Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_7faa62d81c4060f3cd887c2391799462, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Erling Haaland (59): Spurt om å sponse nye tenner - NorwayToday

Erling Haaland (59): Spurt om å sponse nye tenner

1 hour ago 3


  • Erling Haaland (59) frå Kvitsøy og Martin Ødegaard (45) frå Nesodden har same namn som Norge sine store fotballheltar.
  • Navnebrødrene følgde intenst med på Norge sin siger over Brasil i VM.
  • Til tross for same namn som Norge sine største stjerner, har dei to ikkje fått tak i ei landslagsdrakt med namn på.
  • Begge får ofte e-postar eller telefonar frå folk som trur dei er fotballspelarane.

– Det er eg som er den ekte Erling Haaland, seier den tidlegare fotballspelaren med glimt i auget.

Han stilte som vanleg på jobben i Stavanger måndagen etter at Erling Haaland (25) sende Brasil og Neymar jr. gråtande heim til sambalandet.

Sjølvsagt hadde han følgt landslaget i Brasil-kampen i USA-VM med nerver i heilspenn.

Sjølvsagt vart han enno ein gong stolt over at Haaland stanga og skaut inn to mål som sende Norge vidare.

Han legg ikkje skjul på at det har vore nokre spesielle episodar på grunn av namnet hans.

Tenner i Tyrkia

Og at han er stolt av namnet sitt.

– Ja, klart det. Det er jo eit namn som er kjend over heile verda.

Også blant folk med dårlege tenner i Tyrkia.

– Eg får jo ein del e-postar og telefonar - frå folk som trur eg er den Erling Haaland. Det var ein frå Tyrkia som spurde om eg ikkje kunne sponse nye tenner til han og kona, fortel 59-åringen.

Tidlegare midstoppar

Erling er spesielt imponert over måten Erling dominerte på i duellen med Gabriel frå Brasil - rekna for å vere ein av verdas beste midtstopparar.

 Bjørn S. Delebekk / VGFØRSTE MÅLET: Måten Erling Haaland kom seg framom midstoppar Gabriel på - og tima opphopp og heading - imponerte den gamle midtstopparen Erling Haaland. Foto: Bjørn S. Delebekk / VG

– Søndag vart Gabriel berre ein liten gut mot Erling, samanliknar namnebroren.

For Erling Haaland (59) har vore midtstoppar sjølv. I Rogaland-fotballen.

– Kvifor vart du ikkje spiss som namnebroren litt lenger sør i fylket?

– Nei, eg hadde ikkje på langt nær dei eigenskapane som han. Men det vart ein ti-elleve mål i kvar sesong. Eg tok straffane våre. Der er me like, Erling og eg, svarar Haaland - stadig med smil og glede i røysta på jobben ein måndag. Men ikkje ein heilt vanleg måndag.

– Det vart seint på søndag. Me sat og såg kampen med nokre vener. Det vart sauna og grilling og god stemning sjølvsagt, skildrar Haaland.

 Bjørn S. Delebekk / VGSLO UT HÅRET: Erling Braut Haaland losna på hestehalen etter at han hadde sett inn to mål mot Brasil. Foto: Bjørn S. Delebekk / VG

Han kastar seg ut ein analyse om kor god namnebroren eigentleg er.

– Det er til å klype seg i armen av kva dei får til - både landslaget og Haaland. Det er så spesielt at vesle Norge skal ha ein spiss i verdstoppen. Det er eigentleg utenkjeleg for oss litt oppe i åra som hugsar at det stort sett var midstopparar og målvakter me hadde på landslaget før i tida. No er heile laget verdsklasse, men Erling er heilt spesiell. Han blir kalla for oksen. Sjå på farten, eksplosiviteten, målteften. Han er heilt unik som spiss og målscorar, seier Haaland om Haaland.

Bilde av Erling Haaland (59)Erling Haaland (59)

Leiar for Norce Ullrig testsenter, Stavanger

Bur på Kvitsøy i Ryfylke i Rogaland

– Du har skaffa deg landslagsdrakt med Haaland på ryggen?

– Nei, eg har ikkje det. Og det er litt fortvilande. Eg har vore inne i alt som er av butikkar. Men det er ingen som har. Alt er utseld. Eg har sett meg opp på ventelister og greier, men ikkje tale om, klagar Haaland.

