– Eg ønsker å få klarleik i om regelverket blir følgt opp av UDI, gitt det låge returtalet, seier justispolitisk talsperson Bent-Joacim Bentzen (Sp) til NRK.
Han viser til den kraftige auken i innkomstar den siste tida, og at UDI har opplyst at berre fire ukrainarar med avslag har reist tilbake gjennom assistert retur.
Stor auke i innkomstar
Senterpartiet meiner regjeringa har mista kontrollen over innkomstane frå Ukraina.
No stiller partiet spørsmål ved om UDI praktiserer regelverket for kollektiv beskyttelse slik det er vedtatt.
Førre veke søkte 615 ukrainarar om kollektiv beskyttelse i Noreg, ifølge UDI.
Det er det høgaste talet sidan september i fjor.
Justispolitisk talsperson i Senterpartiet, Bent-Joacim Bentzen
Foto: Petter StrømPå få veker har tal på innkomne sjudobla seg, frå 87 søknader i august til over 600 i oktober, viser tal frå UDI.
Fleirtalet er unge menn mellom 18 til 22 år som har reist til Noreg etter at landet oppheva utreiseforbodet i august.
Bentzen meiner utviklinga kan få alvorlege konsekvensar for norske kommunar.
– Vi må spørje oss om vi kjem til å tole dette presset over tid. Rundt 100.000 ukrainarar har allereie kome til Noreg. Det påverkar både skule, helse og andre velferdstenester.
Senterpartiet meiner kommunane står i ein krevjande situasjon.
– Dei lever på vatn og brød. Det går utover både dei som kjem og dei som bur her frå før. Eg fryktar konsekvensane for velferdstilbodet dersom innkomstane held fram i dette tempoet.
Arbeidsminister Kjersti Stenseng (Ap) seier regjeringa følger utviklinga nøye.
– Vi skal ikkje ta imot fleire enn det kommunane har kapasitet til, og legg til:
– Kommunane har gjort ein enorm innsats dei siste åra.
Berre fire har fått assistert retur
I fjor blei regelverket for kollektiv beskyttelse stramma inn.
Personar som kjem frå område i Ukraina som UDI vurderer som trygge, får ikkje lenger automatisk opphald, men må få søknaden vurdert etter dei ordinære asylreglane.
Trass i innstramminga i regelverket, som skulle sikre at personar frå trygge område ikkje automatisk får opphald, er det få som har reist tilbake.
Ifølge UDI har berre fire personar reist tilbake til Ukraina gjennom ordninga for assistert retur sidan 2022.
Alle var einslege mindreårige asylsøkarar som fekk avslag.
UDI opplyser at dei fleste som får avslag, reiser frivillig ut av landet utan støtte, men at det ikkje finst ei samla oversikt over kor mange det faktisk gjeld.
Dermed omfattar talet på fire berre dei som har fått økonomisk hjelp til retur, ikkje alle som faktisk har reist.
Politiet på si side har registrert 13 personar som er sendt direkte tilbake til Ukraina sidan 2022.
I tillegg har politiet gjennomført om lag 750 uttransporteringar av ukrainske borgarar til andre land i Europa i perioden 2023 til august 2025, viser tal frå deira nettside.
UNE: To tredelar av klagesaker frå trygge område
Sidan mars 2022 har UDI mottatt over 97.000 søknader om kollektiv beskyttelse. Av desse har 94.000 fått opphald, det utgjer 97 prosent.
Senterpartiet meiner det er urovekkande at så få blir returnert, og stiller spørsmål ved om UDI praktiserer regelverket slik det er vedtatt.
– Eg er bekymra for at regelverket som er etablert, ikkje blir følgt opp tilstrekkeleg, seier Bentzen.
Han varslar at han vil utfordre justisministeren på dette.
Wenche Fone, direktør for UDI Beskyttelse, skriv i ein e-post til NRK at dei fleste ukrainarar som får avslag reiser ut av landet på eiga hand.
– Dei få personane som har reist med assistert retur, er altså berre ein liten del av bildet, seier ho.
Wenche Fone, direktør for UDI Beskyttelse.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBHo understrekar at UDIs oppgåve er å vurdere om dei som kjem har krav på beskyttelse. Dei som får avslag, blir pålagt å forlate Noreg.
Utlendingsnemnda (UNE) behandlar klager på vedtak frå UDI.
UNE opplyser at dei har behandla rundt 50 ordinære asylsaker der retur til Ukraina er vurdert.
Ifølge etaten gjeld om lag to tredelar av desse personar frå dei fylka som norske styresmakter har definert som trygge.
UNE opplyser til NRK at dei har vore einige med UDI i tryggleiksvurderingane i dei sakene der retur har vore tema.
Justisdepartementet: Dei fleste reiser frivillig
Statssekretær Joakim Øren (Ap) meiner den låge bruken av assistert retur skuldast at dei fleste reiser frivillig.
– Dei som ikkje får opphald i Noreg, må forlate landet, og det gjer dei aller fleste. Men om dei reiser tilbake til Ukraina eller til andre land i Europa, det har vi ikkje oversikt over.
Statssekretær Joakim Øren (Ap) meiner situasjonen er under kontroll.
Foto: Tom Ivar ØverliePå kritikken frå Senterpartiet svarar Øren at han har tillit til UDI.
– Utlendingsmyndigheitene har god oversikt over situasjonen i Ukraina. Det er difor UDI sist i januar utvida lista over trygge område i Ukraina, seier Øren.
NRK har også spurt om vurderingar av tvangsretur eller tilbakekalling av opphald for dei som ikkje har vernebehov.
– Så langt er det ingen som har fått asyl frå dei trygge områda, seier han.
UDI har tidlegare opplyst til NRK at det er rundt 100.000 ukrainarar i Noreg.
Publisert 10.10.2025, kl. 07.16