som Kari (30)

6 hours ago 3


Ei stor gruppe med løparar feiar forbi oss på det vesle gatehjørnet i Oslo. Vi er ved Nordre Gravlund, eit solid steinkast unna Ullevål sjukehus. Her har ein runde på 1,5 kilometer blitt det nye løpemekkaet i hovudstaden.

Ein av dei som er ute denne kalde marsdagen er Kari Renslo Instefjord. Men i staden for å bli med på gruppetreninga som går føre seg samtidig, køyrer 30-åringen frå Bergen sitt eige opplegg.

Ho har nemleg fått eit heilt konkret individuelt opplegg frå trenaren sin i dag. Ho skal køyre ei kort intervalløkt tilpassa dei vonde legga hennar.

Trenaren?

ChatGPT. Eller, som Instefjord kallar han, «Coach GPT».


Kari Instefjord benytter seg av KI og ChatGPT når hun trener / løper / setter opp treningsøkter. Vi møtte henne på Nordre Gravlund ved Sagene/Ullevål i Oslo tirsdag 24. mars før en kort løpeøkt.

Foto: Iris Katrine Hamre / NRK

Den ivrige mosjonisten er nemleg ein av stadig fleire som bruker kunstig intelligens (KI) for å få treningsråd, lage treningsprogram eller stille spørsmål om trening og helse.

– På eit tidspunkt var eg på reise til Stockholm, og hadde berre ein halvtime til rådvelde. Da spurde eg ChatGPT om å få ei intervalløkt, og det fekk eg. Parallelt begynte eg å gå lei av dei intervalløktene eg hadde brukt i mange år, så det hjelpte veldig på kreativiteten å spørje om hjelp, seier ho til NRK.

Jattar med

– Eg bruker coachen i alle fall kvar veke, og somme gonger oftare. No som eg har vore skadd, har han hjelpt meg med alternative økter på ellipsemaskin, generelle styrkeøvingar og til å finne ut kva fart eg bør halde på løpeintervalla, seier Instefjord.

Slik ser Kari Renslo Instefjords dialog med ChatGPT ut:

– Kva synest du er det beste med å bruke ein KI-språkmodell som trenar?

– Det beste er variasjonen og at ein oppdagar nye favorittøkter. Eg har også brukt han til å lage testøkter. For eksempel er tre gonger 3000 meter ein god test for 10 km-fart, men om eg ikkje orkar ein full test, kan han foreslå gode alternativ.

– Og kva synest du ikkje fungerer så godt?

– Den er veldig bekreftande. Om eg er skadd, men seier at eg har lyst til å springe, kan han finne på å seie: «Å ja, det er sikkert ein god idé fordi ...». Den jattar med. Ein ekte trenar ville sagt «slutt å springe, gjer noko anna». ChatGPT manglar den autoriteten.


Kari Instefjord benytter seg av KI og ChatGPT når hun trener / løper / setter opp treningsøkter. Vi møtte henne på Nordre Gravlund ved Sagene/Ullevål i Oslo tirsdag 24. mars før en kort løpeøkt.

IVRIG MOSJONIST: Kari Renslo Instefjord er utdanna industriøkonom og har vore løpar i mange år.

Foto: Iris Katrine Hamre / NRK / Iris Katrine Hamre / NRK

Alltid tilgjengeleg

Forskingsmiljøa satsar stort på KI, og Olympiatoppen utforskar saman med ulike samarbeidspartnarar korleis slike verktøy kan brukast i toppidretten.

Samtidig har dei merkt seg at også folk flest – som Instefjord – har tatt i bruk KI som treningshjelp.

Det er forskarane positive til. I alle fall i utgangspunktet.

– Det kan vere ein veldig god idé med KI, om du bruker det rett, seier Ingrid Eythorsdottir.

Forsker Ingrid Eythorsdottir

FORSKAR: Ingrid Eythorsdottir forskar på bruk av kunstig intelligens i idretten.

Foto: Olympiatoppen / Olympiatoppen

Ho leier KI-gruppa på Olympiatoppen og tar ei doktorgrad som skal bruke KI på idrettsdata.

– KI er tilgjengeleg heile tida og kan gi deg raske svar, forslag til økter og hjelpe deg til å halde kontinuitet i treninga. For mange kan det vere ein lågterskelmåte å få litt rettleiing på. Men det er viktig å hugse at KI ikkje kjenner deg fullt ut. Den gir ofte ganske generelle råd, seier ho.

Øyvind Sandbakk sit på mange av dei same tankane som Eythorsdottir. Han er sportssjef på Noregs Toppidrettsgymnas (NTG) og professor ved Idrettshøgskolen.

Han er eit av mange namn bak ein større forskingsrapport, der ein ønskte å finne ut om ChatGPT-4 kunne lage trygge, personleg tilpassa og effektive treningsprogram i helsefremjande arbeid.


Kari Instefjord benytter seg av KI og ChatGPT når hun trener / løper / setter opp treningsøkter. Vi møtte henne på Nordre Gravlund ved Sagene/Ullevål i Oslo tirsdag 24. mars før en kort løpeøkt.

BEVISST FORHOLD TIL KI: Bergensaren Instefjord trenar ein del med løpegruppa til SK Vidar, men bruker likevel KI aktivt i treninga.

Foto: Iris Katrine Hamre / NRK

Forskingsrapporten konkluderte med at ChatGPT har stor forståing for treningsfysiologi, at han er god på å tilpasse råda sine til menneske med ulike helseutfordringar og at han klarte å formidle dette på ein god måte.

