Erstatningskrav etter naturskadar hopar seg opp: Jofrid er redd ho må senda dyr til slakt

2 months ago 21


– Det er kjempealvorleg og me er heilt fortvila. Viss eg ikkje får sauene til fjells, må eg i alle fall slakta dei som ikkje skal ha lam.

Jofrid Valen har 20 vinterfôra sauer, som kvar sommar går med lamma sine på beite i Folgefonna nasjonalpark i Vestland.

Totalt sender bønder i Valestrand i Sveio rundt 400 sauer på sommarbeite.

Men no er den einaste vegen opp øydelagd av flaum, etter at ekstremvêret «Jakob» herja i fjor haust.

Småbrukarar som Jofrid Valen treng bakkane heime til å hausta fôr til vinteren. Ho sjekkar no andre løysingar.

– Men det er ikkje mange andre alternativ. Å låna beite andre stader vil vera både kostnads- og arbeidskrevjande. I tillegg er det ein fare for at sauene vil tråkka ned gjerde og gå seg vekk på nye stader.

Jofrid Valen i Valevåg i Sveio driv eit småbruk med sauer

Jofrid Valen tok over familiegarden i Valevåg for rundt to år sidan. No har ho 20 vinterfôra sauer, og ønskjer å utvida.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Behandlar framleis søknader frå 2023

Flaumskadane på vegen ved Mosneselva i Åkrafjorden er ein av heile 1700 søknader om naturskadeerstatning som no har hopa seg opp hos Landbruksdirektoratet.

I 2023 kom det inn fem gonger så mange søknader som i eit normalår, på grunn av ekstremvêret «Hans».

– I ein «normalsituasjon» får me gjennomsnittleg 4-500 søknader per år, og desse blir vanlegvis behandla i løpet av 2-3 månader, ifølgje Grete Mari Sand, som er seksjonssjef for landbruks- og naturskadeerstatning i Landbruksdirektoratet.

Etterslepet er stort. Direktoratet behandlar no søknader som kom inn i første halvdel av november 2023.

VEGEN FORSVANN: Vegen som sauene går opp til sommarbeite, blei heilt øydelagd i uvêret Jakob. Nasjonalparken har gitt løyve til å filma med drone.

Magne Langåker

Og det er ingen som får snika i køen.

Direktoratet behandlar søknader i same rekkefølge som dei er mottekne hos oss. Denne praksisen blir strengt følgd og det er berre i heilt spesielle tilfelle at dette blir fråvike. Dette gjer me for å sikra alle søknader lik handtering, skriv dei til NRK.

Landbruksdirektoratet vil ikkje stilla til intervju om den konkrete saka i Folgefonna nasjonalpark.

Grunneigar og nasjonalpark krev fortgang

– Det verst tenkelege scenarioet er at dyr må slaktast, og at me ikkje får produsert mat. Det er trass alt matproduksjon dette handlar om, seier Egil Chr. Hoen.

Han er andre nestleiar i styret i Norges Bondelag.

– Det er ein heilt uhaldbar situasjon, legg han til.

Grunneigar Magne Langåker i Åkrafjorden seier vegen er meir utsett for skadeflaumar enn før.

– Det har skjedd tre gonger i historia før, med fleire tiårs mellomrom. Men no er det jo nesten årleg at elva skaper utfordringar for vegen.

Han har henta inn to tilbod for å få ordna vegen. Og sjølv om tida er knapp, meiner han det er mogleg å få gjort viss dei får snarleg svar om erstatning.

Ei løysing er å reetablera vegen. Ei anna er å laga ein ny veg opp gjennom steinura bak, med hjelp av sherpaer.

– Me hoppa fram i køen fordi bøndene er avhengige av denne vegen for beite og for å oppretthalda drifta, meiner Langåker.

Sauer på beite

Sauene til Jofrid Valen får seg lufteturar ut heile året, så lenge det ikkje er for kaldt og vindfullt.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Landbruks- og matdepartementet stadfestar at direktoratet ikkje har ei grunnbemanning for å handtera ekstraordinære situasjonar med så mange søknader som «Hans» medførte.

– Det er likevel gjennomført fleire tiltak for å få ned saksbehandlingstida og for å gjera det lettare for dei som er råka å dokumentera naturskaden i søknadsprosessen, skriv dei i ein e-post til NRK.

Sauer på beite opprettheld landskapet

Beiteområdet ligg i Folgefonna nasjonalpark, som strekker seg over 500 kvadratkilometer ved Hardangerfjorden og som blant anna rommar landets tredje største isbre.

I sør ligg Åkrafjorden, der nasjonalparken går heilt frå fjord til bre.

Kvar sommar blir rundt 400 sauer frå Valestrand i Sveio køyrde inn hit i lastebilar. Siste stykket over fjorden går med flåte, og vidare innover nasjonalparken til fots langs Mosneselva.

Sauer på veg til sommarbeite i Folgefonna nasjonalpark

Sauer frå Sveio på veg opp til sommarbeite i nasjonalparken. Biletet er teke eit tidlegare år.

Foto: Privat

Sauene er viktige for å halda landskapet ved like, noko som også er ein føresetnad for vernestatusen.

– Er det ikkje dyr på beite over tid, så vil det endra karakteren på landskapet. Me meiner det er viktig å få den stien på plass igjen så fort som mogleg, seier Sigrid Brattabø Handegard, som er leiar i nasjonalparkstyret.

Styret har søkt om 1,5 millionar kroner frå Miljødirektoratet, der ein del er tenkt til å utbetra denne vegen.

Handegard reagerer på at saksbehandlingstida for naturskadeerstatning i Landbruksdirektoratet er så lang, og vil no senda ei sterk oppmoding om at dei blir prioriterte med pengar i år.

Folgefonna nasjonalpark

Beiteområdet i Hjortedalen i Folgefonna nasjonalpark viser at sauene er med på å halda landskapet ved like.

Foto: Privat

Ser mørkare på framtida

Jofrid Valen tok over garden i Valevåg for rundt to år sidan.

I tillegg til å jobba som barneskulelærar, har ho no ansvar for 20 vinterfôra sauer. 15 av dei skal ha lam om få veker.

Ho ønskjer å utvida drifta, men ser mørkare på framtida etter at vegen til fjellbeitet forsvann med flaumen i fjor haust.

– Eg er veldig uroa for både sommaren og vidare drift på gardane. Eg fryktar at folk skal gi opp når det blir så vanskeleg, seier Valen.

– Me veit at kvar einaste dag blir eit gardsbruk lagt ned i Noreg. Samtidig vil regjeringa ha auka matforsyning i landet. Så då meiner eg styresmaktene må hjelpa oss som driv små gardsbruk her.

– Dei må jo gjera ei prioritering i dei sakene dei behandlar. Dette er levande dyr det er snakk om.

Publisert 18.02.2025, kl. 16.37

Read Entire Article