– Det er ikke hjelp i at du sier kva du heiter, heller?

– Nei, diverre. Folk er jo heilt desperate etter å få tak i drakt. Eg trur mest eg må ta kontakt med Erling sjølv for å skaffe ei drakt, fleipar 59-åringen.

Trur du namna Erling, Martin og Ståle vil stige i popularitet på neste namnestatistikk?

aJa, spesielt Erling vil booste.bNeppe, er litt for trauste namn.cNei, men meir moderne namn som Julian (Ryerson), Antonio (Nusa), Oscar (Bobb) og Patrick (Berg)  vil få eit løft.

Frå Håland til Haaland

Han har alltid heitt Erling Haaland. Men den skarpe fotball-observatør vil hugse at landslagsspelar og pappaen til superspiss Haaland, tidlegare heitte Alf-Inge Håland - med Å.

 Bjørn S. Delebekk / VGHÅLAND MED Å: Bildet er frå ei landslagssamling i 1995. Då heitte Erling Braut Haaland sin pappa Alf-Inge Håland. Motstandar på trening før ein landskamp mot Malta, er Ole Bjørn Sundgot. Foto: Bjørn S. Delebekk / VG

Så skjedde det eit internasjonalt retta namneskifte i 2016 - då Alf-Inge Håland vart Alfie Haaland, og sonen Erling tok namnet Haaland - som han også tok patent på.

– Fotballfamilien Haaland skifta frå Å til dobbel A. Så det er eg som eigentleg er den ekte Erling Haaland, gliser Erling Haaland.

Byråkraten Martin Ødegaard

På Nesodden i Akershus bur Martin Ødegaard (45). Han er seniorrådgjevar i staten, nærmare bestemt i Direktoratet for byggkvalitet.

 PrivatBYRÅKRAT: Martin Ødegaard (45) bur på Nesodden og er glad for at namnebror og landslagskaptein Ødegaard ikkje er ein badboy. Foto: Privat

At han har same namn som landslagskapteinen frå Drammen, har han vore klar over lenge.

VG laga faktisk ei sak om han og andre namnebrødre då stortalentet Martin Ødegaard kom til Real Madrid som 16-åring.

– Stolt av å heite Martin Ødegaard etter sigeren mot Brasil?

– Eg har ikkje gjort så mykje for å få namnet mitt, då. Men, ja, det er jo moro. Så er eg glad for at Martin er både ein god fotballspelar og eit bra menneske. Han er ingen badboy, svarar Martin Ødegaard.

 VEGARD GRØTT / BildbyrånFØRETREKK MARTIN: Heller namnebror til den norske nummer 10 enn den brasilianske nummer 10, meiner Martin Ødegaard frå Nesodden. Foto: VEGARD GRØTT / Bildbyrån

Han legg til at det ikkje hadde vore så lett dersom namnet hans var Neymar eller andre han ikkje har sansen for.

Ingen trommis

– Har du drakt med namn på ryggen?

– Eg vurderte det. Men såg på Finn at det hadde kosta meg over ein tusenlapp. Men no må eg vel skaffe meg ei trøye, seier Ødegaard.

Han reknar seg sjølv som langt over middels fotballinteressert, og spelte på eit par Trondheimslag i oppveksten. Også tidvis som kaptein - som namnebroren frå Drammen. Men det hadde ikkje vore naturleg å ta stortromma og leie an i roinga - slik namnebroren har gjort tidlegare i VM.

Ingen trommeførar

– På ingen måte. Eg er forferdeleg umusikalsk. Eg slit med å halde rytmen berre med å banke to gonger på ei tromme. Alle skal vere glade for at eg korkje spelar fotball eller tromme no, flirer Ødegaard.

– Kva tenkjer du om denne roinga?

– Det har vel grodd litt på meg etter kvart. Nokre verkar jo å vere meir opptekne av roling enn fotball. Men eg vil ikkje framstå heilt humørlaus heller. Jau, det er gøy, kjem Martin Ødegaard fram til.

  • For ordens skuld: Martin Ødegaard (45) har også mellom- og etternamnet Nærum, men nyttar Martin Ødegaard i dagleg bruk.
  • Erling Haaland (59) har mellom-etternamnet Ydstebø - medan storscoraren og VM-helten heiter Braut - etter mor si.
Read Entire Article