– Det er jo veldig mange spørsmål som eg må finne svaret på. Så eg kan jo begynne med å snakke med Johannes og høyre om han vil ha meg med. Seier han nei til det, så er det jo slutt med ein gong. Men seier han ja, så er det eit steg vidare. Og så er det kanskje 13 spørsmål til.
Det har gått litt over to veke sidan Emil Iversen tok bronse på OL-femmila i Val di Fiemme. Det kan ha vore hans siste internasjonale meisterskapsrenn. Planen før sesongen var at det skulle bli nettopp det.
I dette intervjuet med NRK innrømmer 34-åringen at han no er i alvorleg tvil:
– Før OL sa eg vel at «tar eg gull, så må eg legge opp på dagen». Men det gjorde eg ikkje, så då hamna eg i den situasjonen at eg må velje mellom å enten vere med på reality-TV eller å dra på Sognefjellet og bestille nye rulleski. Eg har levd mykje i uvisse. Det gjer eg framleis. Det er litt slitsamt, eigentleg.
– Folket kan bestemme
– Kor mange realitytilbod har du per i dag?
– Det er ganske mange. TV-bransjen håpar nok at eg gir meg, men elles er det veldig mange som har lyst til at eg skal fortsette. Så kanskje vi må lage ein poll eller noko sånt på NRK. Om eg seier at eg er folkets mann, så kan folket avgjere om vi skal ta eit år til, seier Emil Iversen.
Bør Emil Iversen satse vidare mot VM i Falun i 2027?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Han var nær ved å legge opp for eit år sidan, etter at han ikkje klarte å kvalifisere seg for VM på heimebane i Trondheim.
ANGRAR IKKJE: Emil Iversen fekk eit tilbod frå Johannes Høsflot Klæbo som han ikkje kunne seie nei til.
Foto: Ole Martin Wold / NTBSå fekk Iversen eit tilbod om å bli med på Johannes Høsflot Klæbos opplegg fram mot OL i Italia. Det kunne han ikkje seie nei til.
Etter ein sterk sesong kom han inn i den norske OL-troppen – som åttande og siste herrelangrennsløpar, og med status som ein slags reserve.
Det enda med stafettgull og femmilsbronse.
– Det blei jo nesten så bra som det kunne ha blitt til slutt, samanfattar han.
– Krasjlanda
Samtidig legg ikkje Iversen skjul på at det kosta.
– Det var ein veldig lang sesong fram til OL, og det starta med at eg er litt reserve i starten. Det er knallhardt å vere reserve og prøve å førebu seg så godt ein kan heile tida, utan å vite om ein skal gå, eller om ein berre skal stå og heie, seier han til NRK.
I GODT HUMØR: Det er ein blid Emil Iversen NRK intervju på videolenke.
Foto: NRKOgså tida etter OL har vore tøff.
– Eg krasjlanda med litt influensa då eg kom heim, så eg kom kjapt ned på jorda igjen, vil eg seie. Men det var kanskje både fortent og like greitt, seier Iversen.
Han gjekk glipp av verdscuphelgane i Falun, Lahti og Holmenkollen
Medan han førebur seg til verdscupfinale i Lake Placid denne veka, grublar han på vegen vidare.
Må ha ja frå Klæbo og kjærasten
Eit spørsmål er altså om den beste langrennsløparen i verda framleis ønsker å ha han som treningspartnar, men akkurat det treng ikkje Iversen bekymre seg for.
– Vi må ta ein runde på alt og summere opp, men eg trur både eg og Emil er ganske fornøgde med sesongen når vi skal summere opp, så det er ingen grunn til at vi ikkje skal halde fram med det, seier Klæbo til NRK.
Allereie før OL gav Iversen sin kjærast, Bettina Burud, høve til å legge ned veto mot vidare satsing.
– Eg har lese i NRK at ho stiller deg bak. Men så les eg at det skal avlast, det er ikkje måte på alt som skal skje framover, så det må gå opp alt saman. Så eg er veldig langt unna å kunne gi eit svar på akkurat det, seier Iversen.
Og legg til:
– Det er på godt og vondt, men det er litt irriterande at eg sit her no og ikkje veit det eingong, seier han med trykk på det.
ER ØNSKET: Medan Emil Iversen grublar, er Johannes Høsflot Klæbo tydeleg på at han er positiv til eit vidare samarbeid.
Foto: Lise Åserud / NTBNei til Northug
Noko som taler for vidare satsing, er at vegen til VM i Falun er atskilleg enklare enn vegen til OL i Val di Fiemme. I OL kunne Noreg stille med fire løparar på kvar distanse innanfor ein totalkvote på åtte løparar.
I Falun har Klæbo friplass som tittelforsvarar på alle individuelle løp, noko som gjer at Noreg kan stille med fem herrar i kvar øving. Den totale troppen kan bestå av 12 løparar.
– Det hjelper jo litt på. Men det er framleis berre tre medaljar på kvar øving, så eg må no ha motivasjon til å bli enda betre om eg skal gå på eit år til. Det blir ikkje eit år på Team Burger King, det kan eg vel seie, seier Iversen, og stenger dermed døra for ein overgang til Petter Northug sitt langløpslag.
DRAUM I OPPFYLLING: Emil Iversen set OL-bronsen på femmil høgare enn VM-gullet på same distanse i 2021.
Foto: Natacha PisarenkoOg så kan det altså også spele ei rolle kva folk flest meiner.
– Når ein har vore gjennom litt tøffe år, så verkar det som om det er mange som synest det er ekstra artig at ein kjem opp av grøfta. Det er mange som stoppar meg og seier akkurat det. Det betyr veldig mykje, seier Iversen, og fortel at kjente og ukjente kjem bort og gir han ein klem.
Likevel tar han det ikkje for gitt at NRKs avstemming endar med eit folkekrav om at han skal fortsette.
– Vi tar til oss feedback frå folket. Det kan hende at dei er leie òg. Det har vore mykje om meg i år, ja, i mange år. Så vi kan la han ligge der og vurdere meir etter det, seier langrennsprofilen.
Publisert 17.03.2026, kl. 05.22












English (US)