Det han derimot ikkje fekk til, var gode fysiske, individuelle vurderingar, sikkerheitsåtvaringar – typisk, snakk med ein lege – og at han i nokre tilfelle hallusinerte, altså blanda inn feilaktig informasjon.

– Utfordringa er om du bruker KI feil, seier Sandbakk og drar fram eit uttrykk det er vanskeleg å gløyme:

– Shit in, shit out.

– Det handlar om kva du ber KI-ein om – kva du promptar. Om du berre stoler blindt på noko som er henta på nett, så er det ikkje sikkert det blir bra. Det eksisterer mange trendar og ting som ikkje fungerer der ute, seier han til NRK.


Kari Instefjord benytter seg av KI og ChatGPT når hun trener / løper / setter opp treningsøkter. Vi møtte henne på Nordre Gravlund ved Sagene/Ullevål i Oslo tirsdag 24. mars før en kort løpeøkt.

SATSAR: Instefjord er ein ambisiøs løpar, og har som ambisjon om å springe under 40 minutt på mila, 1.30 på halvmaraton og tre timar på maratonar.

Foto: Iris Katrine Hamre / NRK

Kjønnsforskjellar

Ingrid Eythorsdottir påpeikar at ho er god på å lage treningsplanar og til å gjere mykje avansert kunnskap enkelt tilgjengeleg, men at ho kan hente ned feilaktig informasjon om ein ikkje er tydeleg på kva ein er ute etter.

– I tillegg kjenner han ikkje deg som individ. Den baserer seg på mønster i data, og derfor blir råda ofte ganske generelle – sjølv om dei kan høyrast personlege ut, seier Eythorsdottir.

Ho peikar på at det også er kjønnsforskjellar.

– Vi har også utfordringar med bias. Treningsdataene KI er trena på representerer ikkje alltid alle likt, og vi har blant anna sett at ho kan vere mindre treffsikker på å lage treningsprogram for kvinner enn for menn, seier ho.

Øyvind Sandbakk poengterer at det er gjennomføringa av øktene som betyr noko for kor god du blir – og at treninga du driv med er tilpassa deg som person.

Øyvind Sandbakk

HAR FORSKA: Øyvind Sandbakk er sportssjef ved NTG, men har tidlegare forska på KI og trening.

Foto: Kim Sørenssen, NTNU

– Kva gjer ein når ein har rusk i halsen på ein fredag? Korleis er livsstilen din? Har du sove dårleg? Kontekst betyr alt.

– Er KI-trening meir relevant om ein matar inn data frå kroppsnær teknologi – for eksempel ein smartring eller ei treningsklokke?

– Så lenge du stoler på dataa. Igjen, «shit in» gir «shit out». Alt må individtilpassast.

Som å ta lappen

Eythorsdottir meiner det er ein enorm fordel om ein allereie er god på KI. Ho anbefaler folk å lære seg teknologien.

– Ein kan nesten samanlikne det litt med å ta førarkort. For å bruke ein bil trygt, må du lære korleis han fungerer. Med KI har vi ikkje heilt det same opplæringsløpet enno, seier ho.

– Akkurat no prøver vi den ut på alt mogleg. Litt som da YouTube starta med kattevideoar. Eg trur verdien av generativ KI ligg ein annan stad enn å erstatte fagpersonar. Utfordringa framover blir å finne ut kva KI faktisk bør brukast til – ikkje berre kva ho kan brukast til.

Tilbake ved Nordre Gravlund er Kari Renslo Instefjord godt i gang med dagens økt.


Kari Instefjord benytter seg av KI og ChatGPT når hun trener / løper / setter opp treningsøkter. Vi møtte henne på Nordre Gravlund ved Sagene/Ullevål i Oslo tirsdag 24. mars før en kort løpeøkt.

MEDHJELPAR: Kari Renslo Instefjord bruker treningsklokka aktivt i treningskvardagen, og liker å styre øktene etter ein gitt fart.

Foto: Iris Katrine Hamre / NRK

Det bles ein sur vind gjennom Oslo.

Dei nakne trea i kyrkjegarden avslører at våren på ingen måte er komen, men det stoppar verken Instefjord eller den store løpegruppa som er i gang med intervall rundt kyrkjegarden.

Bruker du kunstig intelligens som trenar?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

30-åringen er tydeleg på at ho er veldig klar over kva ho matar «coach GPT» med og at ho ofte stiller oppfølgingsspørsmål.

– Om du seier at du har sove dårleg og kjenner deg sliten, og du spør om du likevel skal gjennomføre ei hardøkt, kva seier den då?

– Den seier jo eigentleg det eg ville høyre om, eg indikerer tydeleg at eg vil gjennomføre uansett. Sånn sett hjelper det meg veldig at eg har ganske mykje erfaring med det å springe. Eg veit godt at eg ikkje kan gjennomføre fem hardøkter i veka, om den skulle finne på å anbefale det.

– Det har også vore gonger der han har komme med gode råd om skadeførebygging, der eg ikkje har høyrt på den, men burde ha gjort det, og så har det gått dårleg etterpå.

Nå kjennest leggen god, og håpet er å komme under 40 minutt på 10 kilometeren i Drammen den 11. april.

I alle fall viss alt går etter planen og «trenaren» får ho på startstreken.

Publisert 03.04.2026, kl. 07.40

Read Entire Article