Kva fastlegen eller gynekologen gjer og fokuserer på under ei gynekologisk undersøking avheng av kva kvinna treng hjelp med.
– Arbeidsdeling mellom fastlege og gynekolog handlar delvis om kva slags undersøkingar ein har mogelegheit til å gjere, men også om at nokre problemstillingar krev kompetansen som ein gynekolog har. Det er vanlegvis riktig at det først blir gjort ei vurdering og undersøking hos fastlegen før ein blir tilvist til gynekolog, seier avtalespesialist Yngvild Hannestad.
Oppstartssamtale
– Me startar først og fremst med ein samtale, seier gynekolog Kristian Schunemann.
Då er ein mellom anna interessert i bakgrunnen din med sjukdommar, om du har født barn, prevensjonsmiddel, menstruasjon og problemstillinga du som pasient kjem med.
Den gynekologiske undersøkinga
I starten av den gynekologiske undersøkinga får legen eit inntrykk av vulva.
– Dersom kvinna har plagar frå området som kløe eller svie, er det naturleg å sjå nøye etter. Då vil legen halde kjønnsleppene frå kvarandre for å sjå nærmare på huda. Nokre gongar blir det tatt prøvar frå eventuelle sår eller utslett i vulva, forklarar Hannestad.
Neste steg i undersøkinga er vanlegvis å sette inn eit spekulum, ofte kalla eit spekel, i skjeden. Det er eit medisinsk instrument i metall eller plast som held skjedeveggane frå kvarandre slik at legen kan sjå innover i skjeden.
– Då får legen sett på skjedeveggane og livmorhalsen. Legen kan også ta prøvar, som livmorhalsprøve viss det er aktuelt. Nokre legar har ei lyskjelde festa til spekulumet, andre bruker ein lampe for å få godt lys inn i skjeden, seier Hannestad.
I tillegg kan det ofte vere aktuelt for legen å kjenne på livmor og eggstokkar, til dømes ved smerter eller blødingsforstyrringar.
– Legen held to fingrar i skjeden og den andre handa utanpå magen. Ved å trykke på organa mellom henda får legen inntrykk av størrelsen og om det er nokre unormale oppfyllingar eller vonde område, forklarar Hannestad.
Ved å gjere dette kan legen finne ut om livmora eller ein eggstokk er forstørra eller finne teikn til infeksjon.
– Alle desse undersøkingane kan fastlegen gjere. Fastlegar kan også sette inn og ta ut spiral. Nokre fastlegar kan gjere ultralyd.
Men dersom det skal takast vevsprøvar, biopsiar, frå livmorhalsen blir det gjort hos gynekolog.
– Gynekologane tar også andre typar vevsprøvar ved behov og kan gjere avansert ultralyd, legg Hannestad til.
– Hos gynekologen bruker me meir eller mindre alltid ultralyd, legg Schunemann til.
Avsluttande samtale
Etter den gynekologiske undersøkinga har legen og pasienten ein avsluttande samtale om undersøkinga og om kva som skal skje vidare.