Hjartet av Nord-Darfur står for fall.
Fleire hundre tusen av barn er sperra inne i ein by der det knapt finst mat.
I over eit år har den ekstremt valdelege paramilitære hæren RSF sirkla inn Al-Fashir, og kutta forsyningslinjene éi etter éi.
Internasjonale hjelpeorganisasjonar har for lengst blitt tvungne til å trekke seg ut av byen.
– No et vi dyrefôr og søppel for å overleve. Det er det som er igjen her, seier journalisten Muammar Ibrahim.
Muammar Ibrahim
Dei siste vekene har han sendt talemeldingar til NRK, med lyden av bomber og skotsalver i bakgrunnen.
Trykk for å høyre:
Livet er vanskeleg og meiningslaust.
Den humanitære situasjonen er fullstendig ut av kontroll,
og det har i stor grad forverra krisa i Al-Fashir, den omleira byen.
Omleiringa av Al-Fashir starta i fjor, og har gjort heile byen til ei militær sone.
Den sudanske hæren (SAF) kjempar for å halde RSF unna det som har vore deira siste skanse i Darfur-regionen.
Dei to hærane er leia av to menn som ein gong skulle styre Sudan ilag. I staden har dei sendt landet ut i ein brutal borgarkrig som har rast i godt over to år.
Al-Fashir er ein av hovudbyane i Darfur, ein region vest i Sudan som har vore spesielt hardt ramma av den brutale borgarkrigen.
Begge partar, men særleg RSF, blir skulda for alvorlege brotsverk som seksuell vald, massedrap og tortur, viser rapportar frå mellom andre Human Rights Watch.
Siste skanse
I juli blei ein allereie katastrofal situasjon ennå meir desperat.
Då tok RSF full kontroll over flyktningleiren Zamzam, som var siste veg inn til Al-Fashir.
Det skjedde etter fleire månadar med brutale angrep mot leiren.
Etter at Zamzam fall, har Al-Fashir vore heilt isolert. Ibrahim skildrar den siste månaden som «kvelande».
Etter at alle byportene blei stengde, blei Zamzam-leiren det trygge området og eit inngangspunkt for varer.
Etter at leiren blei øydelagt og omleira, har RSF avskore byen totalt.
Ingen mat kjem fram til Al-Fashir.
Prisane på det vesle av mat som er å oppdrive, har skote i vêret. Sjukdommar utløyst av underernæring spreiar seg, og fleire dør av svolt.
Matsikkerheitsorganisasjonen IPC åtvarar om at svolten i Al-Fashir-området har blitt så alvorleg at området har nådd det høgste nivået på FN sin mattryggleiksskala – «IPC fase 5», som betyr svoltkatastrofe.
– RSF bruker svolt som våpen. Eg veit heilt ærleg ikkje kor mykje lenger vi overlever, seier ein lege som jobbar på det siste operative sjukehuset i Al-Fashir.
Han er anonymisert fordi RSF går målretta etter folk som uttaler seg til media.
Proxy-krig
– Situasjonen er verre enn katastrofal. Al-Fashir har blitt eit helvete, seier Munzoul Assal.
Han bur for tida i Bergen, der han forskar på intern fordriving, flyktningar og fredsbygging ved Christian Michelsens Institutt.
Men han er frå i Al-Fashir, og familien hans bur der framleis.
Munzoul Assal
Seniorforskar ved CMI, tidlegare professor ved Universitetet i Khartoum
– Innblandinga frå andre land har gjort krigen meir brutal og langvarig. Eg greier ikkje sjå føre meg at partane blir tvungne til fred når dei begge har så sterke aktørar i ryggen, seier Assal.
Egypt, Iran, Russland, golfstatane og Kina, med fleire. Sudan er fanga i eit nett av internasjonale og regionale aktørar som støtter militært og økonomisk langs motstridande linjer.
Dei har alle sine eigne agendaer, ikkje minst fordi Sudan er rikt på naturressursar.
At RSF har erklært ei alternativ regjering i staden for å forhandle om våpenkvile med den noverande regjeringa, gjer vondt verre.
– Eg er redd det går med Sudan som det gjekk med Libya, seier han.
Skjebnen til Al-Fashir er ikkje unik. Fleire plassar i Sudan er i same situasjon.
– Men om byen fell fullstendig, blir det eit stort symbolsk tap for regjeringshæren.
Vil fortelje
Ibrahim kan ikkje forlate Al-Fashir, først og fremst fordi det er ekstremt farleg å prøve.
– Som journalist er eg spesielt utsett for målretta forfølging frå RSF, seier han.
RSF forbyr all filming inne i byen. Likevel forsøker han å dokumentere det som skjer.
Eit bilde som Muammar Ibrahim tok i mars viser ein av mange sjølvlaga bunkerar som sivile har grave i Al-Fashir. Dei er den einaste plassen dei kan gøyme seg frå bombene.
Foto: MUAMMAR IBRAHIM / AFP / NTBHan bruker solcellepanel og ein inverter for å lade laptopen som han skriv reportasjar på. Med hjelp frå satellittar kommuniserer han med omverda på internett.
– Døden ventar på folk i Al-Fashir kvar morgon og kveld, og verda må ta det på alvor. Dette er sivile som ikkje har noko med denne krigen å gjere, seier han.
Publisert 10.08.2025, kl. 21.37